Då Snoopy velta helga

7. februar 2016

God kveld alle saman! Håper helga har vore fin:)

Her gjere vi oss no klare til siste veke før 10 dagar med vinterferie, papsen skal ei veke til på jobb, no har han vore vekke snart 6 veke på rad, så det skal bli godt å få han heim på fri i 2 veker til neste helg.

blogg 22 des 1

Facebook har ei sånn fin linje som står oppe i  publiserings feltet, der står det:

«Kva tenkjer du på?»

Jo, veit det kva eg tenkjer på? Eg tenkjer på at eg har brukt store deler av livet mitt denne helga til å leite etter ein kvit papp bit på ca, skal vi seie, 8 cm høg, 6 cm brei og med bilete av Snoopy på.

blogg 7 feb 1

Han forsvann sporlaus rundt klokka 1400 laurdag ettermiddag, sist sett på eit papp fly, flygande gjennom stova vår i rundt 2.75 km/t, saman med ei gut som laga rette lyden, frå filmen om Snoopy og Charlie Brown.

blogg 7 feb 2

Men som sagt, ein eller annan gong, på vegen frå eine sofaen og kjøkkenet, forlet Snoopy sin post.

Og krisa var eit faktum.

Eg har aldri opplev born som er så glad i tinga sine som tvillingane er.

Jakob er ikkje slik.

Ikkje at han ikkje er glad i tinga sine, for det er han, men han taklar at ting skjer med dei, han taklar at ting kan bli borte, eller øydelagt.

Han kan bli lei seg, såra, til og med sint der og då- men det går fort over.

Slik er ikkje Georg og Laurits.

På lik linje med teikningar som eg har skrive om før så er tinga dei får noko dei er så glade i! Og som ingen verken må røre eller flytte på, eller gud forby øydelegge!

Og verdi betyr ingenting, om noko kostar 5 kroner eller 5000  kroner har ingenting å seie, så lenge det er deira, vert det verna om.

Og dei hugsar.

Eg  kasta ein øydelagt transformers i fjor- eg er endå ikkje tilgitt!

blogg 29 mai 4

Men tilbake til Snoopy.

Her var det jo berre å sende ut rescueteam, her ved løytnant pappa, med støvsugar, kaptein mamma med lommelykt og langkost, og vi endevendte heile stua, sofaer, under tepper, de anar ikkje, det var tett før vi ikkje skrudde frå listene i desperasjon.

Men Snoopy er og blir borte!

Eg kan bare ikkje fatte og begripe kor den papirdotten har gjort av seg!

Nei, det har rett og slett vore trasig!

Guten har vore fortvila og lei seg, same har mora vore og, også over eit papir!

Men, sånn er det når ein lev i ei verd der heilskap er viktigast av alt, og når noko forsvinn, noko dett bort, når det ikkje er heilt lenger, så er det feil!

Så lite skal til!

Og det er vondt for meg som mor å få påminninga om kor skjørt det er,kor lite som skal til for å vippe gutane mine av pinnen, det set ting i perspektiv.

Vi klarte tilslutt å lage ein ny Snoopy som gjekk igjennom nålauget som «vikar» fram til måndag, under lovnad om at mamma skal gå på Notabene og sjekke ut om vi ikkje kan finne klistremerke i same sorten som på bilete.

blogg 7 feb 4

Eg vant ikkje i lotto på laurdag.

 

No syns eg at eg kan ha litt flax!

 

<3<3 Ragne Beate