«På Randen med Ragne»-eit år på verdsveven :)

9. februar 2016

Tenk, eit heilt år har gått sida mitt fyrste innlegg, og den spede byrjing på noko som skulle vise seg å bli ei spennande, men og krevjande reise.

Men, mest av alt har det her vore ei interessant og kjekk oppleving!

Formidling av autisme og ADHD har gitt meg mykje å gruble på undervegs, mange problemstillingar har og dukka opp i kjølvatnet, som kanskje ikkje har angått sjølve AS Larsen direkte, men som ein lesar har påpeika, eller sendt meg melding om.

Her igjen speiler autisme seg i vatnet, individuelt!

blogg 27 pril 3

Tenk kor langt vi kunne ha komen, og kor mykje problem som kunne vore unngått om dei rundt oss såg det.

Hjelpeapparat og skulesystem.

At diagnose berre er ein peikepinn- at eg, personen meg, korleis eg fungere, må vere utgangspunktet for den oppfyljinga eg treng og må ha.

Og same hos oss foreldre.

Vi har og lett for å samanligne oss.

Den får sånn og den får slik, og kvifor treng den det, når ikkje vi får sånn.

Slik er vi bygde.

Misunning?

Eg trur ikkje alltid det, eg trur heller det er ein desperasjon vi går med alle, får å prøve å verne om det som er vårt.

Når ein oppleve  å møte motbør heile vegen, kjempe, jobbe, kave, samtidig som vi må jobbe mot ei sorg som tidvis kan vere svært tung å bære!

Også gløyme vi at vi kjem med forskjellige forutsetingar. For nokon fell eit liv med eit annerleis born greitt, mens hos andre vert verda riven bort under føtene på dei.

Begge deler er ok, og vi må ha takhøgde for begge, også i sosiale medie.

Husk, vi er aldri så svak som når vi kjenne oss aleine, den kjensla er verst!

Blogg 12 april 2

Autisme er i vinden som aldri før, Tv seriar som «Broen» og «Modus» har autisme som sterkt medvirkande innslag, og det kjem meir og meir om autisme i media, både gode og dårlige fortellingar.

FLOTT!

Vi treng fokus på begge deler!

Vi treng glad saker som avisoppslaget om Kasper og Aleksander som ser verda på ein heilt unik måte men som elsker hockey og er med:):):)

http://solabladet.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=12881

Og vi treng saker som saken om Matteus, der mamma Helene tok skjeia i eiga hand då Matteus fekk avslag på skuleplass på spesialskule mens ordføraren skulle på studietur til Brussel til en verdi av fleire 100000 tusen.

http://www.nrk.no/telemark/matteus-_5_-fikk-ordforeren-til-a-avlyse-studietur-1.12791421

(lånt frå bloggen «ossplussautisme»)

Begge sakene er like viktige!

For begge speiler ein kvardag til foreldre som  har born med utfordring, glede, stolthet, kampar og sorg.

I ei verd vi ikkje fullt ut forstår <3

blogg 29 mars 3

På Randen med Ragne startar no på sitt andre år.

Eg skal forsette å skrive, så lenge eg syntes det er kjekt, så lenge eg føle eg har noko å bidra meg, og så lenge eg føle eg når utJ

Føredrags forespørslane kjem, eg stille om eg kan, og om litt dukke vi opp i media igjen og 😉

Vil du vere med, så heng på <3

blogg 9 feb 1

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

  • Marit

    Gratulerer med jubileet, og takk for at du skriver! Selv om dine gutter har helt andre utfordringer og styrker enn min har, er det likevel mye kjent som gir grobunn for refleksjoner og læring og latter og det meste. Takk!

  • Helga Iren

    Tenk det då Ragne, eitt år, eitt heilt år 🙂 og det blir heilt sikkert fleire…
    Gratulere med dagen, skulle fått ei gåve, kanskje det kjem
    Tusen takk for at du skrive, og delar, og engasjera ikkje minst. Keep up the good work 🙂

  • Gunn

    Gratulerer med første året. Håper inderlig at lysta og iveren din ikkje minkar dei første 10 – 50 åra
    😀