Om vi berre kunne brukt same kompass <3

24. februar 2016

..i natt mista du vegen i «minecraft»- du gjekk deg vill.

Borte var du frå alt du hadde bygd opp, frå båtane dine og havna di, Rema 1000 butikken som hadde fått lys, sjølv om du ikkje var heilt sikker på om Rema 1000 eigentleg kunne få lov til å vere med i eit tema som passa under fyrste verdskrig.

Men me måtte jo handle. Så då passa det likevel, i di verd.

Du har jobba i mange dagar på serveren din for å byggje opp verda du vil ha, sjølve spelet bryr du deg ikkje om, om du er online eller offline har inga betydning, det er bygginga som betyr noko, det å skape, kreasjonen, og eg trur og kanskje historie.

For du gjenskape historie frå gammalt av gjennom bygga dine.

24 feb 1

Og med monoton stemme, og eit anlet som der og då er utan mimikk repeterar du kalde harde fakta, medan du bygg.

Vi, både eg og pappa sit i stille facinasjon og berre lyttar..

Kvar tek du det frå?  Kvar sit all kunnskapen din? Kven har lært deg å byggje slik på Ipaden- der er i alle fall ikkje vi vaksne- mor di er like teknisk som ei sløya sild!

Ein del av ei verd vi ikkje får vere heilt med i ,berre delvis, viss du invitere oss inn..

Viss du klare å invitere oss inn, vel å merke..

Så gjekk du deg bort.. og fant ikkje tilbake.

Du klarte ikkje fortelje det til mamma då ho henta Ipaden til avtalt tid og gav deg eit godnatt kyss.

Ei heller klarte du det då mamma sjekka på dykk litt før ho skulle leggje seg, og du låg der og var så frykteleg frykteleg lei deg!

Det tok mange timar før vi klarte å finne ut kva som eigentleg var gale.

At du hadde gått deg vill!

Vennen min, mamma var ganske ute på vidda ho og, for ho visste ikkje.

blogg 18 feb 2

Det er så lett å tru at sjølv om ein har eit språk, ord som kjem ut av munnen, så skal det vere sjølvsagt at ein kan forklare seg, kan fortelje kva som er gale, kva ein slit med.

Setje ord på tankar, kjensler eller opplevingar.

Du gjere ikkje det, det gjere ikkje bror din heller.

Men kvifor er det då slik at mange vaksne tileigne born desse eigenskapane på grunnlaget: «Bornet har eit adekvat språk»?

Mamma skjøna til slutt kva du meinte, når du sa du hadde gått deg vill, så vi henta Ipaden og prøvde ilag.

Venen min, den sløya silda av ei mor du har var nok ikkje mykje til hjelp, så vi måtte gje oss.

Det var ikkje lett å forsone seg med, vi måtte jobbe litt der og, og natta lakka stille mot dag mens vi jobba for å finne litt natt.

Eit par timar berre.. litt ro..

Fortviling gjekk over i søvn, mamma lukka sitt auge og ei lita tåre trilla stille ned..

blogg 22 juli 1

Dagens helt heiter Jakob Andreas , er snart 11 år gammal, og har same sløyd sild av ei mor som resten.

blogg 24 feb 3

Han fikk Ipaden servert i fanget i dag før frukosten(eg trur han endå er i sjokk over handlinga då slike ting ikkje skjer før frukost) med ein bøn frå si mor om han ikkje kan finne att guten si verd.

«Altså hallo mamma- du må jo berre bruke rett kompass»- svara Jakob.

Det skal leggjast til i mitt favør at han bruka ei god stund han og før han fann att verda til lisje broren sin, men han fann den, og alt er såre vel igjen.

Men orda sit att:

«Mamma—du må berre bruke rett kompass»

blogg 24 feb 2

 

Er det noko eg verkeleg skulle ynskje eg fekk utdelt her i verda så er det ikkje pengar, heider eller ære.

Men heller eit godt gammaldags autismekompass<3

Det er lettare sagt enn gjort!

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

  • Sidsel Anita Ekblad Itland

    Du skriver så fantastisk godt om hvordan det er å stå utenfor og ikke klare å forstå, men like mye gir du et bilde av hvor vanskelig det kan være å ikke få oss til å forstå – og hvor enkelt det kan forstås – om en forstår. Takk.

  • Gunn

    ♥ mitt blør for lille vennen. Å gå seg vill må være det verste som kan skje. Godt at Jacob kunne kompasset. ??