Treng vi diagnosar?

27. april 2016

AS Larsen har fått seg ein ufrivilleg heimedag eller to, anten er det grunna eit eller anna virus, eller så får vi skulde på våren, som vart vinter, som tidvis gjekk til haust, for så å vise seg litt sommerleg, men til slutt ende opp som vinter.

Vi hoste, har såre halsar, og er tørr på snuten- noko som sikkert kvalifisere til 38.02 i feber.

Uansett- vi kan ikkje gå på skulen.

blogg 27 april

Dermed får ein jo litt betre tid attåt frukostbordet enn vanleg, og eg får meir tid til å lytte.

Lytte til samtalar mellom to tvillinbrør der særinteressa felles for tida er fyrste verdskrig og nedskotne fly.

Fakta, design, hendingar, namn på pilotar blanda med født og død.. Alt dei kan  og veit!

Men hjelp til vanlege ting som å kle seg, det må mamma trå til med.

Avstanden mellom funksjon er nesten absurd.

blogg 27 april 2

Plutseleg slår det meg, her eg sit med kaffien min:

«Kva hadde skjedd om vi ikkje hadde fått ei diagnose?»

NÅR TRENG MAN EI DIAGNOSE?

Ingen foreldre ynskjer ein merkelapp på borna sine, om det er sånn eller slik.

Alle vil at borna skal vere friske ,velfungerande individ som har det godt, både på skulen og heime, og at det verste som kan skje dei her i verda er at mamma og pappa kan vere litt dust når dei ikkje innvilge laudagsgodt på ein onsdag.

Men no er ikkje livet  så forutsigbart, og ting skjer, ting dukke opp, det som er annerleis vise seg.

Ein treng ikkje ei diagnose før det som er annerleis blir eit problem- fekk eg fortalt ein gong.

Det sit eg å grunne litt på  no, for det er heilt sant!

Er man aktiv på skulen, slit med konsentrasjonen, men skulen klare å tilretteleggje slik at bornet klare seg godt,og bornet sjølv har ei god fungering og godt med seg sjølv, då treng ikkje dette bornet nødvendigvis å bli utreia for ADHD!

Litt satt på spissen sjølvsagt, for ADHD er ikkje SÅ enkelt at det er har  eller ikkje har.

Poenget mitt er at om samfunnet klare å leggje til rette, og bornet blir sett, så er det ikkje sikkert at det treng eit namn på utfordringa.

blogg 30 jan 2

Men,  det er når utfordringa blir vanskeleg. Vanskeleg for bornet sjølv, for familien og for skulen, det er då ein må ta tak.

Kartleggje kor problematikken ligg.

Her kjem og den vanskelege avveininga fordi adferda kan skuldast heilt andre ting enn diagnosar.

Det må vi og prøve å finne ut av, borna har krav på det.

Om vi har trengt ei diagnose eller 4-5 som vi no har?

Ja, vi har det.

blogg 1 april 1

Vi har treng eit namn på det som er annerleis, og treng forståinga og hjelpa som trengs rundt våre utfordringar.

Og vi vil trenge det resten av livet.

Ilag med mange andre.

Vi kan godt ta diskusjonen om vi ikkje hadde trengt den om gutane si utfordring vart sett frå byrjinga av og gjett same hjelp utan eit namn på det.

Då vil eg svare som fyljer.

Utan ei diagnose får ein ikkje hjelp frå NAV.

Jada, det står at ein skal få hjelp ved utfordring, men det er berre noko som står på papiret.

Skal ein få hjelp må det ein skal ha hjelp til ha eit namn som står i ein eller anna manual.

Skal ein få hjelp på skulen må ein ha namn på det ein skal få hjelp til.

Jada, det står i opplæringsloven at alle elevar skal ha tilrettelagt undervisning, men i ei klasse med 27 elevar og 2 lærerar så må man ha eit namn på det rare for å få den hjelpa ein treng.

Og diverre er det mange som ikkje får den rett då heller- her har vi ein lang veg å gå.

blogg 2 april 2

Vidare skal ein og ta vare på den psykiske helsa til menneskje.

Samfunnet tek ingen hensyn, så lenge det ikkje er eit namn å ta hensyn til.

Baksnakke gjere vi uansett, stemplar som late og udugelege, «Navarar»- desse som ikkje bidrar.

Men ved å ha eit namn så kan man kanskje skjøne si eiga utfordring å få litt trøst i det?

Lære å akseptere at ein har Asperger syndrom for eksempel, og lære seg strategiar som vaksen ut i frå det?

Eller at ein har fått ein psykiatrisk diagnose som treng medisin i ei periode og kanskje terapi?

Vite med seg sjølv at det er ein grunn for at ting er blitt som det er blitt- med ein knagg å hengje det på.

Ikkje sjuk- ikkje synleg ,men ein tilstand med eit namn.

Hadde samfunnet kunne tolerert alle, i eit mobbefritt samfunn, der ein hadde makta å legge til rette for alle utfordringar, så kanskje vi hadde klart oss utan eit namn.

Men, sidan det ikkje skjer, må ein heller bestrebe å gje rett namn til rett utfordring , og så tidleg som mogeleg.

På den måten kan diagnosa bli ei styrke, ikkje ein svakhet, på vegen til eit verdig liv.

blogg 6 april 3

 

<3<3 Ragne Beate