Entries from april 30th, 2016



Berre ein hund?

posted on: 30. april 2016

«Fyrst, før eg forsette med mitt opprinnelege blogginnlegg vil eg sende mine varmaste tankar og medkjensle til familiane som har mista sine kjære på veg heim frå jobb i helikopterulykka på Turøy.

Som ektefelle på land med mann i Offshore blir slike ulykke sterke, sjølv om det ikkje berøre deg direkte, fordi du har gått med ein liten klump i magen sjølv.

Når kjæresten har vore på ei fly, i helikopter, når vermeldinga vise sterk storm, og du veit han ligge der ute..

Det skal ikkje skje, men ulykker skjer dessverre i denne næringa og,til tross for all trening.

Eg håpe dei pårørande også blir ivaretatt når ståket legg seg, nyhetskanalen har fått andre oppdrag og samfunnet går tilbake til sine vante rutiner

<3

Gje meg handa di, ven,når det kveldnar,

det blir mørkt og me treng ei hand.

La dei ljose og vennlege tankar

fylgje oss inn i draumars land.

Lat varmen frå ein som er glad i deg

tenne stjerner i myrkaste natt.

Gje meg handa di, ven,

når det kveldar,

det blir mørkt og me treng ei hand.

 

<3

blogg 30 april 2 

 

 

«Berre ein hund?»

Fantastiske ting kan skje i møte mellom barn og hund, samspelert som utarte seg.

Desse tinga som ikkje alltid blir sagt, men som berre er der.

Å måtte lære seg å ta hensyn, setje noko anna forran eigne behov, og ikkje minst alltid bli møtt med eit heilt enorm glede kvar einaste dag når du kjem heim.

Det gjere noko med deg.

Både for liten og stor.

blogg 30 april

Eg hadde ikkje trudd at det å få hund i hus skulle gjere så stor innvirkning i postitiv forstand som Spike har gjort, men det har han.

Læringskurva for gutane er bratt, men dei går vegen.

Spike er ikkje berre ein hund, eit kjæledyr som er på utstilling, han er blitt mamma sitt fremste verkty for å korrigere dårleg adferd til god adferd.

Og det fungerar,fordi gutane skjønar, etter mykje jobb frå oss vaksne, at Spike også må ha det bra <3

Spike har det ikkje bra om gutane spring tulling i stua og hyler høgt, for Spike likar ikkje høge lydar, akkurat slik som gutane heller ikkje gjere.

Laurits lurte på om vi kunne kjøpe «hørselhjerne» (Les hørselvern) til Spike- men akkurat det fant vi ut vart litt vanskeleg sidan hadde så tynn hjerne 😛

Vi må vente på tur når vi har hund, og vi må planlegge.

Sjølvsagt skal ikkje Spike gå forran alt og alle, han må jo finne sin plass som hund i familien, men når ein har born som stort sett ser verda svart-kvitt og seg sjølv midt i sentrum, så er det utruleg fint å ha eit lite sjarmtroll på 3 mnd som set litt anna fokus.

meistring

Det er også fint å berre sitje på golvet og begrave hovudet i den mjuke kvalpe pelsen, mens ein nynnar på yndlingssongen sin og vuggar lett.

Ro.

Det er fantastisk å sitje på sidelinja og observere ei slik ro, eit unikt samspel mellom to individ.

Den eine som ikkje alltid skjønar alt, og den andre som ikkje krev noko.

Man kan med undertrykt latter oppleve gutane si oppgitte haldning når Spike har hatt eit uhell på golvet, eller får seg ein raptus der han sjølv spring tulling i stua.

Då kjem det formaningar som perler på ei snor- ein rein kopi av mamma sine formaningar til sitt eige avkom.

Og, sjølv om det er mykje arbeid med hund,( for det skal seiast at det er, det er som ein ny baby i hus) , så vil eg ikkje seie  «BERRE» ein hund.

For oss utgjere han allereie ein stor forskjell <3

blogg 30 april 1

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

Treng vi diagnosar?

posted on: 27. april 2016

AS Larsen har fått seg ein ufrivilleg heimedag eller to, anten er det grunna eit eller anna virus, eller så får vi skulde på våren, som vart vinter, som tidvis gjekk til haust, for så å vise seg litt sommerleg, men til slutt ende opp som vinter.

Vi hoste, har såre halsar, og er tørr på snuten- noko som sikkert kvalifisere til 38.02 i feber.

Uansett- vi kan ikkje gå på skulen.

blogg 27 april

Dermed får ein jo litt betre tid attåt frukostbordet enn vanleg, og eg får meir tid til å lytte.

