Visste du at ikkje alle med Asperger syndrom er god på data?

21. mars 2016

Siste veken har det vore mange reportasjer i aviser rundt om i landet om unge menn med Asperger syndrom som gjere det godt innan data bransjen.

Og alle fyrst vil eg seie : KANONBRA!

Det er ingenting som glede ei mamma med born med autisme meir enn å sjå at til tross for ei diagnose som kjem med mykje utfordring , så går det ann, med rett tilretteleggjing å kome seg langt.

Å klare å fungere i kvardagen.

Men kan alle med Asperger syndrom vere i databransjen?

Med kvalifikasjon: Asperger Syndrom, ung mann og glad i data?

Nei.

Svaret er nei.

blogg 18 nov 3

Ei mamma eg kjenner sukka tungt etter at vi hadde diskutert akkurat det, at ikkje alle klare å kome seg ut i jobb, og sa:

«Eg skulle ynskje det var min gut som kom seg ut, men eg skulle og ynskje at alle slutta å tru at han er den som kjem seg ut, for han gjere ikkje det, han har ikkje sjangs! Vil samfunnet  nokon gong forstå det? »

Den sit i meg endå, og i kjølvatnet av gode avisartiklar har eg lyst til å skrive litt om det.

Om dei som ikkje har sjangs.

Som er kjempeglade i data,(men betyr det at dei er kjempegode?) spesielt innanfor spel dei intresserar seg for, som har høg IQ og masse gode kvalitetar.

Men som også kan slite med tilleggsvanskar som depresjon, tvang eller angst, persepsjonsvanskar(sanseforstyrringar) og som kanskje og har vore gjennom ting på skulen som gjere at ein ikkje får karakter.

Dei har framleis berre Asperger syndrom.

blogg 18 nov 1

Unicus er ei aspergerbedrift som vil tene pengar, og dei ansett menneskje med Asperger syndrom som har fullført relevant utdanning.

Mange med Asperger når ikkje ein gong vidaregåande.

Andre fullføre både videregåande og høgskule, men stresset som er i samfunnet, kravet som vert stilt, gjere mange av dei så utmatta at dei ikkje maktar alikevel.

Det at menneskje med Asperger må «skynde seg langsamt» vert ikkje akseptert i eit arbeidsliv.

Om ein ikkje er plassert i ei tilrettelagt eller verna bedrift.

Og, veit de, det er ikkje alltid riktig det heller!

Å ha Asperger er ikkje likestilt med å vere god i data, men mange med Asperger syndrom er veldig glad i data.

Mange finn venene sine via datamaskina, eit sosialt nettverk som er like godt som det du har når du stikk til naboen for ein kopp kaffi.

Eg føle ein avogtil gløyme at å ha Asperger syndrom berre betyr at du er på autismespekteret ein eller annan plass.

At variasjonen frå kva du maktar er så forskjellig at det kun kan samanliknast med himmel og helvete.

blogg 17 august 2

Nokre med Asperger likar å teikne og er særs kreative innanfor det, andre likar å finne feil i store mengde datamateriell, eller å programmere.

Og nokre likar å spele data.

Ein kan diskutere i det vide og breide kor konstruktivt ting er, men det er sanninga.

Man må kunne sin autisme for å forstå eit menneskje med Asperger syndrom, men mest av alt må man kjenne menneskje som står forran seg.

Deira sterke og svake sider.

For man er ingen diagnose, man er segsjølv.

«Har du møtt ein med autisme så har du møtt ein»- den har du hørt før ikkje sant?

Vi må ikkje gløyme tilrettelegging, individuell tilpassing, og variasjon er vegen å gå, og at det trengs masse av det i mange tilfeller for å få til eit verdig liv.

Nøkkelen til suksess er tilpassing av individuelle behov!

Vårt samfunn må finne plass til alle, la oss jobbe ilag alle for det <3

blogg 18 nov 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

  • Siri

    Det er så sant. Min sønn har Asperger, er i og for seg god på data og med data – men ikke interessert i å øve, repetere, lære seg så mye. Kommer ikke så langt da heller… dessverre.