Tek vi oss tid nok?

15. mars 2016

…Samfunnet halsar avgarde i eit forrykande tempo, det er skulle gjort, burde gjort, må gjere, skal gjere, planlegge å gjere, vil så gjerne gjere, og det er:

Det skulle DU ha gjort, det vi vil ha deg til å gjere NO!!!

Tek vi oss tid til å gje deg tida du treng?

Du utvikle deg annerleis enn andre born, du bruke mykje lengre tid, og utvikle deg i rykk og napp.

«Stagnering» snakkar vi mykje om, og  «tilbakegong»- det verste er når vi snakkar om «funksjonsfall»- då vert mor di redd.

Du derimot tuslar rundt i bobla di, og er lukkeleg du, men ikkje særleg mottakeleg for det vi vil at du skal gjere.

Det vi meine du skulle ha gjort!

Tek vi oss nok tid til å skjøne at det er slik du er laga, slik du er bygd, og slik utviklinga di er?

Eit skritt fram og to skritt tilbake-eit skritt fram og to skritt tilbake.

Evne vi å sjå angsten din når den rir deg, når tempoet blir for høgt?

Når presse frå «skulle og burde» set seg langt nedover skuldrane dine at du berre vil skrike STOPP-men ikkje maktar det?

Tek  vi oss nok tid til å la deg komme sakte inn i vår verd, i staden for å bli kasta mellom ein overgong til ein annan utan god nok tilretteleggjing.

Fordi VI ikkje har tid!

Vi «vanlege» som skifte frå hummar til kanari og frå fugl til frosk utan å mukke?

Tek vi oss tid til å skjøne deg?

Korleis du er bygd saman, korleis du tenkjer, korleis du har det i vårt mas?

Skjøne vi stress?

Vi definere jo stress heile tida, eg er stressa, naboen er stressa, vi snakkar om stressmagar, stressnakke, stresskonflikter på jobb, og at vi blir sjuke av stress.

Stress er eit ord vi alle er ein del av, og som blir akseptert som ein god grunn for at ein er som ein er der og då.

Kvifor er det då så vanskeleg for samfunnet å skjønne ditt stress?

Skjøne at du ber med deg stresset heile tida, fordi vår verd er så stressande for deg at du aldri får fred?

At du treng støtte, treng kontinuerleg forståing og respekt, og at noko som for oss er lett, er å klatre høgaste fjelltoppar for deg?

«Eit lite skritt for menneskje, men eit enormt skritt for eit menneskje med autisme».

Eg sit her og undrar, men du tusle rundt i bobla di..

 

Tek vi oss tid nok til å gje deg tid?

blogg 7 jan 3

 

<3<3 Ragne Beate