NEI! Eg vil ikkje ha meir dårlig samvit, tusen takk!

24. april 2016

Då eg gjekk gravid med Jakob, min fyrstefødte, fekk eg ei sjeldan form for svangerskaps kvalme.

Den gjekk veldig kort fortalt ut på at eg hadde nærkontakt med doskåla opptil 20 gonger for dag, og var heller utriveleg å ha med å gjere.

Ein kan godt seie at kongens fortenestemedalje utan tvil burde ha blitt tildelt min mann desse 8.5 mnd det her pågikk.

Jakob kom til verda, heilt perfekt, 3010 g og 51 cm.

Eg var 62 kg då eg vart gravid 58 då eg fødte, og gjekk ut av sjukehuset på Nordfjordeid denne sumaren som ei avmagra sild på rundt 52 kg.

FYTTI GRISEN seie berre eg!

Så, då eg vart gravid igjen, og det begynte på same måte som med Jakob, med hovudet i doskåla, så tenkte eg eigentleg at det her det makta eg berre ikkje!

I tillegg hadde eg jo ein nydeleg flott 2 åring å passe på.

Men, plutseleg gjekk det over, og eit heilt fantastisk svangerskap fekk eg oppleve.

Tungt ja,eg bar jo på 2, men omtrent ikkje ei einaste plage:)

Eg hadde ein last då.. eg var avhengig av Sørlands is, med sjokoladebitar, den mørke varianten.

At eg kunne ha drept for den isen på det verste, det trur eg nesten 😉 Min mann gløymde i alle fall aldri å kjøpe den for å sei det sånn .

blogg div 3

Gutane kom til verda, 4 veker før tida, fikst ferdige, rundt 2 kg kvar.

FØDT med autisme.

Og det burde vel vore meir nærliggande å tru at det var Jakob som skulle fått problem av større art, med ei mor som knapt tok til seg næring, enn dei som fekk alt de trengte og litt til?`

Trening, sunn god norsk mat, og mentalt heilt i balanse.

Denne forskningsartikkelen las eg i dag tidleg , og satte kaffien i halsen!

http://illvit.no/mennesket/hjernen/forskere-melk-og-kjott-motvirker-autisme

JA! EG ELSKAR FORSKNING! –Det har eg sagt mange gonger før!

Og, eg skjønar at ein må forske, men eg skjønar ikkje kvifor ein ikkje kan vere litt meir forsiktig med å publisere forskningsmaterialet sitt- som er forska på mus, før ein er HEILT sikker!

For, sjølv om eg er 100 % sikker på at «vår» autisme er medfødt, og ikkje minst kjem frå våre gener, så gjere det vondt å lese slikt!

Sjølv om eg ikkje vil ta det innover meg, så gjere eg det, og det irritere meg!

EG VIL IKKJE HA MEIR DÅRLIG SAMVIT!

Forsk for gud skuld, men publiser når de har millionar med mus som ikkje lenger har autisme- ikkje berre syns eller tru..

Eg lure forresten endå på korleis ei autistisk musehjerne arte seg, men det er no ein anna sak- eg er ikkje forskar heldigvis.

Samstundes skulle eg og ynskje at ein kunne forske litt meir på korleis barn med autisme sitt livsløp vil bli om dei får rett hjelp i rett ledd heile livet.

blogg 24 feb

Det hadde vore forskninga si det!

Forska på ringvirkningane av foreldre som slepp å slite seg ut for at borna deira skal få den hjelpa dei treng, og born som i staden for å få angst eller depresjon av ein stressande kvardag, heller kunne få lov til å bruke tida si på å jobbe med dei sterke sidene sine, og utvikle seg til eit sjølvstendig liv.

Hadde eg «kurert» mine gutar om det gikk ann?

Ja, det hadde eg.

Men sidan eg ikkje har den mogeleheita, så får det halde med å gje dei :

Meistring

meistring

Kjærleik

lykke

Glede

glede

Opplevingar

oppleving

Og mot!

blogg 2 april 1

 

Det syns eg og vi kan forske litt på effekta av! Billig er det og!

 

<3<3 Ragne Beate

 

  • Anette

    Les artikkelen ein gong til. «Autismens gåte kan kanskje løses med noe så enkelt som melk og kjøtt.
    For disse matvarene inneholder aminosyren carnitin, som forskere fra Texas A&M University nå mener kan redusere risikoen for autisme hos fostre.» Altså er det bra for fostra om ein et kjøtt og drikk melk (eller fråtsar i sørlands-is), og negativt å være veganar med laktoseintoleranse.

    Eg er likevel einig med deg i at ein bør vere heilt sikre på resultata, og prøve å motbevise dei med fleire forsøk før ein publiserar slike resultat. Det gagnar ingen å gi mor dårlig samvit pga noko som er medfødt.

    • ragne

      Gikk litt fort i svingane med meg, så formuleringane mine vart litt feil, har tatt meg den frihet og retta det. Poenget mitt er uansett at å bli fora med forskningsresultat gagner ingen.
      Autisme koste samfunnet milliarder med kroner, hadde det «bare» vore mat som kunne fixe autisme, så hadde vi alle blitt tvangssatt på diett.
      Eg trur ikkje sjølv at autismegåten er løst.. men eg syns vi kan ha litt meir fokus på bedring av vilkåra til dei med autisme, mens vi forsker på å unngå å få autisme.

      Ragne