Lytte til samtalar mellom to tvillinbrør der særinteressa felles for tida er fyrste verdskrig og nedskotne fly.

Fakta, design, hendingar, namn på pilotar blanda med født og død.. Alt dei kan  og veit!

Men hjelp til vanlege ting som å kle seg, det må mamma trå til med.

Avstanden mellom funksjon er nesten absurd.

blogg 27 april 2

Plutseleg slår det meg, her eg sit med kaffien min:

«Kva hadde skjedd om vi ikkje hadde fått ei diagnose?»

NÅR TRENG MAN EI DIAGNOSE?

Ingen foreldre ynskjer ein merkelapp på borna sine, om det er sånn eller slik.

Alle vil at borna skal vere friske ,velfungerande individ som har det godt, både på skulen og heime, og at det verste som kan skje dei her i verda er at mamma og pappa kan vere litt dust når dei ikkje innvilge laudagsgodt på ein onsdag.

Men no er ikkje livet  så forutsigbart, og ting skjer, ting dukke opp, det som er annerleis vise seg.

Ein treng ikkje ei diagnose før det som er annerleis blir eit problem- fekk eg fortalt ein gong.

Det sit eg å grunne litt på  no, for det er heilt sant!

Er man aktiv på skulen, slit med konsentrasjonen, men skulen klare å tilretteleggje slik at bornet klare seg godt,og bornet sjølv har ei god fungering og godt med seg sjølv, då treng ikkje dette bornet nødvendigvis å bli utreia for ADHD!

Litt satt på spissen sjølvsagt, for ADHD er ikkje SÅ enkelt at det er har  eller ikkje har.

Poenget mitt er at om samfunnet klare å leggje til rette, og bornet blir sett, så er det ikkje sikkert at det treng eit namn på utfordringa.

blogg 30 jan 2

Men,  det er når utfordringa blir vanskeleg. Vanskeleg for bornet sjølv, for familien og for skulen, det er då ein må ta tak.

Kartleggje kor problematikken ligg.

Her kjem og den vanskelege avveininga fordi adferda kan skuldast heilt andre ting enn diagnosar.

Det må vi og prøve å finne ut av, borna har krav på det.

Om vi har trengt ei diagnose eller 4-5 som vi no har?

Ja, vi har det.

blogg 1 april 1

Vi har treng eit namn på det som er annerleis, og treng forståinga og hjelpa som trengs rundt våre utfordringar.

Og vi vil trenge det resten av livet.

Ilag med mange andre.

Vi kan godt ta diskusjonen om vi ikkje hadde trengt den om gutane si utfordring vart sett frå byrjinga av og gjett same hjelp utan eit namn på det.

Då vil eg svare som fyljer.

Utan ei diagnose får ein ikkje hjelp frå NAV.

Jada, det står at ein skal få hjelp ved utfordring, men det er berre noko som står på papiret.

Skal ein få hjelp må det ein skal ha hjelp til ha eit namn som står i ein eller anna manual.

Skal ein få hjelp på skulen må ein ha namn på det ein skal få hjelp til.

Jada, det står i opplæringsloven at alle elevar skal ha tilrettelagt undervisning, men i ei klasse med 27 elevar og 2 lærerar så må man ha eit namn på det rare for å få den hjelpa ein treng.

Og diverre er det mange som ikkje får den rett då heller- her har vi ein lang veg å gå.

blogg 2 april 2

Vidare skal ein og ta vare på den psykiske helsa til menneskje.

Samfunnet tek ingen hensyn, så lenge det ikkje er eit namn å ta hensyn til.

Baksnakke gjere vi uansett, stemplar som late og udugelege, «Navarar»- desse som ikkje bidrar.

Men ved å ha eit namn så kan man kanskje skjøne si eiga utfordring å få litt trøst i det?

Lære å akseptere at ein har Asperger syndrom for eksempel, og lære seg strategiar som vaksen ut i frå det?

Eller at ein har fått ein psykiatrisk diagnose som treng medisin i ei periode og kanskje terapi?

Vite med seg sjølv at det er ein grunn for at ting er blitt som det er blitt- med ein knagg å hengje det på.

Ikkje sjuk- ikkje synleg ,men ein tilstand med eit namn.

Hadde samfunnet kunne tolerert alle, i eit mobbefritt samfunn, der ein hadde makta å legge til rette for alle utfordringar, så kanskje vi hadde klart oss utan eit namn.

Men, sidan det ikkje skjer, må ein heller bestrebe å gje rett namn til rett utfordring , og så tidleg som mogeleg.

