Mitt bidrag som 17 mai talar

17. mai 2016

Som tidligare nevnt holdt eg dagens tale på Frelsesarmeen si 17 mai feiring i dag, eg takkar for tilliten 🙂

blogg 17 mai 1

 No dele eg den med dykk <3

«Berre ilag og med val kan vi bli verkeleg fri»

«Gratulerer med dagen alle sammen.

Eg har lyst til å starte mi tale med å fortelle litt om min mormor.

Eg fekk den ære av å vere med ho på Akershus festning i 1999, og feira 17 mai i kaptein Linge sine lokaler ,med krigshelter, og andre meir uskrivne helter som feira ein heilt annen 17 mai enn den eg nokon gong har feira.

I desse lokalene vart historie til å ta og føle på, og historiane dei fortalte vart villare og villare etter kvart som timane gjekk.

Tenk, alle desse gamle menneska ,mange på godt over 80, karre seg opp alle trappene til toppen av lokalet der Linge klubben hold til, for å vere ilag på 17 mai.

Eg hugsa eg tenkte då eg fekk stabla mormor ned alle trappene, at om det ikkje gjekk ein lårhals eller to ut på kvelden i kveld, så måtte det no vere eit under.

Etter kvart som eg blitt eldre har det gått opp for meg at eg var med på ei oppleving av dei heilt sjeldne.

Desse gamle karane, og konene deira, dei lærte meg noko om samhold, om  viktigheten av å vere fri, eit fritt land, å kunne bestemme sjølv, ta eigne val.

No skjøna eg kvifor mormor med andakt satte ut flagget sitt den 8 mai i Selstad gården, og sa til meg :

«Ragne, vi skal i år igjen få feire 17 mai, eit fritt land».

Men er vi eigentleg frie?

Heilt frie?

Eg føle Noreg er i krig, på mange måtar.

Ikkje i krig med våpen og invasjon.

Nei, vi er i krig med ideala våre.

Borna våre blir sjuke av kroppspress, av stress og av forventingar som er så høge at dei kan knele den mest garva soldat.

Og dei svakaste i samfunnet.. dei tape.

Som mor til fleire  born med autisme har eg fått oppleve korleis det er å bo i Noreg og ikkje vere A4.

Ikkje passe inn i den sosiale norma som samfunnet vårt legg opp til.

Norma om begge foreldre i jobb, SFO, fritidsaktiviteter, ferie turer til Syden, og andre ting som er FORVENTA at du liksom skal måtte oppnå i verda for å ha et godt liv.

Eg har og fått oppleve skuggesida av velferdsamfunnet , der kampen for rettferd er ei svært tung bør å bære, og at blottleggelse av eige liv krevs for å få ting igjennom.

For å sikre mine gutar sin velferd og verdighet.

Mine gutar er heldige, dei har ei mamma som maktar og stå på, men andre er ikkje like heldige.

Mange som kjem med  litt bagasje,tape kampen om sin velferd fordi det er pengane som rår.

Pengar som vart slusa vekk til andre meir «viktige» ting, fokuset er ikkje på dei som treng litt ekstra, desse som dett utanom A4.

Vi ser ned på dei, gremmast over at dei ikkje gjere noko, unnvike dei.

Kvifor er det slik?

Er det ikkje rom lenger i vårt samfunn for desse?

Om det er diagnose, rus eller anna problematikk?

Er vi då eigentleg fri?

Eller, for å seie det på ein anna måte, kan vi ta andre val for å virkelig bli eit fri demokratisk land?

Og, på  den måten klare å inkludere, verdsette og ta vare på desse som dett litt mellom to stolar, i eit samfunn der alt skal vere «fritt og perfekt»

Huset vi er i i dag, ,mentaliteten til organisasjonen Frelsessarmeen  har vi mykje å lære av.

«Suppe, såpe og frelse»- hadde eg hatt noko eg skulle ha sagt når den logoen vart laga, så hadde eg smokka på «inkludering og verdighet» og.

Frelsesarmeen har eit lavterskel tilbod, uansett kor man er, kva man slit med, kor man er hen i livet sitt- det er plass hos FA.

Det kan vi lære av, det må vi lære av!

Frelsesarmeen har tatt eit val langt tilbake om at slik skal det vere.

Eg ynskjer på 17 mai, som fri nasjon, og fronte å ta eit val.

For vi har alle eit val, kver dag.

Familien min har tatt ei val no.

Vi har tatt eit val ut i frå vår heimesituasjon, våre behov som ein spesiell familie.

Vi helde på å flytte frå eit nytt hus i Holvik, til eit nedlagt gardsbruk i Nord Oppedalen frå 1800 et eller anna.

De kan trygt seie at for mange vil det vere som å gå frå gåselever til makrell i tomat!

No har det seg heldigvis sånn at eg er veldig glad i makrell i tomat eg!

Og kvifor gjere vi det?

Jo, vi gjere det fordi vi ser at vi treng det.

Vi velge å ta ein anna veg enn det som i samfunnet er forespeila..

Fordi det er riktig for oss.

Eg har tru på at ein må ta val som er rette for seg sjølv og sine, om det enn er noko naboen kanskje ristar på hovudet av.

Lat oss alle bestrebe å vere eit inkluderings samfunn, der vi går breitt ut og hjelpe kvarandre, også utover dei 100 kr du legg i ei bøsse kvar innsamlingsaksjon.

Å hjelpe går ikkje alltid ut på pengar heller forøvrig, eit smil kan vere nok det, ein tommel opp når ein møter nokon som ikkje har det heilt slik som alle andre.

Eller å hjelpe til for eksempel her på Frelsesarmeen, som gjere ein enorm  jobb for dei svakaste i samfunnet.

Alt i alt så handlar det jo om den gjensidige respekta for menneskje.

Eg og mange foreldre med meg, skal sende våre born ut i eit samfunn som ikkje er litt klar for å ta i mot dei.

Eit samfunn som ikkje kan autisme, som ikkje skjønar deira verd, og born som ikkje skjønar vår verd.

Samfunnet rundt kan på si side velje å hjelpe oss, ved å ta dei som dei er.

Respektere alle som kjem med meir bagasje enn du sjølv har.

Inkludert også våre nye landsmenn.

Du kan til og med lære noko nytt, viss du berre tar deg tid til å lytte.

La mangfaldet vere det leiande, og ikkje la A4 strupe oss.

På den måten kan Noreg  bli heilt fri, slik eg ser det .

Vi har alle eit val <3

Men det er du som må ta det sjølv.

Takk for meg.»

blogg 17 mai 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

  • Randi Tyvold

    En viktig tale.
    En tale som kan gjentas.
    Sterkt bilde av gutane med flagg
    Det å ikke være A4 – gjelder så ufattelig mange.
    Vi tåler for lite – hverandre.
    » Vi er så forskjellige»…
    » Vi har vokst fra hverandre»
    » Vi har forskjellig verdisyn»
    » Vi har ingen kjemi »
    Nei og SO What?
    Er det ikke forskjelligheten som er spennende ?
    At vi må TÅLE hverandre+
    Være rause?
    Forskjelligheten – er spennende og viktig for å overleve…
    En viktig tale, Ragne..