Å gå på tå hev

18. mai 2016

Kva er den aller største forskjellen mellom vanlege foreldre og foreldre som har born på autismespekteret?

Jo, eg syns det kan beskrivast veldig godt slik som ei venninne av meg karakteriserte 17 mai i går:

« Åh, det gjekk eigentleg SÅ bra i går altså,barnet mitt oppførte seg, men eg er heilt utslitt! Eg gjekk jo på tå hev heile dagen»

blogg 27 feb 1

Akkurat det: «Å gå på tå hev» slo meg i dag tidleg.

Vi skal på skulen igjen i dag,den mest naturlege ting i verda for «alle andre».. enn oss.

Gutane har hatt fri i 5 dagar, det har i tillegg skjedd mykje desse 5 dagane, og vi har ikkje lenger svømmeundervisning på skulen , slik vi pleier på onsdagane.

Endringar.

Noko som betyr rot i systemet, og mamma går automatisk i «vakt modus».

Alle born kan vere sure om morningen, eller kjekle med søsken.

Forskjellen må mine og dine er at om mine born går i lås om morgonen, så er det ikkje sikkert dei evne å låse seg sjølv oppatt.

Ergo må ein heile vegen vere på vakt og passe på desse små tinga som kan velte ei eit stort lass.

Ein smyg seg liksom rundt i heimen sin med årvakne auge og analysere situasjonen, er det noko som kan gå galt?

blogg 15 juli 1

I dag dobbeltsjekka eg kle for hull, kvalpen bit litt i kleda om dagen når han leike, det er lett at det kjem ei lita rift i ei maske.

Samstundes lyttar du til toneleie på gutane, går det litt opp? Kjem det mykje tics? Er noko i emming?

Du er der, du korrigere.

Jauda, mine gutar burde sikkert no klart å smørje skulematen sin sjølv, 8 år og alt.

Eg er klar over at mange og gjere det, vi er ikkje komen dit endå.

For oss er det meir å kome seg på skulen, kven som lagar skulematen (altså meg) er irrellevant.

Eg prioritere heller at vi kan klare å sitje med matbordet ilag alle og ete maten vår, utan for mykje tics og vipping på stol.

Andre gonger et vi kvar for oss, mange gonger gjere vi det.

Fordi det krevs.

blogg 10 juli 1

Kva er viktigast? Prinsipp eller å ha ein god frukost i magen før skulen?

Vi kjem oss ut døra, og vente på taxien.

I dag ville ikkje Laurits på skulen, eg visste ikkje heilt når taxien kom, eg berre håpa så inderleg at den ikkje var forsinka så altfor mykje.

Vi starta tulle, snakka tullespråk og kila kvarandre mens vi venta, denne gongen var eg heldig, taxi kom innan 3 min, og eg hadde fått snudd humøret til guten.

Dei kom seg avgarde.

Forskjellen på meg med born på  autismespekteret og deg som ikkje har det  er at eg alltid må vere på tå hev, alltid må vere tilstades, leggje til rette, og analysere.

Og sjølv om eg veit det ofte går ein kule varmt i vanleg familiar og når det brenn under føtene og tid er knapp, så er det vi driv med noko heilt anna.

For har kula gått varm her så har vi tapt.

Difor går autismeforeldre ALLTID på tå hev.

ALLTID.

blogg 22 juli 1

<3<3 Ragne Beate