Entries from mai 16th, 2016



Den merkelege mai

posted on: 16. mai 2016

Mai er ein merkeleg månad.

Ein skulle vel eigentleg tru at «Kom mai du skjønne milde» skulle vere ein god og fin mnd, der det sprett i lyng og li, meir eller mindre våryre dyr på to og fire bein slepp laust både i fjell, og andre rare dyr i raude og blå dressar litt meir i sivilisasjonen.

Einaste ein liksom skal kunne seie noko på er at pollen sesongen har ein lei tendens til også å kome som ei bombe i mai.

Og haudeverk har eg hørt frå desse i dei raude og blå dressane, men det kan vel ha eit andre grunnar.

blogg 27 april

Alt i alt er jo mai opptrappinga til noko bra, sol, sumar, ferie tid og kos, og alle snakkar om «berre litt til no», «No er det ikkje lenge igjen born», «Berre 17 mai no så er det KUN 5 veke igjen»… osv osv..

Det kan vere difor mai for oss ikkje blir «Kom mai du skjønne milde», men «Kom mai du heilt spinn ville!»

blogg 22 mars 1

Mai er den månaden i året med mest endringar, mykje fridagar og lite struktur.

Det er brudd på skulen, halve veker, ja til og med songane som ein syng vert annerleis.

«Mellom bakkar og berg» og «Ja vi elskar», hipp hipp hurra!!

Difor vert mine gutar, og mange andre med oss svært forvirra og slitne i mai, og det gjeld ikkje berre dagen i morgon, den 17, det gjeld heile mnd.

For, før den 17 mai handlar alt om kva som skjer den 17mai, og etter den 17 mai handlar alt om at vi er komen over 17 mai og det er «berre» så og så att til sumarferien.

blogg 9 mai 1

I år som fleire år før, feire vi 17 mai på veg opp eit fjell med hørselvern og kvart sitt flagg.

Etterpå et vi pølse med brød heime, og ser ein film eller noko sånt.

Trygt og godt skjerma frå ein travel dag der ute i verda.

Eigentleg pleie vi å reise bort denne dagen, og finne oss eit fjell ein plass,men pappa er på jobb, så då er det greiast at vi berre held fortet.

Ironisk nok skal eg jo halde 17 mai tale på Frelsesarmeen i år, eg som ikkje har feira 17 mai på 6 år.

Men eg glede meg, eg glede meg til å halde ei tale frå mitt ståsted, frå mi erfaring, frå ei som opplev «kom mai du spinnville», mens dei andre forvente «du skjønne milde».

blogg 7 jan 3

Og gløym ikkje at mai er lang, pass på å ikkje fyre forvetningane for høgt opp, og forklar litt ekstra no i desse dagar.

Det er ikkje enkelt å vere liten å ikkje klare å ta inn alt av forventing som byggjer seg opp, det kan regelrett opplevast svært utmattande.

Ha ein strålande dagen før dagen, og ikkje slit dykk ut, eg kan love dykk at uansett kva som skjer?

17 kjem 🙂

156499_10151570799216221_1001768353_n

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

«Kvifor blir eg ikkje trudd?»

posted on: 14. mai 2016

Men tillatelse frå ei mamma skriv eg denne historia, og eg skriv den fordi det kan like så godt ha vore meg, eller kanskje deg?

«Historia om guten som plutseleg ikkje fungere på skulen, han som har fungert så godt så lenge.

Skulen skjønar ikkje kvifor det er slik, men mamma gjere.. ho veit.

Ho veit kvifor guten hennar ikkje maktar, kvifor han vert sint på skulen, kanskje og brukar ord han ikkje burde gjere i samkvem med andre elevar, også læraren.

Regelryttaren og praragraf kongen som ynskjer å ha det slik som reglane er.

Slik kongen i statsråd har sagt.

Som er stressa, så stressa at han snart ikkje klare meir.

Som må bite tenna i hop gong på gong i møtet med skulen, som søv dårlegare, et mindre og som ber mor på sine kne.

«Versåsnill mamma, fortel dei at dei ikkje skjønar meg»

blogg 8 april 1

Skulen på si side er klar i si tale:

«Ta deg saman gut, vi tolerere ikkje slik oppførsel på vår skule, om du har diagnose eller ikkje!

