Når rullegardina går ned

13. februar 2016

Riktig god lørdagskveld alle sammen!

Her er lukka stor i dag, eg har fått tak i blodferske reker, rett frå båt i dag! Å du hildrande det altså <3

blogg 14 feb 1

Ein skulle vel tru at ein Måløyværing som omtrent går ut døra og rett ned i fjæra, skulle få tak i ferske reker kvar dag om ein ville det, men det er faktisk sjeldan sort, så ingenting er meir fantastisk enn når det skjer!

Men, no skal eg ikkje knote meir om mine kulinariske utskeielsar i dag, eg har lyst til å skrive litt om  eit fenomen som eg kallar «når rullegardina går ned».

Og no skal eg ikkje skrive ei lang utgreiing om utagerande adferd der borna går i svart, som mange forbinde med denne gardina som går ned.

Nei, det her er mykje meir komplisert føle eg.

Det eg snakkar om er ikkje når bornet ditt klikkar i vinkel heime eller på skulen, og blir sint, men heller det stikk motsatte.

Bornet ditt har ein «shutdown»

Det trekk seg inn i seg sjølv, lukker verda ute, og lar ingen få lov å komme inn.

blogg 30 juni 1

Bornet kan reagere med å legge seg over pulten å ikkje  seie noko. Berre legge seg, ofte med ein hettegensar eller anna som vern over hovudet.

Andre gonger som eg har opplev er at vi skal nokon plass, alt er timet og tilrettelagt, og plutseleg i det vi skal gå, så røyse ikkje guten seg.

Det kan komme tårer, men sjeldan noko lyd, ein frys på ein måte til.

Og som mamma så veit ein intuitivt at ein ikkje kjem nokon veg.

Eg opplev slike «shutdown» som at dei kjem i grader, og eg vurdere kvar enkelt situasjon oppimot det som er rundt, det som har vore før, og det som ein eventuelt skal igjennom.

Og på den måten prøve å finne ut det er vits i å prøve å komme oss avgårde eller ikkje.

Men, eg skal ærleg innrømme, at har rullegardina fyrst gått ned- så har eg i 99% av tilfella måtte gje tapt.

Grunnen er enkel.

Veit de kva eg må gjere når dette skjer?

Dei einaste som hjelpe er ro!

Ord er det verste eg kan pøse på med når rullegardina er blitt dratt ned.

For ord er press, og press blir stress, og stress gjere at gardina blir dratt lenger og lenger ned.

Guten i klasserommet som ligg over pulten og ikkje snakkar er ikkje lat, han har ikkje trass, han er ikkje ute etter oppmerksomhet under den misoppfatte greia vi vaksne ofte har om at «dårleg oppmeksomhet er også oppmerksomhet»

blogg 24 sept 1

Bornet evnar ikkje der og då.

Stresset har slått han ut.

Han treng ro!

Mi erfaring er at dei treng skjerming, ro og trygging på situasjon slik at dei klare å ta opp rullegardina att og kommunisere.

For i det rullegardina går ned forsvinn kommunikasjonen- i alle fall hos oss.

Førebygging i alle ledd er beste hjelp for å unngå «shutdown», forståing og trygging når det skjer, er beste adferd og hjelpa.

Respekt og forståing for at dette er ein føljetilstand av diagnosa autisme bør vi alle ta innover oss.

For autisme er ikkje trass- der er diagnose stridig seier vernepleier Helga <3

 

Eg seier meg einig med ho!

blogg 28 august 1

 

GOD HELG!

 

<3<3 Ragne Beate