På den måten kan diagnosa bli ei styrke, ikkje ein svakhet, på vegen til eit verdig liv.

blogg 6 april 3

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

NEI! Eg vil ikkje ha meir dårlig samvit, tusen takk!

posted on: 24. april 2016

Då eg gjekk gravid med Jakob, min fyrstefødte, fekk eg ei sjeldan form for svangerskaps kvalme.

Den gjekk veldig kort fortalt ut på at eg hadde nærkontakt med doskåla opptil 20 gonger for dag, og var heller utriveleg å ha med å gjere.

Ein kan godt seie at kongens fortenestemedalje utan tvil burde ha blitt tildelt min mann desse 8.5 mnd det her pågikk.

Jakob kom til verda, heilt perfekt, 3010 g og 51 cm.

Eg var 62 kg då eg vart gravid 58 då eg fødte, og gjekk ut av sjukehuset på Nordfjordeid denne sumaren som ei avmagra sild på rundt 52 kg.

FYTTI GRISEN seie berre eg!

Så, då eg vart gravid igjen, og det begynte på same måte som med Jakob, med hovudet i doskåla, så tenkte eg eigentleg at det her det makta eg berre ikkje!

I tillegg hadde eg jo ein nydeleg flott 2 åring å passe på.

Men, plutseleg gjekk det over, og eit heilt fantastisk svangerskap fekk eg oppleve.

Tungt ja,eg bar jo på 2, men omtrent ikkje ei einaste plage:)

Eg hadde ein last då.. eg var avhengig av Sørlands is, med sjokoladebitar, den mørke varianten.

At eg kunne ha drept for den isen på det verste, det trur eg nesten 😉 Min mann gløymde i alle fall aldri å kjøpe den for å sei det sånn .

blogg div 3

Gutane kom til verda, 4 veker før tida, fikst ferdige, rundt 2 kg kvar.

FØDT med autisme.

Og det burde vel vore meir nærliggande å tru at det var Jakob som skulle fått problem av større art, med ei mor som knapt tok til seg næring, enn dei som fekk alt de trengte og litt til?`

Trening, sunn god norsk mat, og mentalt heilt i balanse.

Denne forskningsartikkelen las eg i dag tidleg , og satte kaffien i halsen!

http://illvit.no/mennesket/hjernen/forskere-melk-og-kjott-motvirker-autisme

JA! EG ELSKAR FORSKNING! –Det har eg sagt mange gonger før!

Og, eg skjønar at ein må forske, men eg skjønar ikkje kvifor ein ikkje kan vere litt meir forsiktig med å publisere forskningsmaterialet sitt- som er forska på mus, før ein er HEILT sikker!

For, sjølv om eg er 100 % sikker på at «vår» autisme er medfødt, og ikkje minst kjem frå våre gener, så gjere det vondt å lese slikt!

Sjølv om eg ikkje vil ta det innover meg, så gjere eg det, og det irritere meg!

EG VIL IKKJE HA MEIR DÅRLIG SAMVIT!

Forsk for gud skuld, men publiser når de har millionar med mus som ikkje lenger har autisme- ikkje berre syns eller tru..

Eg lure forresten endå på korleis ei autistisk musehjerne arte seg, men det er no ein anna sak- eg er ikkje forskar heldigvis.

Samstundes skulle eg og ynskje at ein kunne forske litt meir på korleis barn med autisme sitt livsløp vil bli om dei får rett hjelp i rett ledd heile livet.

blogg 24 feb

Det hadde vore forskninga si det!

Forska på ringvirkningane av foreldre som slepp å slite seg ut for at borna deira skal få den hjelpa dei treng, og born som i staden for å få angst eller depresjon av ein stressande kvardag, heller kunne få lov til å bruke tida si på å jobbe med dei sterke sidene sine, og utvikle seg til eit sjølvstendig liv.

Hadde eg «kurert» mine gutar om det gikk ann?

Ja, det hadde eg.

Men sidan eg ikkje har den mogeleheita, så får det halde med å gje dei :

Meistring

meistring

Kjærleik

lykke

Glede

glede

Opplevingar

oppleving

Og mot!

blogg 2 april 1

 

Det syns eg og vi kan forske litt på effekta av! Billig er det og!

 

<3<3 Ragne Beate

 

«Den vanskelege stemma»

posted on: 23. april 2016

Den siste tida har eg snakka med mange fortvila foreldre, som ikkje blir hørt, som har born som vert misforstått, og som havnar i kjedelege situasjonar.

Foreldra er slitne og fortvila, mange kamplystne andre har nesten resignert.

Slik er kvardagen til veldig mange menneskje som har born med spesielle behov.