Hos oss skal alle vere like, behandle kvarandre på ein god måte, vi er ein PALS skule må vite, du har då vel fått det med deg?»

TA DEG SAMAN! OPPFØR DEG! Du er stor no, ikkje liten.. ikkje ein pusling!

Mamma svel kamelane i møtet, ho prøve å ikkje hisse seg opp.

Fortel om dei grunnleggjande vanskane til guten sin, og kjem med råd.

Kva med å gjere slik?

Kan de kanskje gjere det på den måten?

Berre ring meg om det vert for gale , eg kjem!- Vel vitande om at arbeidsgivar kjem til å rive av seg håret i fortviing om ho må gå noko meir!

Dårlig samvit har ho allereie for dei som må jobbe for ho på møtet ho er i i dag.

Skulen meine opplegget ER godt nok,ER riktig tilpassa, ER godt nok tilrettelagt.

Så slik sit ein.. kastar ball mellom seg.

Skuldingar..

Mistru..

Vikande tillit..

blogg 7 mars 2

Samstundes går ei  gut sakte men sikkert til grunne..

«Vi får berre koble inn PPT og nokon som kan autisme» seier mamma til slutt.

Skulen er einig under tvil..

Dei ventar endå.

Kva skal til for å bli trudd?»

blogg 18 feb 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

TANNKREM KRISE!

posted on: 11. mai 2016

Eg trur eg omtrent aldri har posta to blogginnlegg på same dag, men når nøden er størst er det kjerringa lære å spinne, og no er krisa total.

 

«Kjære Solidox»

«Eg henvende meg herved til dykk med ei djup bøn om å ikkje ta frå oss tannkremen med dinosaur på som eg tenkjer smakar såpe, eldsteguten på snart 11 meine tutti frutti, og tvillingane mine på 8 år, med autisme og ADHD, meine er den einaste tankremen som er mogeleg å pusse tennene med.

blogg 11 mai

Om de no trur eg overdriv, så skal eg opplyse de litt.

Ein føljetilstand med autismespekterforstyrring er at ein har problem med sansane sine, noko som på fagspråket kallast persepsjonsvanskar.

Det kan vere ganske så invalidiserande for både born og vaksne.

Ein opplev ofte store vanskar med lyd og lys, og ting som andre tykkjer er heilt normalt, som å klippe håret eller negler, kan vere fysisk vondt for eit born med autisme.

Det slår også ut på smak, og det kan følast som fysisk vondt.

Brennande smerter i munnen, at ting svir, og ein brekk seg.

Og vi kan ikkje berre venne oss til smak, det er ikkje slik det fungerar.

ER DET VONDT, SÅ ER DET VONDT!

blogg 2 april 4

Å pusse tenner er ein ting vi får inn frå vi er bittesmå, og ein sjølsagt ting for alle at ein skal gjere.

Ein kvar forelder har vore med på at borna ikkje vil pusse tenner, såkalla trass, men det eg snakkar om no er ikkje  trass.

Bornet med autisme maktar ikkje å pusse sine tenner om tannkremen brenn i munnen!

FAKTA!

Ein operasjon som å pusse tenner kan vere svært krevjande for foreldre som har born med autisme, så ein forske.. både på tannkrem, tannkost, og ikkje minst rett prosedyre.

FAKTA!

Og finn ein noko som passar, ja, då tar man det aldri bort!

FAKTA!

Eg ber dykk på mine kne, la gjerne den nye tannkremen med bringebær smak vere på markedet, men slutt ikkje å produsere «Dinosaur» tannkremen vår!

Årevis med knallhard jobbing har vi vore igjennom for at vi no har fått til den rutinen som vi har, og tannkremen dykkar har hjelpt oss.

Den er mild, god, innarbeidd, ynskja og godtatt.

Lat oss få behalde den <3″

 

Med vennelg helsing ei passeleg desperat autisme mamma.

blogg 1 april 1

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

«Det får bli som det blir,når det ikkje vart som det sku»

posted on: 11. mai 2016

Det er spesielt å oppleve samtale mellom to brør på 8 år, som med glød og entusiasme oppriktig gler seg til Måløyraid museet skal åpne i Måløy.

