På sidelinja

18. februar 2016

I stolthet, i gledje og i sorg går eg vegen med funksjonshemming i familien.

Nokre dagar tyngre enn andre, andre dagar lettare, meir lystbetonte, og meir i perspektiv.

Men eg går..

Kvar dag blir eg utfordra på eigne haldingar, eigen visjon om oppdraging, og må ta val som andre slepp.

blogg 18 feb 1

Og kven kan eg samanlikne meg med?

Er det ikkje rart at vi menneskje er så ihuga opptatt av akkurat det her merkelege fenomenet med at vi MÅ samanlikne oss med nokon for å føle oss vel?

Problemet er at når eg samanliknar meg med nokon så havnar eg på sidelinja uansett kva søren eg gjere.

Og eg trur ikkje er aleine om å føle det slik, sjølv om ein veit at ein har mange med seg rundt omkring som har det meir eller mindre på same måten.

Ein er og blir sett på sidelinja.

Malen for det som er «normalt» er no mykje satt opp av sosiale media og nettsider.

Vi vert dagleg bombandert av linkar om kva borna våre «skal» kunne, kva dei «burde» kunne, og ikkje minst når vi skal bli SKIKKELEG bekymra!

«HÆ-kan ikkje bornet ditt det?»

Samfunnet vårt krev og mykje samanlikning.

Eg måtte svelge tungt då eg i fjor måtte gå igjennom kunnskapsmåla for første klasse ilag med ansvarsgruppa til gutane mine, og vurdere om dei ville nå dei.

Gutane mine var då 6.5 år.

Kunnskapsmål?

Nasjonale prøver?

Skal-skal ikkje- vil vi nå dei eller vil vi ikkje?

Ehh… nei sei det du- kven kan seie det?

Kan ein ta slike val så tidleg?

blogg 29 mars 3

Med ein kjend infantil autisme, og seinare ADHD diagnose, med mykje framgong grunna god jobbing frå heim og skule, dog tidvis i bratt  oppoverbakke, og andre gonger i fritt fall?

Skulesystemet vårt er blitt sånn- alt skal målast , alt skal samanliknast, alt skal settast i system.

ÆRE VÆRE den norske lærar seie berre eg, når rekk de å undervise?

Nå de skal kartlegge 30 elevar, der kanskje 10 har spesielle behov, og dei resisterande ikkje har det, men framleis skal kartleggast og ned noterast om dei når eit mål eller ikkje det året.

Eg kjenne eg blir både lei meg og matt på same tid.

Ikkje berre på eigne vegne på ein annerleis veg, men på andre sine og, som kanskje strevar litt på vegen, ikkje nok til at det ein strevar med får eit namn, men nok til at nederlaget blir registert.

Og slik at både eleven og foreldra vert sett på sidelinja, der nederlaga vert avla.

Er der riktig at vi skal ha det sånn?

På eigne vegne må eg seie at eg veit ikkje lenger kva som er «adekvat» normalt for ein 8 åring, for vi lev i vår verd med vår framdrift.

Andre gler seg nok over fotball cup og fotball kort kanskje (eller er det no heilt ut? )

Mine sparar til metall detektor så dei kan gå på skattejakt og leite etter gamle skattar frå 2 verdkrig.

Ei gammal hjelm hadde vore lottogevinsten her i heimen per dags dato!

Eg har ikkje så mange å samanlikne meg med eg då, i vår facinasjon nett no, men eg gler meg over kunnskapen gutane vise.

Eg gler meg over leseferdighetene dei begge vise, bøkene dei dreg rundt på, stoffet like tungt som bøkene sjølve, men gløden så stor at den veie opp for begge deler.

Eg takkar høgare makter når eg legg meg for at eg fekk to, for at dei har kvarandre, for at dei i lag kan stå på sidelinja i eit  samfunn som krev meir og meir.

blogg 5 april 2

Når det gjeld megsjølv, må eg berre godta at eg er der, på sidelinja ,og gjere det beste uttav det.

 

Heldigvis møte eg mange på min veg som sjangle utom kvitestripa og like seg der 🙂

blogg 18 feb 2

 

<3<3 Ragne Beate