«Hei du som skal jobbe med meg, eg treng at du likar meg»

24. mai 2016

Det er så lett å tenke praktisk når ein skal ha med born med autisme å gjere, eller for den del andre born med spesielle behov.

Skulen har ein assistent, kommuna har kanskje ein person som er overtallig, som dei jobbar med å få inn i annan  jobb, eller ein har ei søkjar liste som ein skal gå ut i frå med visse kvalifikasjonar.

Og alle desse kan jo gå inn og gjere ein fantastisk jobb med bornet som har spesielle behov, ikkje sant?

Treng kanskje litt kursing, litt opplæring, så vil det her funke som fot i hose?

blogg 24 mai

Sanninga er nei.

For skal du klare å gjere ein fantastisk jobb med eit born som mine, så må du like dei.

Verkeleg like dei.

Du må ikkje minst ha kjemi.

Ofte vert det tatt for gitt at born som ikkje har språk, dårleg språk eller har språk men kommunisere ikkje godt alikevel  ikkje «bryr» seg om kven som passar på dei.

At bornet ikkje «bryr» seg om korleis kvardagen deira er, og at dei ikkje «bryr» seg om  behov som måtte dukke opp, at dei ikkje er tilstades, sidan dei er meir opptatt av å resonere rundt propell festet til Blucher og ikkje matematikk.

Ehh…. Er det nokon her i verda som BRYR seg, så er det nettopp borna som ikkje skjønar den verda dei er i!

Dei bryr seg så mykje at dei treng ein vaksen som kan bry seg MED dei!

Uønska adferd har ofte grobotn i ei misforståing ein eller annan plass, «eg vil ikkje» kan like så godt kan være eit teikn på usikkerheit, og eit verktøy for å rømme frå ein situasjon- som ein kanskje ville meistra om den som jobba med dei skjøna det, at dei rømte.

Skjøna dei, likar dei, ser på dei som ein spanande og interessant personar <3

blogg 2 april 3

«Du som skal jobbe med born som mine må kunne humre inni degsjølv når du får kommentarar som ikkje passar heilt inn.

Som at håret ditt er skjeivt, liknar eit kråkereir eller om du kanskje har ein parykk?

Fordi det er det det er.. ord.. observasjonar.. ein spade for ein spade.. ikkje frekkhet og ufinhet.

Du må ha evne til å motivere langt utover det som er forespeila for andre born, og vere kreativ på kanten til ekstrem tidvis for å drive bornet framover.

Bornet som ikkje kan drive segsjølv framover åleine.

Du må finne det facinerande i mennesket, samtidig som du må erkjenne utfordringa som diagnosa gir.

Du må også tåle at svært få andre ser den jobben du gjere, også dine kollegaer.

Fordi den jobben du gjere er like usynleg mange gonger som den er konstant.

blogg 20 mars 3

Den foregår frå det minuttet bornet du jobbar med kjem på skulen, avlastning eller blir henta heime av støttekontakt.

Og frå det sekundet så er du PÅ, du må vere PÅ.

Møte bornet, sjå bornet, i mange periodar vere bornets stemme uttad, samstundes som du må jobbe  for å få fram evner som ligg der, latent, uferdige, som må lokkast og lurast fram.

Men vit at mamma ser det, ser din jobb, din innsats.

Det kan forresten vere ein fordel å tåle mamma.

Sjølv om mamma kan vere travel, slitsom ,krevjande, ja, kanskje til og med urimeleg i dine auge?

Du skal ikkje tåle at mamma er ufin, men det hjelpe godt på at du skjønar mamma litt.

At ho kjempar for det kjæraste ho har, at ho ynskjer å indeleg at bornet hennar skal få kvalitet, verdighet, omsorg og respekt- når ho sjølv ikkje er der og gir det.

At her kan ikkje ting vere «godt nok» her bestrebe ho perfeksjon.

Om ho vil eller ikkje- det er berre sånn det blir.»

blogg 24 mai 2

Om du likar meg, likar å vere med meg, syntes at eg er ein interessant person, og ser framsteg der andre ser utfordring, då er du på rett veg.

Då kan mirakel hende på di vakt.»

Men berre då.

Ikkje alle passar inn i denne jobben, det er ikkje berre å setje inn ein vikar eller overtallig.

Du må verkeleg like meg.

blogg 24 mai 3

<3<3 Ragne Beate