Og det er ikkje alle som klarar eller maktar å finne den «vanskelege» stemma, når det trengs.

Difor har eg skrive teksten «Den vanskelege stemma» i dikt form.

«Vi har eigentleg nok med den stemma som dele oss i to vi»

blogg 14 feb 1

 

«Den vanskelege stemma»

 

Åh kor mange gonger har ein ikkje tenkt

«Kunne eg berre sleppe det her»

Sleppe kampar, gnålet og maset

Vere lukkleg,slik «alle andre er»

 

Det er du som har den vanskelege stemma

Den stemma som dele deg i to

Gir deg samvit så svart som ein feiar

Men og gir deg mot som ein kjempe eller to!

 

Du finn fort ut at stemma må du bruke

Nokre gonger er det lett

Det er dagar då ting går på skinner

Då alt berre funkar rett og slett

 

Då er stemma mild som somarbrisen

Du takkar og smiler i mot

Er glad du bur i velferdsstaten

Der ting som er godt kan slå rot

 

Men plutseleg dreiar vinden

Nordvesten den slår inn

Slår beina under alt du har bygd opp

«For det går jo så kjempe fint!!»

 

Du reis deg opp med den vanskelege stemma

Den som ropar stormen midt i mot

Du forklarar, skriv og argumenterar

Ser de ikkje kva det gjere oss imot?

 

Tenk på alle som ikkje maktar

Å bruke stemma som du ofte må

Den vanskelege spisse røysta

Som slit deg ut, men du veit ikkje anna råd

 

Tenk på mamma og pappa i heimen

Med tårer nedover kinn

Ser ikkje verken fram eller tilbake

På ein situasjon som er gått heilt i spinn!

 

Tenk om vi kunne blitt forstått på vegen

Om ikkje anna møtast ein plass

Foreina økonomi og behovet

Funne løysing, ikkje berre rasering og trass

 

Tenk om vi kunne sleppe å bruke den stemma

Med vanskelege og krasse ord

Som kjem fram i kampens hete

Og som ikkje fell i god jord..

 

Med forståing kan vi bruke stemma

Med ein heilt anna agenda på jord

Ei liv for bornet som er annerleis

Som er verdig, rettferdig og godt

 

Med respekt kan alle foreldre få kjempe

Også dei som slitne er

Som ikkje maktar å finne att den vanskelege stemma

Sjølv om den heilt sikkert ein plass, er der.

 

For,vit vi foreldre har nok med den stemma

Den stemma som dele oss i to

Som gir oss samvit så svart som ein feiar

Men som ikkje alltid finn att ein kjempe eller to…

blogg 7 jan 3

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

Når ADHD medisinen virker som den skal.

posted on: 20. april 2016

Eg har lenge leika med tanken om å skrive innlegget:

«ADHD medisin berga familien min!»

Meeeen… eg skal la det vere.

Eg skal heller fortelje dykk ein litt meir nyansert vurdering.. etter no 6 mnd på medisin.

Det fyrste eg vil fortelje er at JA- medisin fungerar for oss.

blogg 18 feb 1

No er det ikkje berre nyansar lenger, slik det var før jul.

Om det har med at mamma og pappa er blitt meir oppmerksom, eller om det er borna si endring som har gjort den store forskjellen, det veit eg ikkje, men no vise den tydeleg.

Det fyrste eg vil seie vise er at borna våre er i mykje betre humør enn dei var før.

Stabilt humør.

Dei er også meir oppmerksomme.

Ikkje berre på dei beskjedane dei får, men også på det som er rundt det.

Dei treng like mykje vaksenstøtte som før, der har ingenting endra seg, men dei løfte blikket på ein annan måte no.

Det er vanskeleg å forklare, kanskje er det berre nyansar? Men eg ser det, mamma Ragne ser det.

Mormor ser det og, men ho og eg er veldig like i å oppfatte slike små vinklingar som ikkje alle andre ser.

Ho kallar det «natt og dag» før og etter medisin. Eg tenkjer det seier sitt.

Dei er ikkje nevneverdige mindre aktive gutane mine.

Heldigvis seier berre eg. Hadde eg fått zoombiar så hadde eg aldri forsatt med medisin, for en ynskjer at born skal få vere born!

Men det er forskjell frå å hoppe i «vilden sky» på trampolina og kose seg glugg i hel, og å MÅTTE hoppe i sofaen når ein eigentleg ynskjer å kvile.

blogg 26 des 1

Ro er eit anna stikkord.

Gutane mine har fått ro, dei har fått hjelp til å senke skuldrane sine og berre vere, dei «jagar» ikkje lengre slik dei gjorde før.

