Innrett deg og hald stilt.

2. mars 2016

«Det er det «mongoen» skal gjere, han skal innrette seg og halde kjeft!»

Vart du provosert no?

Provosert av ordbruken min?Eller provosert av at eg skriv indirekte at «mongoen»-altså skjellsordet for mennske med Down syndrom ikkje har stemmerett i eige liv.

Vel- sånn e det!

Og det gjeld mange diagnosegrupper, både med fysiske og psykiske lidingar.

Då eg las på nettet i går at Bergen kommune, som i 30 år har godtatt at fleire av brukarane har reist på ferie,med personell frå bofelleskapet som reisefylje, no ikkje lenger får lov å reise på grunn av at det er for dyrt, og fordi personellet får for lange dagar, fekk eg mildt sagt vondt i meg.

http://www.nrk.no/hordaland/kommunen-kuttar-feriehjelp-til-uviklingshemma-1.12830603

Det får meg forøvrig til å undre korleis vi har klart å drifte olje Noreg i alle dei år på gull ordningar som 2-4 og 4-4, når argumentet «for lange arbeidsdagar» vart brukt.

Men det var jo olje, ikkje menneske..

Så altså, fordi ein har ei diagnose, bur i eit bufelleskap og må ha tilsyn i ein eller anna grad, så har ein ikkje rett på å få ferie, å bruke sine eigne pengar på å reise til Syden, eller kor ein no enn ynskjer å reise.

Fordi dei som styrer over deg meine at den ferien den treng ikkje du! Og ergo ikkje frigir ansatte.

blogg 2 nov 1

Er det kvardagen eg kan forvente til mine, om bufelleskap vert rett for dei?

Direktiv over kva som er lov og ikkje og forøvrig så kan vi halde stilt?

Kvar er menneskeverdet blitt av?

Ser de ikkje, de som sit med pengesekken , at desse sommerfugglane våre, som ikkje er heilt sånn som alle andre har vel så mykje behov på oppleving og meistring som deg og meg?

Faktisk har dei 100 ganga større behov enn meg og deg, fordi dei så sjeldan får det!

Mange slit med å utrykkje eigne behov, andre har utfordringar der uvante situasjonar kan bli for krevjande.

Ting som kjem for bardust på vert vanskeleg, men opplevingar som er klare, trygge og godt planlagt kan bli årets oppleving.

Desse menneska eg snakke om her er underlagt eit regime frå den dagen dei vart fødde, slik som alle andre, men dei kom seg berre aldri uttav det.

Der andre letta vengjene sine og flaug, sit desse sommerfugglane att på greina, for dei treng hjelpa til å fly.

blogg 26 nov 3

Hjelp til å få oppleve ting som andre tek for gitt.

Kva hadde du sagt om nokon nekta deg ferie?

Hadde det på regjeringshold vore tatt vekk så mykje som ein dag på feriekvota til den «Norske friske nordmann i Noreg» så hadde det vorte ramaskrik!

Men for denne gruppa er det altså greitt.

Dei som aldri klagar, aldri mukkar, som år ut og år inn tuslar rundt på den tilrettelagte arbeidsplassen sin, et maten dei får servert, tar medisinen sin og pusle seg te køys når dei får beskjed om det.

 

Som innrett seg og som held stilt.

 

Er det verkeleg sånn det skal vere?

 

<3<3 Ragne Beate

 

PS: «Etterat blogginnlegget vart skrive og publisert har Bergen kommune valgt å snu for denne gong, og gje sine brukarar ferie i år alikevell 🙂 Flott!

Eg velge å la mitt innlegg stå da poenget om menneskeverdet er like mykje mitt fokus som ferien- kvifor må alltid dei svakaste tape?»