Tvillingar-ei ære!

19. februar 2016

«Då eg fant ut at eg skulle ha tvillingar befant mannen min seg på ein båt i Angola, og eg sjølv var på ferie hos svigerforeldra mine  på Helgeland.

Flydd opp åleine med mine to stesøner, og Jakob som då var nesten 2 år, kvalm og elendig.

Såpass elendig at eg måtte innom sjukehuset i Sandnessjøen for påfylling av væske, så eg ikkje skulle tørke ut.

Der inne på sjukehuset tok ei jordmor ein utvendig ultralyd på meg, eg var då var rundt 8-9 veker på veg.

(Sida eg etter hennar syn såg ut som ei «skrapa sild» og sikkert ville få sett eit godt nok resultat på ein utvendig UL som ein innvendig.)

Eg ligg der på benken, med kvalmen bølgande heilt oppi halsen, det var tett før eg spydde, og dama trykke ultralydinstrumentet inni magen på meg, og blir med eit heilt stille.

«Å nei» tenkte eg- «her står det ikkje til liv».

Såg for meg innlegging, utskraping, du store vide allverda, og ikkje minst, kva skulle eg gjere med dei 3  gutane på øya som venta på at eg skulle komme heim?

«Der e nokka eg alltid bruk å spør kvinnfolk om når de kjæm på UL her hos meg» seie dama på flott Helgelandsk.

«Har dokker tvellinnga i familien?»

«HÆ?»- svare eg- lettare forvirra.

Og der snur dama monitoren, framleis med ultralyd instrumentet godt trykt inni magen på meg og seie:

«Har du sett nokka så vakkert? To små bankande hjerta!»

Hadde de sett meg no , så hadde de sett tårene som renn nedover anletet mitt  8 år etterpå, for framleis er det så sterkt!

Alle tankane som suste gjennom hovudet mitt akkurat då..

Korleis i allverda skulle vi klare det her?

blogg 19 mai 2

Hadde vi pengar til det? Bil hadde vi i alle fall ikkje!

Mannen jobba 6 veke turnus i «langtbortvekkistan», huset var for lite, og eg hadde jo ikkje jobba nok! Hadde ikkje tjent nok! Vi var ikkje forberedt nok!

Men- vi klarte det.

Det var ikkje alltid like romantisk, vakkert og søtt nei, heller beintøft, mykje ofring, og ingen dans på roser- men fullt overkommeleg!

For tvillingar er ei ære, det er ei gåve og ei heilt spesiell oppleving eg ALDRI ALDRI ALDRI ville vore forutan.

Norsk ukeblad 2

Då eg las at ein no kan få lov til å abortere bort ei tvilling, sjølv om den er frisk, kjende eg at eg mista fotfestet ei lita stund, og tru på menneskje.

http://www.nrk.no/norge/foreldre-far-abortere-bort-frisk-tvilling-1.12807901

Og ein tanke slo meg- kven skulle eg ha valgt vekk?

Kven ville eg så ha gått glipp av? Om eg valgte at tvillingar ikkje passa i mitt liv akkurat då.

Og når ein ser kor knytta gutane er til kvarandre, kor knytta dei har vore frå dag 1 i sitt liv.

Ville dei ha merka at noko var borte? At noko var riven bort frå dei- valgt vekk av mamma?

Nei, eit slikt val skjønar ikkje eg!

Eg kan skjøne at ein må ta ein abort ved særlege tilfeller.

Men reduksjon av antall foster? Nei, den skjønar tvillingmamma Ragne ikkje.

Å følgje den magiske reisa til einegga tvillingar, deira eige språk, deira eigen måte å snakke for kvarandre på.

Deira heilt fantastiske måte å alltid vite kvar den andre er, utan å sjå – eg vert like forbausa kvar gong.

Ei lita hand i ei anna om kvelden, ligg under eit pledd i ein kant av sofaen i staden for i kvar sin ende.

blogg 8 april 1

Hjelp ikkje med eigne rom, for vi finn dei ilag om morningen alikevel.

Og til tross for at autisme har frårøva dei mykje, og gjort dei meir forskjellig- så er tvilling tingen, mysteriet, eininga- «it»- det som også held dei så ilag.

Skulle eg ha tatt i frå dei det?

 

«To små bankande hjerta»

 

«Ingen sa det skulle bli enkelt, men ingen fortalte deg heller kor rik du skulle komme til å bli!»

blogg 9 feb 1

 

<3<3 Ragne Beate