Ole Brumm møter «Kampen om tungtvannet»

10. februar 2016

I går kveld hadde eg ein sjeldan telefonsamtale med ein av mine beste venninner.

Det er jo helt hårreisande, born i same klasse har vi og alt, men tida strekk liksom ikkje til, og vi lev i kvar vår verd.

Ho i ein hektisk kvardag med mann og born, nestan full jobb, fritidsaktivitetar, lekser, syiing i hop for å få det til å klaffe med alle saman.

Eg på mi side med mine gutar, aleine halve tida, møter, reising, tilretteleggjing, strukturering, trening og  brannslukking.

«kva har du gjort på i kveld?» spurte eg då eg ringte.

«Eg har sett Ole Brumm med ongane» svara venninna mi

«Du då?» spurte ho.

«Vi er akkurat ferdig med dokumentaren «kampen om tungtvannet» vi» svara eg.

Då lo venninna mi godt!

Eg er heldig som har slike! Som ser vår «galskap og facinasjon»  for ting som ingen andre på 8 år ville finne på å henge seg oppi, for det det er, nettopp ein facinasjon og ei «hangups»-særeigenhet.

Og at det berre er ein del av vårt liv, og må vere sånn.

blogg 8 nov 3

Vi fant den her på NRK nett, som var tillatt for alle 🙂

https://tv.nrk.no/program/mktf04001714/krigens-beste-historie-kampen-om-tungtvannet

(om nokon plutselig skulle få akutt behov for å friske opp kunnskapane sine, her i huset kjem dei titt og ofte om dagen)

For de skjønar, vi er no tuna inn på 2 verdskrig. Fakta om 2 verdskrig. Og då er det ikkje berre å skru av søkemotoren i hovuda på gutta boys og seie at det her, det bryr vi oss ikkje noko om.

Det er ikkje ein foreldrekontroll i verda som dei ikkje klare å overstyre for å få tak i den informasjonen dei vil ha.

For dei vil ha tørre fakta!

Når vart «Blucher» bygd, i kva land, kva rute gjekk båten mot Noreg, kven møtte dei, kven skaut den fyrste raketten eller kva det no enn var dei fyrte laust.

Eg klare ikkje ta inn all informasjonen slik dei gjere.

Det er utruleg å tenkje på all info dei sit med i sin harddisk av faktaopplysning i ein alder av 8 år, men ein daglegdags ting som å hugse ei bukse om morgonen trengs påminning.

Eller å klare å få i seg frukosten, eller å finne skoa sine.

Desse enkle basic «to do» tinga.

Det set ting i perspektiv.

blogg 28 august 1

For at «hangupsen» som den her «blucher»/ «tungtvann» saken her er ikkje skal ta opp for mykje tid, gjere vi no klare avtalar.

Avtalt tid der vi snakke om temaet på ettermiddagen.

Den tida bruke eg og aktivt til å gje dei rette knusktørre fakta.

Så ting blir heilt 100% rett.

Elles kan tida etter avtalt tid gå med på å diskutere kva feil som faktisk vart gjort under avtalt tid!

Rett skal vere rett mine vener.

Der omkring herskar ingen tvil!

«Ja takk begge deler» -sa Ole Brumm

Det  må gjerast plass i begge verda <3

blogg 1 juni

 

<3<3 Ragne Beate