Eg har ein klump i halsen når eg skriv det her, for eg hugsar så då dei var mindre, og dei var så sliten at dei ikkje visste verken fram eller tilbake, men dei klarte ikkje å gire ned, dei fekk aldri ro.

Tenk,  gutane mine får no lov til å sjå ein heil 15 min snutt på tv. Utan å måtte hoppe!

Er det ikkje fantastisk?

For DEI!

For meg og , for all del, men ein sofa er ein sofa, den kan eg kjøpe på nett eller hos lokal forhandlar når eg vil om den vert øydelagt.

Men gutane? Eg har berre desse to unike gullklumpane- dei fortene det beste!

blogg 21 okt 1

Sjølvtillit er det siste.

Dei har begge fått betra sjølvtillit, fordi dei no har fokus til å meistre.

Til å klare å fortelje.

Framleis er det i stor grad særinteresse  som kjem fram.

Men Laurits fortelje no.

Og det er så godt!

Medisin har ikkje gitt oss eit nytt liv, men det har gitt gutane mine ei heilt anna føresetnad for å klare sin kvardag.

Ilag med 24/7 oppføljing, tilrettelegging, struktur, forutsigbarhet og selvfølgelig den største ingrediensen:

Grenselaus kjærleik!

blogg 7 jan 3

Kvifor skriv eg dette innlegget?

Jo, fordi eg vil vise at medisin kan hjelpe.

ADHD er ikkje maur i rompa, eller umulige born, og medisin er ikke brannslukking eller late foreldre som ikkje makte ved utfordringa.

Medisin kan vere rett.

«Livet berga med ADHD medisin?»

Vel.. i alle fall eit betre utgangspunkt for eit betre liv, utan tvil!

Ikkje døm! Ikkje baksnakk! Ikkje syns!

Og ikkje sei at ADHD berre er noko tull- for den vanska er like reel som andre diagnosar, den er berre uglesett!

 

«Try walking in the right shoes before you jugde!»

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

Ærlighet varer lengst?

posted on: 18. april 2016

Å sjå verda svart kvitt kan by på nokre utfordringar, både for bornet med autisme og oppdragaren som skal gje bornet dei verktøya han treng i det sosiale rom.

blogg 14 mai 3

Det som kjem ut av brødsaksa er ikkje alltid heilt adekvat kan man vel trygt seie, når det vert påpeika både det eine og det andre.

Ironi dett heilt ned mellom to stolar, same gjere humor og sarkasme.

For all del, mine gutar har humor, det vil eg berre slå fast med ein gong, men dei har humor på ein heilt annan måte enn det eg har.

Dei ler av dei særaste greiene, og mange gonger på heilt feil plass, men hos oss er det eit herleg unntak frå mange andre som også har det slik.

Her ler begge tvillingane ilag-alltid.

Men latter som bøljer langt ned i frå lisjetåna og ut i rommet.

Men så var det den her oppdraginga då.

Å ha born som kommentere det meste er ikkje alltid greitt, men det er heller ikkje greitt å gå å pirke på alt heile vegen heller.

For å sei det sånn, ein får ikkje betre sjølvtillit om ein heile dagane får beskjed om at «det kan du ikkje  seie» eller « hysj no!».

Så, kvar går den gyldne middelveg?

Vel:

Punkt 1: Man kommentere ikkje vekt. Ferdig snakka. Uansett.Alltid.Punktum.

Punkt 2: Korleis vaksne folk løyser oppgåver er ikkje eit tema for diskusjon.

(Altså ikkje slik som biletet under)

blogg 31 jan 1

Eksempelvis treng ikkje mamma rettleiing i korleis ein lagar kvit saus, og om ho vel å ha pulveret i panna før melka-sjølv om det ikkje står det på pakken i den rekkefølga, så er det faktisk mamma sitt val!

Punkt 3: Man snøftar eller himlar ikkje med augene verken til vaksne eller born- det vert oppfatta som frekt og utriveleg.

Punkt 4:Man må også tåle å få eit nei.

Og det er ikkje enkelt alltid.

Men, livet er no enn sånn at det består av  å få mykje nei, og ein må liksom berre forsone seg med at slik er det!

Eg opplev mange gonger at eg  må gå i megsjølv i møte med mine born for ikkje å bli irritert eller sur når ein stadig får påpeika feil eller manglar ved eigen adferd.

Ja, mamma har glømt å blinke til høgre eit par gonger, ho har det.

Ho har og kjørt i ein vegg med Saaben til pappa, og sida det ikkje vart noko merke på verken Saab eller vegg så hadde ho vel eigentleg ikkje tenkt å gjere noko nummer uttav det.

