«Den vanskelege stemma»

23. april 2016

Den siste tida har eg snakka med mange fortvila foreldre, som ikkje blir hørt, som har born som vert misforstått, og som havnar i kjedelege situasjonar.

Foreldra er slitne og fortvila, mange kamplystne andre har nesten resignert.

Slik er kvardagen til veldig mange menneskje som har born med spesielle behov.

Og det er ikkje alle som klarar eller maktar å finne den «vanskelege» stemma, når det trengs.

Difor har eg skrive teksten «Den vanskelege stemma» i dikt form.

«Vi har eigentleg nok med den stemma som dele oss i to vi»

blogg 14 feb 1

 

«Den vanskelege stemma»

 

Åh kor mange gonger har ein ikkje tenkt

«Kunne eg berre sleppe det her»

Sleppe kampar, gnålet og maset

Vere lukkleg,slik «alle andre er»

 

Det er du som har den vanskelege stemma

Den stemma som dele deg i to

Gir deg samvit så svart som ein feiar

Men og gir deg mot som ein kjempe eller to!

 

Du finn fort ut at stemma må du bruke

Nokre gonger er det lett

Det er dagar då ting går på skinner

Då alt berre funkar rett og slett

 

Då er stemma mild som somarbrisen

Du takkar og smiler i mot

Er glad du bur i velferdsstaten

Der ting som er godt kan slå rot

 

Men plutseleg dreiar vinden

Nordvesten den slår inn

Slår beina under alt du har bygd opp

«For det går jo så kjempe fint!!»

 

Du reis deg opp med den vanskelege stemma

Den som ropar stormen midt i mot

Du forklarar, skriv og argumenterar

Ser de ikkje kva det gjere oss imot?

 

Tenk på alle som ikkje maktar

Å bruke stemma som du ofte må

Den vanskelege spisse røysta

Som slit deg ut, men du veit ikkje anna råd

 

Tenk på mamma og pappa i heimen

Med tårer nedover kinn

Ser ikkje verken fram eller tilbake

På ein situasjon som er gått heilt i spinn!

 

Tenk om vi kunne blitt forstått på vegen

Om ikkje anna møtast ein plass

Foreina økonomi og behovet

Funne løysing, ikkje berre rasering og trass

 

Tenk om vi kunne sleppe å bruke den stemma

Med vanskelege og krasse ord

Som kjem fram i kampens hete

Og som ikkje fell i god jord..

 

Med forståing kan vi bruke stemma

Med ein heilt anna agenda på jord

Ei liv for bornet som er annerleis

Som er verdig, rettferdig og godt

 

Med respekt kan alle foreldre få kjempe

Også dei som slitne er

Som ikkje maktar å finne att den vanskelege stemma

Sjølv om den heilt sikkert ein plass, er der.

 

For,vit vi foreldre har nok med den stemma

Den stemma som dele oss i to

Som gir oss samvit så svart som ein feiar

Men som ikkje alltid finn att ein kjempe eller to…

blogg 7 jan 3

<3<3 Ragne Beate