Der dei skal sjå på gamle ting frå krigens dager og gå i fotspora til Martin Linge, som døydde under Måløyraidet i desember i 1941.

Samstundes er det vondt å oppleve at andre born på same alder går på butikken åleine, handlar is saman med vener, og tuslar seg mot leikeplassen mens latteren trillar mellom dei.

Mine gutar må framleis halde i handa på butikken, må ha med seg mamma eller pappa, eller, helst både mamma OG pappa når ein skal handle.

Fokuset må heile vegen hjelpast, og ein må passe på at ein ikkje kjøyrer ned ein medhandlar på vegen.

Det er nemleg lett å sjå for seg at handlevogna kan være ein tanks.

Og tanksar- dei kjøyre over og ikkje rundt!

blogg 27 feb 1

Det er fantastisk å undre saman med borna sine, om hunden Spike får besøk av tannfeen når han mistar sine tenner, og ikkje minst kor mykje pengar han vil få.

Han har nemleg mange tenner i munnen sin, og gutane har ingen lause per dags dato.

Og, sumarferien den nærmar seg med storskritt- kan ein kanskje låne ei tann med Spike?

Vil tannfeen sjå forskjell?

Mens vi diskuterar, sit mamma og skriv mail til kommuna om eit møte ho må utsetje, ho har dobbeltbooka med eit anna møte.

Det skal diskuterast turnus, korleis ein skal leggje opp løpet framover.

Mamma er glad ho har fått hjelp, med i dag er ein av dagane då det er vondt å tenkje på at ho må ha hjelpa.

Og boligen.

Den kommunale boligen, barneboligen som skal  snart skal takast i bruk.

Som vi skal være ein del av, fordi slik er livet vårt, som  ny avlastning, ei anna avlastning enn den vi har hatt før. Ei ny endring.

Om mamma vil eller ikkje.

blogg 27 pril 4

Plutseleg snur eine guten min seg til meg og spør om vi ikkje skal på telttur i sumar, han vil ha med seg ein metall detektor og leite etter gamle ting frå krigen, sove i sovepose og spise seigemenn.

Broren kjem samtidig med ei lang setning ordrett kopiert  frå «Knøttene og Charlie Brown» filmen mens han lagar rare lydar og fakter.

Eit normalt ynskje saman med ein heilt unormal adferd, side om side.

Autisme.

Slik er vår autismekvardag.

Facinerande, med tidvis fantastisk framgong på eine sida, og tilbakesteg og annerleishet på den andre.

Aldri åleine, alltid på vakt, alltid ei hand i ei hand.

blogg 8 april 1

Vi tar det, nokre gonger med latteren boblande, andre gonger med tårer rennande nedover andletet, og tidvis med ein voldsom frustrasjon.

Vi tar det fordi det er dette vi kallar livet.

Vårt liv-rikt liv- det vi kjenner.

«Det får bli som det blir, når det ikkje vart som det sku»

blogg 27 april 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

Livet var utan tvil best i fjor.

posted on: 9. mai 2016

Vi går inn i ei krevjande tid på mange måtar no i mai og framover.

Mange har nervar og slit med eksamenspress, det er fleire fridagar i normalt i mai ,( sjølv om vi i år har gått glipp av nokre og).

Den berømmelege 17 mai står straks på trappene, dagen vi eigentleg berre lar skli forbi i stillhet, så godt det lar seg gjere, og sommarferie!

8 veke med herleg uoversikteleg og ustrukturert kvardag, med avslapping, sand under føtene, bading i sjøen og lange, seine, late kveldar med masse sol… eller noko sånt..

Har eg hørt!

blogg 9 mai 1

Sola likar vi, men utover det har vi eit  problem.

Vi hatar lange ustrukturerte dagar der avslapping er og blir eit relativt begrep og insekt er eit kjempeproblem.

Så kva gjere vi for å få orden på forvetningane?

Joda, vi bruke ALL energi desse dagane på å klare å kopiere ferien som var i fjor!

Borna altså, ikkje eg.

Eg treng vel ikkje fortelje dykk at å kjøre ein blåkopi av ein ferie frå året før er og blir ein uoverkommeleg oppgåve?

De skjønar, i min heim så hugse ein alt.

