Livet

18. mars 2016

Kor annerleis skulle det ikkje bli dette livet, som etter at du fekk born med bokstavar.

ASD, ADHD- bokstavar som legg ei list for ditt liv, om du vil eller ikkje.

Du nekte hardnakka i byrjinga på at desse bokstavane har noko innvirkning på ditt liv.

«Nei, eg lar meg ikkje styre av mitt borns diagnose, er du gal??»

Du bestrebe å halde på ditt eige liv, både det sosiale og på jobben.

Heime prøve du å få det til å gå i hop slik som før desse hersens bokstavane kom i hus.

Men du klare det ikkje!

Fanken heller!

blogg 5 mars

Du innser at bit for bit kjem bokstaven sigande inn frå intet og tek over.

Heilt stille som ein dis som legg seg over heimen, over livet.

Det blir livet.

Plutseleg tek du deg i å stå med kaffikoppen klokka halv 3 på natta, klar til å starte dagen mens naboen kjem heim frå ein vellukka fest.

Før borna var det du som var der og av og til, skålande med venene dine og finne ut kven som hadde nach.

Dårleg dagen etter som berre det, men hallo, det var jo biletet på ein god fest, var det ikkje?

Dårlig føle du deg forøvrig no og, men ikkje grunna alkohol, men heller månadar med ingen eller dårleg søvn.

«Kven har nach» er bytta ut med «det meste går berre ein har nok kaffi».

Kaffi vert viktig i livet ditt , samtidig som sjokolade plutseleg finn ein stor plass.

Og Facebook..

For det sosiale livet forsvant då nachspillet vart bytta ut med kaffi, satt litt på spissen 😉

Ikkje fordi venene dine ikkje vil vere med deg, men fordi ja er bytta ut med nei, og sofaen er blitt din beste ven.

Der du søv til TV2 sine nyheiter klokka 9.

Det er blitt livet.

blogg 24 feb

Du som aldri skulle la deg styre av noko befinn det plutseleg ut forbi huset i stiv kuling, mens borna dine syklar rundt deg så godt innepakka at det minnar deg om teletubbiane du såg på ilag med eldstemann før- då livet var heilt annerleis.

Du frys og hutrar men dagsplanen sa sykling frå 17 til 17.20, og det er 10 minutt igjen.

Skulle ikkje la seg styre? Du veit at helvete bryt laust om du rokkar med tida, så du står.

Ein gjere ikkje endringar på dagsplanen, gjere ein vel? Du tek deg i å le- ser det absurde.

Noterar stille bak øyret at i morgon skal du sjekke vermeldinga på TV2 FØR du skriv dagsplanen.

Eller kanskje er NRK best?

Du håpar i det stille at ingen kjem innom no.. medisinen er på veg ut, steamen er på veg opp.. du veit og er klar..

Slik er livet.

Ferie.

Du utvikle ein fantastisk selektiv hørsel, som sile ut all prat som skip som synker eller fly frå fyrste verdskrig og du finn glede i å sitte heilt mutters stille i ein stol og berre vere der- mens borna dine ser film og er stille.

Ikkje ein muskel bevege du, du berre sit der og ser på desse vidundera som du har satt til verda, og som no er heeeeilt stille..

Der og då er livet lukke <3

18 mars 3

Samstundes som at livet er lukke når ein plutseleg får ein uventa klem frå eit lite kaldt kinn- kanskje var det verdt å stå desse 10 min ute?

Du ler deg skakk- utan å vise det sjølvsagt- over alt borna dine veit, alt dei kan, og alt dei ikkje kan, for ja, ein må berre le av og til.

Av kontrastane, av kunnskapsnivået kontra funksjonsnivået- av verda du berre er «litt» med  i.

Livet med bokstavar.

Aldri skulle du få kjenne på meir kjensler enn dette livet.

På sinne, avmakt, sorg og fortviling, til den enorme stoltheita over dei små framskritta, den vanvittige kjensla om å verne, guide, vere der.

Ein stoltheit som går over alle solemerker!

Ein kjærleik så stor og så mektig at den ikkje kan beskrivast med ord!

DET er livet <3

Mykje har ein mista, men meir har ein fått.

Eg undrast av og til om kven som var mest heldig, ongane eller mora.

 

Livet, her og no <3

blogg 18 mars 2

<3<3 Ragne Beate