«Gjennomgripande»-ordet som seier så mykje.

3. februar 2016

Autisme er ein «medfødt gjennomgripande utviklings forstyrring».

Om ein har Asperger syndrom ,A-typisk autisme eller infantil autisme (barneautisme), så er det ein ting til felles for dei alle : Tilstanden er «gjennomgripande»

Gjennomgripande i den formeining at autismen grip inn i alt ein gjere.

ALT.

18 mars 3

Kvifor tek vi ikkje meir utgangspunkt i ordet «gjennomgripande» når vi skal forklare utfordringane vi har rundt autisme?

Det er jo eit kjempebra ord!

Kva tenkjer du når du høyrer ordet « gjennomgripande»?

Smak litt på det, la det synke litt inn, tenk på det ei lita stund, også prøv å sjå for deg noko, lag deg opp  ei meining.

Eg ser fyrst og fremst omfattande.

Det er det fyrste som dett inn i mitt hovud.

Fordi «gjennomgripande» er eit stort ord som rommer mykje, det gir ikkje berre ei meining.

Det andre som og fell inn i mitt hovud er utfordring.

«Gjennomgripande» er utfordrande FORDI det er omfattande!

Her trengs det med andre ord mykje kompetanse på forskjellige plan, det er ikkje berre å eit område ein må favne om.

Eg tenkjer og at sida eg allereie har tenkt at «gjennomgripande» rommer utfordrande og omfattande ,så må det og  vere individuelt.

Vi snakkar fortid, no tid og overskueleg framtid for å setje det litt på spissen.

blogg 18 mars 2

I mange tilfelle har det dessverre enda i ei ekstrem notid, då fortida er blitt eit salig kaos der «gjennomgripande» ikkje har blitt tatt hensyn til.

Dermed er det notid og den overskuelege framtida ,ilag med den «gjennomgripande» tilstanden ,som plutseleg no ER tatt hensyn til, blitt ein ganske så ekstrem oppleving.

Unødvendig!

Ordet «gjennomgripande» bør utløyse ei forståing.

Ikkje nødvendigvis ei forståing av kva tiltak som må inn, det kan godt vere at det må vurderast innan for dei forskjellige profesjonane, men det BØR ringe ei bjelle når mamma og pappa kjem med sin håpefulle etter endt diagnostisering, og treng hjelp, støtte og godt mulig veiledning til sin håpefulle med ein «medfødt gjennomgripande utviklingsfortyrring»- altså ei  autismespekterforstyrring.

Og den bjella bør ikkje foreldra måtte ringe i, den bør systemet ringe i sjølv, såpass at ein i alle fall blir henvist dit ein kan få hjelp,

Her vil eg spesielt trekke fram Asperger syndrom!! Med STORE bokstavar!

«Medfødt gjennomgripande utviklingsforstyrring» – igjen- ingen autisme light.

«Gjennomgripande» i alle ledd- også dei med AS.

Det bør også utløyse ei forståing for behovet til familiane, til syskjena ikkje minst, og til vala familiane med autisme i heimane vel å gjere for å få kvardagen sin til å gå i hop.

blogg 24 feb

At det gjerast av ein grunn, der «gjennomgripande» også har noko det skulle ha sagt, i somme situasjonar med stor vekt.

Gradane av autisme er forskjellige, utfordringane er individuelle, navna er forskjellige, men felles for dei alle er at dei er MEDFØDT og GJENNOMGRIPANDE.

 

Kanskje det ringe ei bjelle no?

blogg 15 desember 1

 

<3<3 Ragne Beate