Tilrettelegging- når er det nok?

27. mai 2016

 

«Har nokon av dykk hørt utrykket:

«Vi har tilrettelagt så godt vi kan og det fungerar ikkje!»

Eller :

« Vedkommande profiterer ikkje på den tilrettelegginga vi gjere, eg kan ikkje skjøne kor langt vi no kan strekkje oss»

Eller:

« Vi har ikkje fleire ressursar å bruke no på tilrettelegging, så det får vere nok!»

Og ikkje minst:

«Ja, vi kan no aldri klare den tilrettelegginga (sjå for deg himling med augene og snøft-med overført betydning «putesyinga) som heimen har..»

blogg 24 mai 2

Ja, altså..

Då spør eg:

«Når er tilrettelegginga god nok?»

I mitt hovud er det svaret såre enkelt, og eigentleg veldig sjølvsagt.

Tilrettelegginga er god nok når vedkommande som treng tilrettelegging er trygg.

Så, kva er å vere trygg? Kva kvalifiere til å vere trygg?

For oss nevrotypiske (altså per definisjon skal vere «normale»)kan det å vere trygg vere å ha ein stabil økonomi, utan dei store overraskingane.

Ein trygg og god jobb, og eit knippe vener som ein går godt overens med.

Ferier som er planlagte, ikkje sånn til detalj, men ok å vite kvar ein skal bu liksom, er med på å skape tryggleik.

Også det at borna våre har det bra.

Ikkje vert mobba, klare seg så godt som mogeleg innanfor evne på skulen, og har framtidsutsikter til å klare seg sjølve og få ein god jobb.

Så spare vi til pensjon, og håper vi held oss friske, så vi får nyte ein alderdom utan bekymringar av større art.

Å vere trygg kan og vere å få hjelp med eit mattestykke på skulen om ein står fast, eller å få ei lommelykt av mamma og pappa når ein skal ut i haustmørket, fordi ein veit at du eigentleg er ganske så mørkeredd alikevel..

TRYGG.

blogg 17 mai 2

Kjensla av å ha det godt og bli ivaretatt-grunnleggande behov!

Treng denne gruppa av nebrotypsike tilrettelegging for å få desse trygge rammene?

Ikkje nødvendig vis, men det er hjelp å få om vi skulle trenge det.

NAV, forsikringar, regelverk oppretta av staten og ikkje minst vener eller familie.

 

For dei som verkeleg treng tilrettelegging er ikkje alle desse faktorane tilstades.

For desse som ikkje klarar å strukturere kvardagen sin, som ikkje ser det opplagte, men heng seg opp i detaljar.

Menneskja som er så kua av eige stress at dei ikkje EVNER å samhandle i det sosiale rom, fordi persepsjonsvanskar og tilleggsutfordringar spøke i skapa rundt dei uansett kva dei prøver å gjere.

Som ikkje når den stabile jobben, ferieturen eller får hjelp til mattestykket, kanskje fordi dei ikkje klarar å be om hjelp?

Desse som aldri berre kan ta seg saman!

Dei som ikkje berre kan ta seg saman for å skape den tryggleiken dei treng i eit samfunn som berre krev og krev og krev..

Tenk på det!

Tenk at vi sit å diskutere kor mykje tilrettelegging som er forsvarleg, påkrevd, nødvendig eller enda verre, kor mykje ein kan ta vekk som vert ansett som «IKKJE NØDVENDIG», også gløyme vi å sjå på den viktigaste faktoren av alle:

TRYGGLEIK!

Hjelp i stor nok grad til å bli trygg!

Nøkkelen til å kunne utvikle seg vidare, til å ta steget frå eit trappetrinn til eit anna.

Til å meistre, seire, til å vise at ein er god nok!

FY! Seier berre eg! FY SKAM!

blogg 27 mai 2

Tilrettelegging er eit indviduelt behov, sett ut i frå kvart einskildt menneskje, med sine lyter, fakter, evner og behov.

Nokre treng mykje, andre treng lite.

Felles for dei alle?

Tilretteleggjinga er ikkje god nok før kvar enkelt er trygg, berre då kan du seie at du er i mål!

 

KUN DÅ!»

 

Og med det ynskjer eg de alle god helg, her startar AS Larsen flyttesjauen:)

blogg 27 mai 1

 

<3<3 Ragne Beate