Samtalen

25. mai 2016

Den gode samtalen, den viktige sosiale sværa, noko vi treng

Samtalen mellom vener eller venninner, kanskje mor og datter, der ein diskutere og reflektere, kanskje grin ein liten skvett og?

Latter som buldre mellom seg, og i neste augeblikk ristane i vantru på hovudet over noko som er blitt sagt.

Venninne kveldar med bobler i glaset, sushi på tallerkenen og siste nytt.

blogg 25 mai 1

Eller,dei viktige samtalane mellom foreldre og born.

Småerting attåt middagsbordet,og kanskje meir alvorlege samtalar om ting som har skjedd.

Eller berre daglegdagse ting som korleis skulen har vore, om leksene er gjort, og når fotballtreninga startar i dag.

Eller kveldskos forran tv, med diskusjon om kven som syng best på Idol eller Norske talentar.

Slik  det pleier å vere, ikkje sant?

blogg 26 mars 1

For mange er desse eksempla på den gode samtalen nærmest umogeleg.

Det er foreldra som spør avkommet sitt kva det har gjort på skulen og får  anten ingen svar og null reaksjon, kanskje ein reaksjon i form av eit fnys men framleis ingen ord, og viss du er griseheldig så får du svaret: «eg veit ikkje» eller som eg får når eg spør: «Jeg vil ikke snakke om det».

Ein opplev som vaksen å bli avvist før dialogen i det heile har starta.

Eg opplev det mange gonger for dag.

Rett og slett fordi eg ikkje får snakke om det eg ynskjer, eller rettare sagt det gutane vil snakke om.

Har du hørt songen til Ylvis om «Stonehenge» ?

På slutten av den sangen så har ein av Ylvisbrødrene og koret ein dialog der dei snakkar om dette merkelege fenomenet.

Ylvis er svært opptatt av det, mens koret prøve å få anna info ut.

Det går som fyljer:

“I would give anything to know
About the Stonehenge (chor)
Yeah, I would give all I have to give

Would you give them your car? (chor)


(Mmm) Are you kidding me, of course I would have given the car

What car do you drive? (chor)


Drive a Civic, drive a Civic. Drive a Civic!

A car you can trust! (chor)

Never mind the car, let’s talk about the henge


What henge is that again? (chor)

It’s the Stonehenge, it’s the Stonehenge!

God, it is the greatest henge of all!

What’s the meaning of Stonehenge? (dual)

 

AKKURAT sånn føle eg det når eg skal ha den gode samtalen med mine gutar med autisme.

Det tek sånn ca eit sekund eller to  før dei har klart å snu : “ Korleis har de hatt det I dag då, var det kjekt med symling?” spørsmålet mitt til:

“Under andre verdskrig gikk Blucher ned….. mamma! Og veit du, den raude baron, den styrta i 1918,men eg huska ikkje kva dag altså, men det var han Manfred Von Richofen mamma altså, det var det, og mamma veit du ka??»

Vel, eg ville vite om de hadde det bra på skulen eg då.. men..

blogg 27 april

Betyr det at eg ikkje kan ha ein god samtale med mine?

Nei, sjølvsagt ikkje!

Men, det betyr kanskje at eg må gidde å snakke litt om andre verdskrig.

Eg må gidde å snakke litt om nerf, og kansje prøve som koret å lure inn litt anna spørsmål innimellom.

Ein får svar, ein kan få mykje gode svar, berre ein gjere det rett, rett for bornet.

Og, ein må ha myyyykje tålmod!

blogg 25 mai 3

Det hjelp og å kjøyre bil.

Spesielt visst det er noko som er vanskeleg som ein vil snakke om, og borna er litt eldre enn det mine sine små er no.

Det er noko med det her å sleppe å sjå på kvarandre, samstundes vere i bevegelse, og kanskje med litt musikk på.

Det har eg hatt god erfaring med når det gjeld dei eldste gutane våre.

Dei gode samtalane er der, dei ligg litt på vent, dei ventar på at du skal finne nøkkelen.

«Eg veit ikkje»- vil nok alltid vere der..

Same med «det vil eg ikkje snakke om»

Men det betyr ikkje at den gode samtalen er borte, det betyr berre at du må finne ein annan veg 🙂

 

No stikk eg og eldstemann på tur til austlandet og skal sjekke ut ein folkehøgskule og eg skal raide Ikea:)

Her vert det plenty med tid til samtale- og kaffi!

blogg 1 april 1

 

Snakkes fredag <3

 

<3<3 Ragne Beate