Med «auge i nakken» og «åtte armar»

27. februar 2016

«….Kvar er han?»

Det er ikkje meir enn 2 sekund sida han sto her rett ved sida av deg, men no er han borte vekk!

Du kjenne angsten i magen komme med ein gong som ei klo! Den brer seg gjennom kroppen med ilfart til den når hjerna og adrenalinet tar botntenning!

Du startar å rope navnet til guten, så høgt som du berre klarar, mens du spring frenetisk rundt i hagen og leitar.

Det kjem fleire til som har hørt ropa dine, og vi leitar i lag.

Tusen scenario går igjennom hovudet ditt, kan han ha gått til havet?

Han elskar jo å leike med båtar, og vi kom jo nettopp derifrå.

Du spurtar over marka og nedover vegen for å få eit overblikk, på det her tidpunktet er du begynt å bli kvalm.

Du speidar nedover mens du spring, men du ser ingenting, han er der ikkje..

Du vert letta, men på same tid livredd, kvar kan han ha gått då?

Ned på vegen? Gått over vegen og ned til vatnet på andre sida?

Har han tatt vegen til barnehagen for å leike med bilen han likte så godt?

Du forsett å rope navnet, mens du prøve å holde kjenslene dine i sjakk.

«Ragne- han er her» ropar Per Even-mannen min.

«Han hadde berre gått bak bilen, han sat der og «leikesank» med båten sin».

Eg kjenne tårene i augene presse på, og ein voldsom lettelse, men samtidig så vert eg sint.

Skikkeleg sint!

Sint fordi eg har vore så frykteleg redd!

Men eg veit det ikkje er hjelp i, eg veit raseriet mitt berre må settast til sides.

I 5 minutt denne dagen, mens vi sprang tulling rundt i hagen til svigermor og leita etter guten vår, sat han stille som ei mus bak bilen og leika med båten sin.

Han har hørt oss, han har og heilt sikkert sett oss.

Men han har ikkje svart oss.

Denne dagen evna han ikkje å gjere det.»

blogg 7 jan 6

 

Eg dele denne historia med dykk i dag for å prøve å få de til å skjøne kvifor gutane mine aldri kan vere åleine.

Eller, kanskje dama de møte på Rema 1000 som held sin gut i handa som er alt for stor til å halde i handa også har ei slik problemstilling.

For, kombinasjonen av å ikkje evne å gjere seg til kjenne når ein har gått seg litt bort, samtidig som man ikkje har kjensle for fare gjere at ein må passast ekstra på.

Heile tida.

blogg 27 feb 1

Ja, eg kan skjøne at folk som møte oss ikkje kan fatte å begripe at desse tilsynelatane oppegåande gutane som pratar som nokre fossar ikkje kan gå frå eine delen av butikken til godtehylla åleine, mens mamma står att og pratar med deg.

Men heller står å dreg mamma i handa til vi er ferdige å prate, for så ILAG å gå til godtehylla for å kjøpe laurdagsgodtet vårt.

Eg skjønar det.

Men sanninga er at fokustid, impulsivitet og manglande forståing gjere at det er ikkje forsvarleg å gå aleine gjennom butikken.

Og ein utsett seg ikkje for fare, gjere ein vel?

Ein snakke ikkje om å vere hysterisk, ei heller om å vere overbeskyttande.

Det er snakk om å gjere jobben sin som mor.

blogg 18 feb 1

Det handlar om ein kvardag med «auge i nakken», kjensla av å trenge «8 hender» i staden for 2, der ein heile vegen er eit hakk i forkant og vurdere situasjonen.

Tilsynsbehovet er 24/ 7 , alderen er 8 år, det går på evne-ikkje vilje.

Slik er ein del av autismekvardagen vår.

 

Kjenne du deg att?

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

  • Jorunn

    Åh, ja her kjenne eg meg igjen. Datterå mi e fem år, og eg kjøre henne i barnevogn for å slippe panikkarta sprinting med veien/i butikken. I markå går det heldigvis fint. Lo godt av illustrasjonen med lemuren! 🙂
    Eg vett at sånn blir det framover, kanskje alltid, og at folk kommer til å sende rare blikk. Men sånn er det bare. Heilt enige i at ein må gjør det ein kan for å passa på, så får andre bare glo. Hvis de spør ska eg svara!

  • Sidsel Anita Ekblad Itland

    Ja, dessverre. Stor var den dagen da jeg omsider fikk mine tilk å godta at det var deres ansvar å ALLTID SE meg. Da var de rimelig store.