Det slapp ho forøvrig for det var jo det fyrste de kom springane og fortalde pappa før han omtrent hadde komt seg inn døra etter jobb.

Med tindrande auge og sensasjonslyst:

«Mamma har kjæææææææææææsja!!!»

blogg 8 september 2

Og ,når mamma har sminke seg ein sjeldan gong må ho og tåle å få spørsmål om kvifor ho skal på karneval og ikkje alle vi andre.

5 minutt er 5 minutt ikkje 7 og eit halvt minutt, og mamma både lyg og er ufin om ho går over tida!

For kor mykje er eigentleg ei lita stund mamma? HÆ?? HÆ??

Så, kva er poenget mitt i alt det her?

Jo, poenget mitt er at det er mykje som er søtt og artig når borna er små, og som man kan sjå mellom nevane, men vi må ikkje gløyme at dei blir store.

Og, ved å ikkje ha lært kva som er ok eller ikkje, så kan dei kome i situasjonar der dei ufrivillig kan såre og trakke på andre- fordi dei er brutalt ærleg.

Vi må lære ein form for teknisk smidighet tenkjer eg.

Om det er enkelt?

Nei.

Eg kjenne eg både ler og vrir meg i innestengt frustrasjon på vegen.

Men- den vegen- den må mamma Ragne kjøre opp- for sine skjønne små!

På den måten kan ærleghet vare lengst <3

blogg 1 april 1

<3<3 Ragne Beate

 

 

«ADHD som skjellsord- kan vi ikkje berre slutte med det?»

posted on: 16. april 2016

Kvifor er ADHD eit skjellsord?

Og kvifor blir ikkje denne mobbinga som det faktisk er, slått ned på?

Det har eg lyst å skrive litt om det i dag, enkelt og greitt fordi det irritere meg grenselaust at ei gruppe mennskje blir neglisjert på ein slik måte, og det er liksom HEILT GREITT!

Kor mange av de har sett en frekk og hyper unge og tenkt inni dykk: «Han der har garantert ADHD?»

Eg har gjort det, mang ein gong, men det er ein vesentleg forskjell på å tenke tanken og å faktisk seie det høgt og tydeleg.

Mange born er livredd for at andre skal finne ut at dei har fått diagnosen ADHD , fordi det fyljer så mykje negativ ladd forventing rundt diagnosen.

Korleis i allverda skal eit born kunne få hjelpa den treng, og ikkje minst klare å jobbe med segsjølv fram i mot vaksen livet, om dei i utgangspunktet er livredd for å bli assosiert med si eiga utfordring?

Det er berre så trist og fortvilande!!

Og det er mobbing.

blogg 16 august 2

Ja, eg drar det så langt, at eg kallar det mobbing.

Eit born som er urolig har ikkje nødvendigvis ADHD, og det skal heller ikkje tilleggast vanskar det ikkje har, sjølv om det er urolig.

Å kalle eit urolig barn: «Har heilt sikkert ADHD» er heilt feil!

Er verkeleg kunnskaps nivået framleis så lågt i Noreg?

I Norge er det anslått at 3-5 % av barn kan ha ADHD- ofte også som en tilleggsvanske.

Det tilsvare 1 i hver klasse.

http://www.aftenposten.no/familieogoppvekst/Lurer-du-pa-om-barnet-har-ADHD-610315_1.snd

EN av kanskje 26 eller 27..

Eg har skrive det her før, men som mor til born med autisme OG ADHD, så tenkje eg at ingen daude av litt repitisjon.

«ADHD er ikkje berre eit hyperaktivt urolig born.

Mange gonger kan faktisk det å vere urolig vere bornets styrke fordi det er uthaldande- problemet kan faktisk vere å KLARE å roe ned.

For, born med ADHD vil gjerne klare å roe ned, det er forferdeleg tøft å ha ein motor som aldri går tom!

ADHD born slit også sosialt på lik linje med born med autisme.

For dei skjønar heller ikkje alle sosiale kodeksar. Ikkje slik som born med autisme, men på ein annan måte.

Det går for fort, dei klare ikkje halde fokus, dei dett ut av samtalar, dei har hjerne kjør.

Visste du at eit born med den rolige varianten av ADHD altså ADD også har hjernekjør?

ADHD kan vere konsentrasjonsvanske, forståelsesvanske, søvnvanske,dårlig impulskontroll og sosial vanske, og det kan vere alt på ein gong»

Blogg 18 feb

Og desse mobbe vi!

