Fei for di eiga dør!

31. mai 2016

Hei!

Dømme du meg?

Ristar på hovudet

Kviskrar bar ryggen

Himlar oppgitt med augene

Kva veit eigentleg du?

 

Kva veit du om vår kvardag?

For det er ikkje det du ser

Det er nemleg noko heilt anna

Er du villig til løfte blikket å sjå det?

 

For skal du fyrst riste på hovudet

Så bør du kanskje ha noko å riste av

Noko som er riktig, håndfast og opplevd

Ikkje berre ei oppfatning som kom for ein dag

 

Du skulle fått sett all jobben i kulissar

Av «galskap» satt i system

Av orfring for borna heile tida

For borna, eg ofre ikkje noko for deg!

 

Eit system som er oppbygd over åra

Med det kjem tårer, svette og sorg

Det kjem kjensle av ydmyking som vaksen

Du som måtte ha hjelp til å skjøtte eiga borg

 

Samfunnet gir ikkje med døra,

sjølv om vi betale skatt

Dei kom ikkje springande med hjelpa

Den dagen det var vi som datt

 

Den kjem heller ikkje til deg

Den dagen det kanskje skjer

At speilet knuse hos deg eller dine

Då er det du som står der og ber

 

Eg prøvar å ikkje ofre deg ein tanke

Du som EI feiar for eiga dør

Men det er ikkje alltid så enkelt

Det er mammahjertet som blør!

 

Så tenk deg om du som hylar i hjørna

Som ristar oppgitt på hovud når du ser

Som snakkar ufint i gangar og korridorar

Neste gong kan det vere deg!

blogg 27 mai 2

 

<3<3 Ragne Beate