«Det får bli som det blir,når det ikkje vart som det sku»

11. mai 2016

Det er spesielt å oppleve samtale mellom to brør på 8 år, som med glød og entusiasme oppriktig gler seg til Måløyraid museet skal åpne i Måløy.

Der dei skal sjå på gamle ting frå krigens dager og gå i fotspora til Martin Linge, som døydde under Måløyraidet i desember i 1941.

Samstundes er det vondt å oppleve at andre born på same alder går på butikken åleine, handlar is saman med vener, og tuslar seg mot leikeplassen mens latteren trillar mellom dei.

Mine gutar må framleis halde i handa på butikken, må ha med seg mamma eller pappa, eller, helst både mamma OG pappa når ein skal handle.

Fokuset må heile vegen hjelpast, og ein må passe på at ein ikkje kjøyrer ned ein medhandlar på vegen.

Det er nemleg lett å sjå for seg at handlevogna kan være ein tanks.

Og tanksar- dei kjøyre over og ikkje rundt!

blogg 27 feb 1

Det er fantastisk å undre saman med borna sine, om hunden Spike får besøk av tannfeen når han mistar sine tenner, og ikkje minst kor mykje pengar han vil få.

Han har nemleg mange tenner i munnen sin, og gutane har ingen lause per dags dato.

Og, sumarferien den nærmar seg med storskritt- kan ein kanskje låne ei tann med Spike?

Vil tannfeen sjå forskjell?

Mens vi diskuterar, sit mamma og skriv mail til kommuna om eit møte ho må utsetje, ho har dobbeltbooka med eit anna møte.

Det skal diskuterast turnus, korleis ein skal leggje opp løpet framover.

Mamma er glad ho har fått hjelp, med i dag er ein av dagane då det er vondt å tenkje på at ho må ha hjelpa.

Og boligen.

Den kommunale boligen, barneboligen som skal  snart skal takast i bruk.

Som vi skal være ein del av, fordi slik er livet vårt, som  ny avlastning, ei anna avlastning enn den vi har hatt før. Ei ny endring.

Om mamma vil eller ikkje.

blogg 27 pril 4

Plutseleg snur eine guten min seg til meg og spør om vi ikkje skal på telttur i sumar, han vil ha med seg ein metall detektor og leite etter gamle ting frå krigen, sove i sovepose og spise seigemenn.

Broren kjem samtidig med ei lang setning ordrett kopiert  frå «Knøttene og Charlie Brown» filmen mens han lagar rare lydar og fakter.

Eit normalt ynskje saman med ein heilt unormal adferd, side om side.

Autisme.

Slik er vår autismekvardag.

Facinerande, med tidvis fantastisk framgong på eine sida, og tilbakesteg og annerleishet på den andre.

Aldri åleine, alltid på vakt, alltid ei hand i ei hand.

blogg 8 april 1

Vi tar det, nokre gonger med latteren boblande, andre gonger med tårer rennande nedover andletet, og tidvis med ein voldsom frustrasjon.

Vi tar det fordi det er dette vi kallar livet.

Vårt liv-rikt liv- det vi kjenner.

«Det får bli som det blir, når det ikkje vart som det sku»

blogg 27 april 2

 

<3<3 Ragne Beate