Toalettet- kan vere ei kjempeutfordring

6. februar 2016

Verdens kreftdag var tidligare i veka, og fokuset var på tarm kreft.

Deira fokus var at ein ofte kjem seg for seint til lege fordi det er tabu å snakke om snakke om bæsj, avføring, tarm, slim og problem rundt det som går omgår «nr 2».

Alt som har med det som kjem ut som «nr 2» er vanskelig å snakke om, og ergo vegre folk seg for å ta kontakt for å få hjelp.

For foreldre som har born med autisme er ikkje problem med «nr 2» eit ukjend fenomen, ikkje i forhold til kreft bekymring, men i forhold til tabu.

Og det er somoftast heile toalettsituasjonen som er problemet, og dermed trøbbel med både «bimmelim og bommelom».

blogg 6 feb 1

Og det her er ikkje ein lett situasjon, det skal eg berre fortelje dykk!

Og med det i mente er dette et vanskelig blogginnlegg å skrive for en ting er heilt sikkert, og må gjerast klinkande klart med ein gong.

Eg har ikkje kompetanse på utfordringar med doproblematikk med born med autismespekterforstyrringar, utover den erfaringa eg sjølv har hatt med mine eigne.

Og dei kjem eg ikkje til å utbrodere noko volsomt her, av hensyn til mine born, men vil kome med litt eksempel.

Poenget med blogginnlegget er å synliggjøre for foreldre som kanskje sit rundt omkring i Noregs land og fortvile og kjenne seg kjempealeine at du IKKJE er aleine om utfordringa.

Og ein peikefinger til dei som drive å pushe, som ikkje har kompetanse på det her men som meine at «det er då berre å slutte med bleiene altså-HALLO», eller «Å gå på do er ikkje eit problem», eller « vi MÅ lære å tørke oss sjølv i den alderen» og trur at her er det alltid foreldra som ikkje tar sitt ansvar.

Det er ikkje så enkelt.

Det er slett ikkje så enkelt.

blogg 19 juni 2

Og det er heller ikkje så enkelt å snakke om med andre heller!

For å seie det sånn, det fell ikkje naturleg å ta opp bornet ditt sin do problematikk over kaffikoppen hos naboen liksom!

Mi erfaring er at problemet kan vere komplekst.

Stress  har spelt mykje inn, stress har skuld i forferdeleg mykje skjit!

Redsel, usikkerheit og i verste tilfelle angst er også faktorar som spelar inn.

Redsel for å gå på do på framande plassar, usikkerhet for korleis det fungerar på det aktuelle toalettet, korleis lyden er når ein trekk ned på do, om ringen er kald eller smålunken (les: Har det vore nokon der for VELDIG kort tid sidan?) om doen luktar,om såpa luktar, om det står nokon utanfor når du opne døra, og sist men aldeles ikkje minst:

Finnast der ein udugeleg handtørkar der inne? Den der møkkatingen som bles og bråkar???!!!???

Nei, tør ikkje gå på do!!!!

blogg 13 mai 2

Mange har det og slik på skulen, difor er det ofte do det viktigaste rommet ein besøke ved ein overgong frå ein skule til ein annan.

Ikkje kantina, klasserommet eller rektors kontor-men DO!

Mykje av desse tinga over kan trenast, men det må akkurat det, trenast, og frykta er reel, dei er redde.

Det må vi ta på alvor- og ikkje møte dei med: SKJERP DEG!

Toalett vegring er noko anna, det skal eg ikkje gå inn på, da eg ikkje har kompetanse i det heile på å skrive om det ,eg vil berre nemne det.

Her trengs det fagfolk, gode fagfolk.

Fagfolk som tar for seg kvar og ein sak, for ingen er lik, alle er individuell.

Akkurat likt som det er individuelt når eit born sluttar med bleier, er klar for å bruke toalettet, er moden og sjølvstendig nok til å gjere hygiena på badet sjølv.

Det går på modenhet, ikkje på alder.

Alder er berre eit tall- same som autismediagnose berre er ein peikepinn på utfordinga- ikkje definisjonen på bornet i seg sjølv.

Som  eg skreiv tidligare, bleier kan ein få på blå resept, same med kladdar og utstyr til senger.

Hjelpemiddelsentralsen har hjelpemiddel til hjelp ved sengevæting, ein kan ta kontakt med ergoterapeut i kommuna der du bur om ein treng veiledning på slikt.

Og ikkje tenk at du er åleine, for det er du ikkje!

Tabuet er ikkje så tabu eigentleg-  berre du treff rett person <3

blogg div 10

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Randi Tyvold

    Noen har null problem med slikt hele livet , men så vips , kan det dukke opp, som voksen mann eller kvinne – i 20,30 årene. Det er alltid «noe» som er vanskelig… en utfordring som man kan ha noen år, som slutter – og så starter en ny «greie». Oppfinnsomheten er stor, og blir ofte drevet av angsten….. Angsten, er jo der alltid…

  • camilla

    Ja de håndtørkeapparatene har skapt mye problemer for oss. Typisk på offentlig toalett er jeg enten inne på doen sammen med min snart 10 åring, ellers så står jeg med foten innenfor døren mens jeg konstant prater slik at hun vet jeg er her. …. Ikke farlig – ikke farlig bare noen som skal tørke hendene sine…..