5 visste du at:

2. februar 2016

1.

Du kan søke ledsagerbevis når du har born med funksjonshemming .

Info om ledsagerbevis finn du her:

https://helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunen/ledsagerbevis

Ta kontakt med di eiga kommune for å høyre kva aldersgrense det finnast i di kommune for utsteding av ledsagerbevis, det er litt forskjellig.

2.

Du kan få bleier på blå resept etter ein viss alder, ta kontakt med fastlegen din om bornet ditt ikkje klarar å slutte med bleier etter det som er forventa at det skal gjere sammenligna med andre born på same alder. Her er det sjølvsagt individuelle forskjellar, men ein må bruke skjønn.»

3.

Har bornet ditt funksjonhemming kan du rett på utvida omsorgsdagar frå NAV. https://www.nav.no/no/Person/Familie/Sykdom+i+familien/omsorgspenger#chapter-1

 

4.

Får ikkje bornet ditt sove? Ta kontakt med fastlegen, det finnast hjelp!

Eg skreiv eit blogginnlegg om melatonin i vår, det finn du her:

http://paarandenmedragne.no/2015/04/08/sovn-vanskar-og-melatonin/

5.

Barnet ditt kan ha rett på ein Individuell Plan (IP),koordinator og ansvarsgruppe for å sikre vegen til eit verdig liv.

Ofte må man søke kommuna om ein IP- hos oss måtte ein i alle fall det, og ein blir då tildelt ein koordinator.

Kven som sit i ansvarsgruppa er litt opp til kva behov bornet har, og kva instansar som er inne rundt bornet, men ansvarsgruppe og IP er viktige arbeidsverktøy i framdrifta rundt eit born med funksjonshemmig. https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/rehabilitering-habilitering-individuell-plan-og-koordinator/seksjon?Tittel=om-individuell-plan-og-8179

Det her er ein pitte pitte liten del av ein kjempe stor jungel som alle skulle vore kursa i, men som ingen fortelje deg om dessverre.

Nokre er heldige, dei fleste sit der og føle dei har dette rett ned frå månen!

Eg legg ved ein link frå Autismeforeninen i Norge, ei god handbok å ha med på vegen mellom paragrafar og reglar :):

http://autismeforeningen.no/tema/rettigheter/jungelhandboka-2015.html

Den kjem nok revidert i 2016, men den er nok til hjelp alikevel 🙂

Lykke til i jungelen!

blogg 27 september

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Siri

    Nyttig informasjon. Vi har vært heldige med BUP som har veiledet oss hele veien om rettigheter etc. På deres initiativ oppretter skolen nå en ansvarsgruppe med helsesøster som koordinator. Men vi tenker på å søke om ledsagerbevis – og støttekontakt. Så all info er nyttig info…

    Klem