Ærlighet varer lengst?

18. april 2016

Å sjå verda svart kvitt kan by på nokre utfordringar, både for bornet med autisme og oppdragaren som skal gje bornet dei verktøya han treng i det sosiale rom.

blogg 14 mai 3

Det som kjem ut av brødsaksa er ikkje alltid heilt adekvat kan man vel trygt seie, når det vert påpeika både det eine og det andre.

Ironi dett heilt ned mellom to stolar, same gjere humor og sarkasme.

For all del, mine gutar har humor, det vil eg berre slå fast med ein gong, men dei har humor på ein heilt annan måte enn det eg har.

Dei ler av dei særaste greiene, og mange gonger på heilt feil plass, men hos oss er det eit herleg unntak frå mange andre som også har det slik.

Her ler begge tvillingane ilag-alltid.

Men latter som bøljer langt ned i frå lisjetåna og ut i rommet.

Men så var det den her oppdraginga då.

Å ha born som kommentere det meste er ikkje alltid greitt, men det er heller ikkje greitt å gå å pirke på alt heile vegen heller.

For å sei det sånn, ein får ikkje betre sjølvtillit om ein heile dagane får beskjed om at «det kan du ikkje  seie» eller « hysj no!».

Så, kvar går den gyldne middelveg?

Vel:

Punkt 1: Man kommentere ikkje vekt. Ferdig snakka. Uansett.Alltid.Punktum.

Punkt 2: Korleis vaksne folk løyser oppgåver er ikkje eit tema for diskusjon.

(Altså ikkje slik som biletet under)

blogg 31 jan 1

Eksempelvis treng ikkje mamma rettleiing i korleis ein lagar kvit saus, og om ho vel å ha pulveret i panna før melka-sjølv om det ikkje står det på pakken i den rekkefølga, så er det faktisk mamma sitt val!

Punkt 3: Man snøftar eller himlar ikkje med augene verken til vaksne eller born- det vert oppfatta som frekt og utriveleg.

Punkt 4:Man må også tåle å få eit nei.

Og det er ikkje enkelt alltid.

Men, livet er no enn sånn at det består av  å få mykje nei, og ein må liksom berre forsone seg med at slik er det!

Eg opplev mange gonger at eg  må gå i megsjølv i møte med mine born for ikkje å bli irritert eller sur når ein stadig får påpeika feil eller manglar ved eigen adferd.

Ja, mamma har glømt å blinke til høgre eit par gonger, ho har det.

Ho har og kjørt i ein vegg med Saaben til pappa, og sida det ikkje vart noko merke på verken Saab eller vegg så hadde ho vel eigentleg ikkje tenkt å gjere noko nummer uttav det.

Det slapp ho forøvrig for det var jo det fyrste de kom springane og fortalde pappa før han omtrent hadde komt seg inn døra etter jobb.

Med tindrande auge og sensasjonslyst:

«Mamma har kjæææææææææææsja!!!»

blogg 8 september 2

Og ,når mamma har sminke seg ein sjeldan gong må ho og tåle å få spørsmål om kvifor ho skal på karneval og ikkje alle vi andre.

5 minutt er 5 minutt ikkje 7 og eit halvt minutt, og mamma både lyg og er ufin om ho går over tida!

For kor mykje er eigentleg ei lita stund mamma? HÆ?? HÆ??

Så, kva er poenget mitt i alt det her?

Jo, poenget mitt er at det er mykje som er søtt og artig når borna er små, og som man kan sjå mellom nevane, men vi må ikkje gløyme at dei blir store.

Og, ved å ikkje ha lært kva som er ok eller ikkje, så kan dei kome i situasjonar der dei ufrivillig kan såre og trakke på andre- fordi dei er brutalt ærleg.

Vi må lære ein form for teknisk smidighet tenkjer eg.

Om det er enkelt?

Nei.

Eg kjenne eg både ler og vrir meg i innestengt frustrasjon på vegen.

Men- den vegen- den må mamma Ragne kjøre opp- for sine skjønne små!

På den måten kan ærleghet vare lengst <3

blogg 1 april 1

<3<3 Ragne Beate

 

 

  • Helga Iren

    ja, det var dinna regelen om «har du ikkje noko positivt å seie, så ikkje sei noko i det heile». Den fungera slik ganske greit, men den kreve litt nyanseringa den også. Men den funka stort sett.