All u need is love?

22. mai 2016

Klare ein seg berre på kjærleik? Eg har mange gonger tenkt at om det berre var det som skulle til her i verda for å oppdra borna sine til å bli gode samfunnsborgarar, om dei har autisme eller ikkje, så hadde det vore svært enkelt.

Men, slik er det dessverre ikkje.

Kjærleik er ein grunnstein i å oppdra borna sine, ein stor og viktig del for å gjere dei trygge, men ein treng meir.
Og, når ein har autismespekter forstyrring, så treng man mykje meir- av alt.
Samfunnet i dag er blitt merkeleg når det kjem til å oppdra born, eg føle nesten at vi har komt til eit stadie der ein diskutere om born eigentleg skal oppdras?

Eller, at dei heller skal finne ut alt mogeleg sjølve.

Vi kan knapt snakke strengt til bornet vårt utan at vi føle at nokon ser det, og kanskje tenkjer at du duge ikkje som mor altså!
Irettesetjing er noko ein vegre seg for å gjere i offentleg rom.

blogg 11 april 2

Men, kva lære borna av det?

Det er forøvrig forskjell på irettesetjing og utskjelling, bare for å ha det heilt klart.

Eg har måtta fokusere veldig mykje på det i mi oppdraging av mine born fordi dei ikkje klare å skilje mellom kva som er kva.
Om mamma hevar stemma si så er ho sint. Punktum.

Og, når dei samstundes ikkje klare å tolke ansiktutrykket mitt så vert jo alt så veldig mykje vanskelegare med ein gong.
Det er og mykje lettare å ta alt i verste meining enn i beste, så difor konkludere vi med at mamma er sint. Punktum.

Kva hadde mine born lært om eg ikkje hadde lært dei kva som var kva?

Kor hadde dei vore på veg hen i livet om vi som foreldre ikkje veilleida dei i ein jungel av uskrivne reglar og normer som er forventa at alle skal kunne, men som dei ikkje skjønar?

Blogg 26 april 1-4

Også han som ikkje er på spekteret..

Ved hjelp av forklaring, positiv forsterkar og irettesetjing der det er påkrevd.

Positiv forsterking er så viktig!

Eigentleg skjønar ikkje eg kvifor positiv forsterkar ikkje blir brukt meir som ein mal for alle som jobbar med born.

For å ta eit eksempel.

Om du kjøpe deg ein hund, og betale ein 15000 kr for hunden, så vil du jo få han til.
Du vil at hunden skal lære å gå med fot, komme på innkalling, han skal sitte, reagere på ordet dekk, og han skal ikkje tisse eller bæsje inne.

Så du går inn for oppgåva med hud og hår, og kva gjere du?

Joda, du belønne med godbit, brukar rolig mild stemme, og du rose kvelpen høgt oppi skyane KVAR EINASTE GONG han gjere noko bra!

Kvifor gjere vi ikkje det med borna våre?

Nei, vi skal ikkje fore borna med kjeks kvar gong dei gjere noko bra, men er vi flinke nok til å skryte?

Skryt er jo positiv forsterkar det og!

Er vi flinke nok til å forklare kvifor vi vart sinte, at vi kanskje vart redde når noko skjedde og at vi difor reagerte som vi gjorde?
Og, er vi flinke nok til å seie at vi er glad i deg?

blogg 27 pril 4

Ein skal ikkje skryte borna sine oppi skyane og gje dei forhåpningar dei ikkje har, som til dømes å fortelje bornet ditt som er tonedøv at det er fantastisk flink og synge, og når det då melde seg på ein talentkonkunranse og blir slakta, så dett verda i hop.

Nei, men eg trur ein kan lære litt av orda:

«Eg kan ikkje noko eg ikkje er blitt lært, vist eller fortalt»

Også hos born utan autisme.

Fronte dei gode sidene, og tone ned dei som ikkje er så bra.

Og, vi må ikkje slutte å oppdra borna våre, det har dei ikkje fortjent!

Skryt meir, forklar meir, og gje mykje klemmar om bornet godtar det, viss ikkje, finn andre gode løysinger som funke for dykk!

And never forget love <3

Ha ein fin fin søndag <3

<3<3 Ragne Beate