Eit trappetrinn opp- der oppe sit hjelpa

11. februar 2016

Å be om hjelp er ikkje enkelt.

Ein vert skremt, vert usikker, veit ikkje kven ein skal stole på og kan også bli overausa med velmeinande råd.

Samtidig har ein ei sorg ein må bearbeide, ein familiesituasjon som kanskje er snudd på hovudet, og mykje tankar i spinn.

Systemet er tunggrodd og vanskeleg, spesielt når ein i utgangspunktet er sliten.

blogg 26 nov 2

 

Eg har skrive ei historie.

Den er eit bilete på mange historie meg fortalt siste år, og ein liten nerve av megsjølv for mange år sida, då eg sto på trappetrinnet, og såg opp.

 

 

«Eit trappetrinn opp- der oppe sit hjelpa»

 

«Eit trappetinn opp- der oppe sit hjelpa, skal eg tørre å ta steget opp , eller skal eg late det bli?»

Det er så mykje som spelar inn, så mykje som spinn i hovudet mitt i det eg høyrer orda:

«Du må søkje hjelp, du treng avlastning, må ikkje brenne deg ut, du skal vere her lenge, vere god, sterk og klar lenge».

Men tør eg det?

Kva tenkte personen på som las i papira mine den gongen, og som etterpåløfta blikket , og heilt tilforlateleg sa:

«Du har mykje å stri med du,er du sikker på at det ikkje blir for mykje?»

«Nei,nei,nei!» forsikrar du

«Sjølvsagt ikkje!» «korleis kan du tenkje noko sånt?»

Redselen kryp nedover ryggen i det du går heimover.

Gjer eg utrykk for at eg ikkje taklar kvardagen min?

Du høre så mange historier, du vert både usikker og redd.

Og heller ikkje får du noko informasjon.

Du får berre beskjed om at «du må søkje hjelp»!

Men kvar?

Og kva hjelp?

Kva hjelp passar akkurat oss?

Nokon meine vi skal ha sånn, andre meine vi skal ha slik, på internett.

Der tør eg spørje.. Der kan eg gjøyme meg bak ei maskin, vere anonym og liten.

Og undre så mykje eg vil utan at nokon stille spørsmål om eg klarar eller ikkje.

For eg klarar jo, men alle andre meiner at eg må!

Press.

Alt er eit press.

Eg føle det som press.

Treng tid, treng å puste, fordøye, finne ut.

Redelen for å ikkje bli trudd vil ikkje sleppe taket, vil dei som skal hjelpe oss klare å sjå oss?

Vil vi bli hørt?

Ingen fortel meg noko- internett mødre seie noko om saksgong, forventa tid, anking, AVSLAG.

Eg kjenne det bankar i hovudet.

Eg veit ikkje om eg orkar.

Eg veit rett og slett ikkje om eg orkar å ta eit skritt opp.

Eit skritt opp trappetrinnet- der hjelpa sit..

blogg 18 nov 1

 

<3<3 Ragne Beate