Fordi samfunnet tillate at  det er heilt greit å bruke ADHD som eit skjellsord på born som ikkje oppføre seg  adekvat etter den settinga du meine bornet skal oppføre seg i.

Har du tenkt over det eller?

Har du tenkt over kor mange man såre når man bruke ei diagnose som forklaring på en adferd?

Eg syns ikkje det er greit at foreldre fortel meg at dei ikkje tør å seie at bornet deira har ADHD…

Eg syntes ikkje det er greitt at born ber foreldra på sine kne om at dei IKKJE skal fortelje om deira ADHD..

Og, eg syns ikkje det er OK at samfunnet berre godtar at å bruke ei diagnose som for mange er superkrevjande og slitsom som eit  skjellsord!

Skal vi berre ta å slutte med det?

blogg 5 april 1-1

 

<3<3 Ragne Beate

 

Vi fyljer draumen <3

posted on: 14. april 2016

Heisann!

Det er travle dagar hos AS Larsen om dagen, så blogg vert litt oppdatert i hytt å gevær, det vil kome seg etter kvart håpe eg.

Å ha born med funksjonshemming går veldig ofte ut på å måtte forsake dramuar.

Kanskje nokre syntes eg er ufin når eg skriv det, og at borna mine vil lese det seinare og bli lei seg over ordbruken.

Vel, eg skal heller forklare dei det om det skulle kome.

blogg 8 april 1

Les de vidare vil de skjøne 😉

Draumar er og blir ofte berre draumar.

Nokre av dei kan aldri bli satt ut i livet, nokre er uoppnåelige, nokre innebære gevinstar i lotteri, der ein har ein sjangs, berre ein har tippa 😉

Nokre draumar må man faktisk forsake, fordi borna dine må gå fyrst.

Og nokre draumar kan settjast ut i livet, og det til og med på ein måte som gjere at ein får berre i pose og sekk!

Og i går fulgte eg og min mann ein slik draum, med gutane si velsigning.

Vi sel i desse dagar huset vi bygde i 2009, og har kjøpt oss eit småbruk i ei bittelita bygd her på øya.

Draumen om frihet og natur er gått i oppfylling <3

blogg 26 des 1

Og, det ironiske er nok at hadde ikkje borna våre hatt autisme, så er det kanskje ikkje sikkert at vi i det heile tatt hadde vurdert å tørre å fylje draumen!

Men mine vener- livet er her og no <3

Carpe Diem- grip dagen og alt det der- LEV!

Og vi skal LEVE- det har eg bestemt meg for, ilag med ein masse bokstav diagnosar og utfordringar i fleng.

For ved meistring, utfaldelse og ansvar kjem man så langt!

blogg 30 jan 2

Der den eine døra lukkast, åpnast ei anna, ein må berre tørre å ta steget inn <3

Eg kan med handa på hjartet seie:

To be continued <3

blogg 20

 

<3<3 «Gardskjerring» Ragne Beate

 

Kor mange byte hadde du tålt?

posted on: 11. april 2016

Eg sitte her med kjøkkenbordet mitt og spekulere på ein sak.

Tenk deg fyljande.

«Du jobbar i ei bedrift der du er avhengig av andre for at jobben din skal bli gjort.

Det vere seg både små og større prosjekt, men felles for dei alle er at du tidvis treng litt guiding på noko, mens andre plassar treng du meir konkret hjelp.

Heldigvis er du heldig som har ein kjekk sekretær som hjelpe deg på vegen.

Det gjere deg trygg, gjere dagen din forutsigbar  og du veit at vedkommande vil brannsløkkje for deg om du går på ein smell.

Supert, ikkje sant?

Så, ein dag har sekretæren din fått med seg 19 andre på laget, som skal vere med deg i jobben din og hjelpe deg.

blogg 11 april 1

Då kjem mitt spørsmål:

Kor produktiv er du om du har 20 sekretær byte i løpet av ein arbeidsdag?

20 gonger i løpet av dagen skal du forhalde deg til ein ny person, kanskje fortelje personen kva du ynskjer skal bli gjort, viss du har tid til det før neste mann kjem.

Og når du endeleg er klar for å jobbe godt, ja, då kjem det ein ny sekretæren.

Kom ikkje å fortel meg at du ikkje hadde vore frustrert då??!??

Det hadde nok ikkje tatt mange timane før kokepunktet hos arbeidstakaren hadde vore såpass på bristepunktet, at han hadde brent av og gått til ledelsen.

For, slik vert ikkje godtatt i arbeidslivet.

