«Lærings- og mestringskurs for foreldre med barn/unge med autisme/Asperger syndrom på Gudbrandsdal Leirskole»-vår oppleving på Fagerhøi.

22. februar 2016

For 3 år sida var vi så heldige å få lov til å reise til Fagerhøi- Gudbrandsdalen leirskule på ei vekes leir og opplæring for foreldre med born som hadde autismespekterforstyrring.

Sida mannen min var vekke på jobb, så reiste eg åleine med mine 3 gutar og eine stesonen min.

Og for ei fantastisk oppleving!

Veit de, gutane mine snakkar om det endå, og det til tross for at då vi var på Fagerhøi var språket heilt anna enn det er no!

Det seier noko om opplevinga.

Eg må seie eg var skeptisk i byrjinga, for korleis skulle det gå med 20 familiar samla på ein leirskule, der ALLE hadde eit eller fleire born med autisme, og vi skulle på vårt merksnodige vis klare å einast i lag, vere ilag, skape opplevingar ilag, og ikkje minst lære ilag.

blogg 15 desember 1

For her snakkar vi lange dagar for foreldra, der ein blir stappa full i informasjon frå morgon til kveld, mens praktikantane tar seg av borna og har dei med på aktivitetar.

Dei kose seg glugg i hel då, borna altså!

Vi kose oss vi foreldra og, men på ein heil annan måte:)

Men tilbake til det å vere ilag, det gjekk så bra <3

Det var ei oppleving å sjå kor det komplette «kaos» fyrste dagen sakte men sikkert vart til eit system, der vi kosa oss.

For det gjorde vi verkeleg!

Vi fekk kjenne på andre sine både gode og dårlege erfaringar med det å ha born med autisme, og vi knytta vennskap, mange som eg framleis har den dag i dag:)

Og for meg som mamma var det og fantastisk å oppleve at alle borna mine fekk opplevingar, både dei med diagnose og dei utan.

blogg 22 feb 1

(bilete tatt utanfor Fagerhøi  ein av dagane)

Det var både stort og rørande på same tid.

Eg angra ikkje på at vi søkte, eg er overlukkeleg for at vi kom med, og skulle så veldig gjerne ha vore med ein gong til 😉

Men- no er det andre sin tur!

Ikkje nøl, grip sjangsen, og søk!

Kanskje er du og din familie dei heldige i år?

Følg linken :

http://autismeforeningen.no/aktivitet/laerings-og-mestringskurs-for-foreldre-med-barnunge-med-autismeasperger-syndrom-pa-gudbrandsdal-leirskole

 

Lykke til!!

 

<3<3 Ragne Beate