«Mobilhotell»- suksess eller krise?

8. februar 2016

Fleire og fleire skular innføre no mobilhotell, som Ål skule, her referert i Dagbladet i ein gammel sak frå 1 juni i fjor:

http://www.dagbladet.no/2015/06/01/nyheter/skole/hotell/mobil/mobilfri/39447810/

Tek den berre med for å vise kva eit mobil hotell er.

Meininga bak eit mobilhotell er i utgangspunktet god. Det skal ta fokuset vekk frå sosiale mediar i skuletida, gjere skulekvardagen meir sosial blant elevane, og elevane skal føle seg trygge, og heller ikkje bli utsette for situasjonar der dei vert teken bilete av eller filma.

Mobilen har og i det siste fått eit sikkeleg fyfy stempel.

Den tek både tida frå ammande mødre og strikkande bestemødre etter det vi les frå media.

Alt det her er vel og bra.

Men, no har det seg slik, at det som er rett for nokon er ikkje alltid rett for alle, og i skule Noreg så finnast det masse elevar som er heilt AVHENGIG av mobiltelefonen sin, for å i det heile tatt klare å strukturere skulekvardagen sin.

Og kva gjere så dei?

Når deira hjelpemiddel ligg trygt oppbevart i ei trekasse, og ikkje der den skal vere, til nytte for brukaren?

Sjå på dette biletet, kva ser de?To mobilar?

blogg 8 feb 1

Den eine mobilen er min eigen,den svarte nederst i bilete, den andre er ein Handi 5 frå Hjelpemiddel sentralen.

Ein digital dagsplan som eg no skal bruke vinterferien min til å lese meg opp på, og som eg etterpå skal lære mine gutar opp til å bruke.

Denne Handi 5,er ein vanleg Samsung Notebook Telefon, (som ein kan både ringe og sende sms med om ein har i sim kort), har eit anna system i seg enn andre telefonar, slik at det blir det hjelpemiddelet vi har tenkt å bruke til våre born.

Ikkje eit koseverkty for Snapchat eller twitter, men eit elektronisk brett for strukturering , trygging, og forhåpentlegvis hjelpe på  ein elles så tidvis kaotisk kvardag for dei.

Men- det er ein mobiltelefon like fullt.

Eg har ei kjempekjekk venninne som heiter Helga, og ho har ein fantastisk gut som heiter Oskar Daniel som har autisme. (Eg har sjølvsagt fått lov til å skrive om dei )

Helga har i alle dei år systematisert livet til Oskar Daniel via kalendar funksjonen på Google.

Tenk så enkelt!

Lagt inn dagsplan, synkronisert med guten sin telefon, og good to go!

Alle endringar som har komt undervegs, har raskt vore plotta inn, slik at ein på den måten  heile vegen har vore i forkant.

Oskar Daniel si trygging er denne sikringa, denne kalendaren, som han til ei kvar tid bere med seg.

Og, ikkje minst, null stigmatisering!

blogg 24 sept 2

Eg trur omtrent alle har ein mobil telefon no, og å trykke på ein mobil telefon er heilt normalt.

Og, om ein sjekke Facebook, eller om ein sjekke kva bøker ein skal ha, kven ein skal ha til lærar i neste time, kvar ein skal vere og kva fag ein skal ha, det legg vel ingen seg oppi , gjere ein vel?

I tillegg er det godt å kunne skjerme seg med musikk mellom øktene. Både born med autisme og ADHD brukar ofte musikk som avkobling, og nokre brukar og headset med bose.

Eg veit om ein gut som hadde bose på hovudet med leidning ned til mobilen men aldri musikk på.

Han var så sansevar på skulen at han makta ikkje skulekvardagen sin om han ikkje fekk ha på bose i friminutta, og ved at han hadde leidninga til mobilen, trudde alle at han hørte på musikk, og ingen reagerte.

Han trengte ikkje grupperom eller skjermingsrom, trivdes godt i klasserommet han, berre han fekk ha på bosen sin. Han skilde seg ikkje ut med mobilen i handa.

Du skil deg ikkje ut med mobil eller Handi5 som hjelpemiddel- men du skil deg ut den dagen det hjelpemiddelet du treng ligg i eit mobilhotell, og di verd går totalt i grus!

Fordi skulen du går på har bestemt at alle no skal vere sosial.

Eller kan dei få lov til å ha Handi 5 planleggaren sin? Eller telefonen?

Dei som treng det? Om det dokumenterast godt nok at det er behov?

Vil ein klassekamerat klare å skilje? Vil han skjøne at den eleven MÅ ha? Eller at jenta på andre rad ikkje klare seg utan? Vil læraren ha innsikt og forståing nok for problematikken til å skjøne at dette hjelpemiddelet IKKJE må gå i mobilhotellet?

blogg 20 mars 1

Og om berre dei får behalde- kven lyser det annerleis av då?

Som de skjønar, eg er ingen fan av mobilhotell, eg skjønar veldig godt tankegongen bak den , men for born som treng hjelp med det sosiale, så tar man vekk eit viktig, og lettfatteleg hjelpemiddel i kvardagen.

Det enklaste er som oftast det beste- lat elevane får bruke det enklaste hjelpemiddelet som finnast.

 

<3<3 Ragne Beate