Samtykkekompetanse-kvar går grensa?

20. mai 2016

Forrige mnd var eg på kurs i regi av Fylkesmannen om vergemålslova, ei lov som er svært aktuell for mange av oss foreldre som har born med autisme, fordi mange av borna våre treng hjelpeverge når dei blir over 18 år.

Utan kan du ikkje forvente å vere med til legen, hjelpe til med møtet på NAV, komme kommuna i møte når ditt store lisje born treng hjelp og har havna i klinsj med hjelpesystemet.

Du er kort sagt bunden med hender og føtter som forelder, utan enten eit vergemål eller eit samtykkeskjema.

Ein kjempeovergong for mange, fordi ein i 18 år har ordna og styra  for bornet sitt med den største sjølvfølge, og i løpet av ei natt er alt forandra.

Bornet ditt er blitt stor-vaksen-myndig i samfunnet sine auge, men treng akkurat like mykje hjelp som dagen før..

Du er satt på sidelinja, utspelt, siste trekk er lagt- åleine sit du igjen.

Samtykkekompetanse var ordet som gjekk igjen og igjen i foredraget til fylkesmannen, har bruker samtykke kompetanse eller ikkje?

Eg rakk opp handa og spurte ut i frå ei problemstilling som omfatta Asperger syndrom, der eit born har høg IQ, ingen PU, tilsynelatande fullt kapabel til å ta val, men som ikkje vil makte å gjere det, og heller ikkje vil klare å gje klare utrykk for eigne behov, vil då dette bornet bli vurdert som «utan samtykke kompetanse»?

Han kunne ikkje svare meg, det var eit skjønnspørsmål ut frå kvart enkelt tilfelle, men han innrømte at problemstillinga var vanskeleg.

For som han sa : «Alle» skal ikkje under et vergemål, ein har jo rett til å velje sjølv.

Så kva er så rett?

Kvar går grensa?

Ei menneskje med autisme har jo rett til å bli hørt, sett og forstått på lik linje med alle andre.

Men,er samfunnet klar til å ta i mot og hjelpe born som er blitt vaksne, men som alikevel slit så med å forklare sine eigne behov?

For er ikkje det litt essensen i autismespekter forstyrring problematikken?

Akkurat det med å ikkje klare å setje sine eigne behov på agendaen?

Ha fokus på det som er viktig, i ei verd som ein ofte ikkje forstår?

«Han er jo så høgtfungerande»- seier mange.

«Ja, han er så høgtfungerande i dine auge på grunn av meg» tenkje du.

For det er ingen som ser dukkespill teateret i bakgrunnen, der mamma ofte har både regi, kostyme, sminke og jobb som tåretørkar, når den tilsynelatande «høgtfungerande» autisten som ingen «ser»har problem, bryt saman, med ein gong ein kjem innafor si eiga dørgått.

For DET er det ingen som ser.

Det er det ingen som høyrer.

Det er hemmeligheten mellom mamma og born.

Og, det er heller ikkje sikkert at bornet skjønar at han treng hjelp heller, det er vel kanskje den verste sida av situasjonen.

Du kan faktisk ikkje lenger hjelpe ditt eige born , om det ikkje sjølv skriv under på at han eller ho treng det.

Men, har bornet nok evne til å ta den vurderinga sjølv?

Det er inngripande å bli satt under hjelpeverge, men alternativet kan bli mykje verre om ein ikkje får den hjelpa ein treng fordi den som har hjelpt deg ikkje lenger får lov.

For kor går grensa mellom funksjon og  å kunne samtykke?

Eg berre spør…

Mamma Ragne vil berre ha mogeleghet til å hjelpe- alltid!

blogg 14 feb 1

<3<3 Ragne Beate