Eg er rimeleg sikker på at fagforeininga hadde vore på banen med ein einaste gong, arbeidsmiljøloven hadde vore slengt på bordet, det psyko sosiale miljøet hadde vore diskutert, og alle hadde vore einige om at denne endringa overhode ikkje har vore verken konstruktiv eller nyttig.

Om det ikkje hadde blitt endring i snarleg tid, så hadde nok arbeidstakaren sett seg etter ein ny jobb, då situasjonen var uholdbar».

blogg 20 mars 3

Så,då lure eg på kvifor er det er slik at mennskje med autisme som er i forskjellige boligar rundt omkring i landet må tåle slike byte?

Eller på skular, der det vert sett inn vikar for vikaren.

Eller avlastningshelga med 8 mann på..

Dei skal tåle slike byte fordi det er dårleg økonomi, sjukmeldingar, vikarar eller helgeansatte i små brøk stillingar som ikkje får meir.

Og det skal liksom vere lov? Heilt ok? Vi beklager,men…!

Den ansatte med plutseleg 19 vikarar han brenne av, brøle sin frustrasjon, forklare i STORE ordlag kvifor han ikkje klare jobben sin skikkeleg no.

Og han kan true med å sei opp!

Den mogelegheita har ikkje eit menneskje med funksjonshemming som treng hjelp frå det offentlege.

Dei har aldri retten til å seie opp!

Og mange av dei har heller ikkje mogelegheiten til å sei i frå… tenk litt over den..

blogg 8 april 1

Det dei må gjere er å gå i ei suppe kvar dag ut og inn, og bli meir slitne, meir frustrerte, og meir sinte.

Også lure vi på kvifor det vert auka bruk av tvang?

Eller utagering?

Desse brukarane som vi VEIT er sårbare for endring, ustruktur og menneskje dei ikkje er trygge på.

Kvar er deira vern i paragrafar og rammeplanar?

Når skal vi ta tak i det?

Eg undrast….

Blogg 2 april 1-2

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

Den som tier samtykker

posted on: 9. april 2016

I dag tidleg vakna eg å las denne artikkelen på Dagbladet.no.

http://www.dagbladet.no/…/barnevern/omsorg/autisme/43785649/

Eg vart uvel, fekk tårer i augene og satte kaffien i halsen.

Tankane kom, og det vart til eit dikt:

 

«Den som tier samtykker»

Kor mange eksempel skal vi få høyre?

Kor mange familiar skal bli øydelagt?

Kor mange tenester må forsvinne,

Før vi skjønar at nok er nok!!!

 

Kor mange menneskje med tilstand autisme,

Skal vi lese og grine om?

Føle avmakt og fortviling og sinne

Over liv som ingen verdighet har!

 

Kor lenge skal vi sitte stille?

På kvart eit nes i vårt land,

Tenkje at andre tar seg av saken

Den angår vel strengt tatt ikkje oss?

 

Det angår stat, storting og regjering

Komunal sjefar, velferd og så..

Men det er stille i lufta rundt dei

Vil dei ikkje finne nokon råd?

 

Er det plutseleg «greit» å bruke tvangsparagrafar?

Eller auke bruken av medisin?

Kvar er vilja til å skape ei endring?

Er det  INGEN som det ynskjer og vil??

 

Den som tier samtykker,

Eit ordtak som er mykje brukt

Men her kan vi ikkje lenger tie

Her må hyleast, og det steikje HØGT!

 

Vi må ha endring i menneskjeverdet

I eit av verdas rikaste land

Vi må snu på måten å tenkje

Gje rette tenester med ein einaste gang!

 

Er du født med autisme eller ikkje,

Du er PINA med like mykje verdt!

Du treng kanskje hjelp til halde deg oppe

Og den skal du ha med deg på di ferd!

 

Så VÅKN OPP kjære samfunn, løft blikket!

Invester der det trengs som mest!

Det er ikkje berre dei eldre

Som treng ein neste for å kunne bli best!

 

Vi skal ikkje tie ,vi skal handle!

Eg håpar de med makta no forstår

At vi kan ikkje lenger sjå andre vegar

Oversjå det som foregår.

 

Eg sit her livredd som mamma

For ei framtid i offentleg regi

For å havne under tall og paragrafar

Som ikkje gir vernet det skal gi

 

Ikkje ver den som tier eg ber dykk!

Aksjoner og ta vare på dei som treng det

I heimen, i skulen og i institusjonen

Tru meg, ALLE vil profitere på det!

 

Eg ynskjer å stole på systemet

At dei kan hjelpe oss på veg

Men det krevs at vi snakkar same språket

For å tie, det gjere ikkje eg!

 

Different, but not less!

 

blogg 8 april 4

 

<3<3 Ragne Beate