«Stakkars stakkars folk, dei fekk mykje i nevane dei»

28. mars 2016

 

Kor mange gonger har du ikkje tenkt det om familien du møte med born med funksjonshemming?

Ikkje nødvendigvis ein familie med born med autisme, men alle familiar som får born med funksjonshemmingar av ein eller annan sort.

Stakkars.

Ordet «stakkars» er så fordømrande godkjent her i dette landet!

Så lenge ein sleng på eit «stakkars» så har man liksom annerkjendt at ein skjønar at familien har det krevjande, og at det ikkje er så rart at dei er slitne og fortvila av og til.

Til og med bornet i familien får tilleggsordet «stakkars» når det vert snakka om.

«Ja du veit han Ole stakkars, han har jo sånn der autisme han», eller «Lena ja stakkars, ho har jo Downs»

Eg får total nyrenoll!!

Blogg 26 april 1-4

I dag skal eg gje de ein openbaring,det passar godt no siste dagen i påska, der både openbaringar og andre under skjer på løpande band ilag med påskeharar, påske egg og andre påskemysteriar.

Sann mine ord:

«Det er ikkje synd i ein familie med funksjonshemmingar, med mindre dei ikkje får rett hjelp!»

Hah!

Har du tenkt på det nokon gong?

Eg slår herved eit slag for at vi skal bytte ut ordet «stakkars» med eit spørsmål om kva vi kan gjere for den aktuelle familien, for at dei IKKJE skal bli utslitt, IKKJE skal bli fortvila, IKKJE skal ligge som nyslakta lam etter ein dag heime!

På same måten vil eg at vi tvert kutte ordet «stakkars» om born som har funksjonshemmingar, for i Noreg så skal det teoretisk sett ikkje vere mogeleg å kalle eit born med funksjonshemming «stakkars» – fordi bornet har lovfesta så mange rettigheiter, eller?

For her kjem det inn eit stort ELLER…

Får born med funksjonshemming og deira familiar den lovfesta retten dei har, på skulen, i barnehagen, på avlastninga?

Her ligg nemleg qluet!

«Å bli møtt, sett, respektert, forstått og rett tiltak satt i verk»

blogg 7 mars 2

Der ligg også feilen, som gjere at vi føle vi må bruke ordet «stakkars» om familiar med born med spesielle behov.

For, mange får ikkje nok hjelp, forståing og tiltak som passar dei.

Difor vert dei «stakkar».

Tenk- så enkelt er det eigentleg.

Korleis kan vi ta tak i det?

Korleis kan vi få signalisert til rette etatar at det re HER skoen trykkjer og ikkje nokon annan plass?

Korleis skal vi få folk rundt til å skjøne at «stakkars» for dykk, er normale reaksjonar for oss som står i det,  som  er sliten pga av krevjande heimesituasjon, fortvila tidvis, ei kjensle som forøvring kjem litt hand i hanske med sorg.

Men det er framleis ikkje synd i oss!

Bak eit kvart «stakkars» for å tekke eige samvit står det ein mamma og pappa som tenkjer:

«Fytti grisen kor stolt eg er av bornet mitt som gjekk på do i dag! Som spiste maten sin sjølv i dag! Som kunne velje mellom spagetti og pizza utan at eg la føringar! Som kom å sa han var glad i meg, utan at eg sa det sjølv <3»

For ein ting skal de vete de som står utanfor og «ser» inn i ein annerleis heim.

Vi er ikkje «stakkars», vi er  så ufattele stolte av det som er vårt!

blogg 7 jan 3

Men, vi kunne ha trengt litt meir forståing, litt mindre byråkrati, litt meir empati, og å bli hørt skikkeleg.

DET syns eg vi skal jobbe med!

Drit i «stakkars»- det får i alle fall ikkje grobotn hos meg!

JA til rette hjelpe tiltak!

Berre då kan vi ilag legge  «stakkars» død!

 

<3<3 Ragne Beate