Det er ikkje ein detalj i livet som ikkje er printa inn i topplokket på gutane, og det vert veldig feil om noko vert framstilt feil.

blogg 22 mars 1

Som solkrem.

Eg kjøpte feil solkrem i år, det var ikkje den som vi hadde i fjor.

Vi skal kjøre den og den ruta nordover til bestemor og bestefar, stoppe på dei og dei plassane.

Ispause vert lagt til eit par spesielle plassar, og same med tissepause.

Ehh… ja, sistnevnte er vel i overkant heftig å få gjennomført, men for all del- det må vere med.

Og ferien når vi er komt oss nordover? Dont get me started, eg trur i alle fall at ordet «lat» kan leggjast på is.

Om du no tenkje i ditt hovud at eg har begytt meg ut på ei umogeleg oppgåve, så har du heilt rett, for ein kan ikkje kopiere ein ferie.

Men no skjønar de kanskje kor avhengige mine gutar er av forutsigbarhet, og ikkje minst at dei har forventningar.

Dei vil glede seg til ferie slik som alle andre, ha noko å sjå fram til, men sida dei slit sånn med å klare å sjå for seg noko som dei ikkje er heilt trygge på eller veit kva er, så tar dei heller ein kopi- av ein hel ferie.

Korleis løyse vi det her no då?

Forventningane er jo satt, og å knuse alle draumar, det går jo ikkje.

Eg vel å ta utgangspunkt i nokre ting eg veit.

Eg veit kva rute vi skal ha, eg veit at dei to «is bensinstasjonane» både er oppe og går, og fullt mogeleg å komme seg inn og stoppe med camping vogn, og eg veit kvar vi skal overnatte på tur opp.

Her kan eg lage ein plan for gutane, slik at dei veit.

Ang tissepausene må ein berre få lagt dei inn på «behov» sida 😉

Eg veit og at vi skal i båt med bestemor og bestefar, at vi skal leike med trebåtar i det lisje vatnet nede med sjøen.

Leikeplassen skal vi og få besøke, og å kjøpe is på butikken.

Det legg eg og fram for dei i eit liste, så  vi kan krysse av etterkvart som vi gjere det.

Elles prøve eg å tone ned eit kvart ynskje som kjem, med å introdusere noko vi kan klare å gjere.

På den måten kjem ikkje dei største skuffelsen fram.

For to fantastiske gutar- som tykkjer at livet utan tvil var mykje betre i fjor!

blogg 7 mars 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

JA! Ein kan ha ein vellukka konfirmasjon sjølv om ein har autisme :)

posted on: 6. mai 2016

*  Teksten er skriven i samråd med familien*

Denne morgonen har eg rett og slett bare lyst å skrive teksten : JA! Autisme ingen hindring!

For det skjer, det skjer desse augeblikka då du er så heldig å få vere vitne til eit menneskje som ikkje er A4, som utan tvil har sine utfordringar, og som ikkje alltid ter seg som alle andre, gjennomføre noko så normalt som ein konfirmasjon.

Ja, heile konfirmasjonen.

Ikkje berre kyrkja den dagen ein skal konfirmerast, men konfirmasjons undervisning, arrangement som fyljer det å vere konfirmant, ein og anna gudsteneste vanka det og.

Tony stilte i kyrkja ilag med dei andre, i si kvite kappe og deltok på lik linje med dei andre

Eg seier ikkje at alle med autisme klarar det, eg har sjølv andre erfaringar, men eg seier alikevel at ja, det går ann!

Tony klarte det, og det var heilt fantastisk å få lov å oppleve.

(Eg har skrive om Tony før, legg linken her)

Inkludering i høgste potens, og ei litt annerleis 17 mai feiring

Mamma Ann-Katrin skreiv fyljande på Facebook eit par dagar før konfirmasjonen:

«No nærma d seg konfirmasjonsdagen og Tony er klar. Eg vil takke konfirmantane i Selje kommune. Dokke er utrulig flinke til å inkludere dei som ikkje er A4. Eg har vore med på dei store samlingane og eg kan sjå tilbake på denne tida med senka skuldra og en god følelse. Lykke til vidare alle sammen og når den store dagen kjem so håpa eg at dokke får en strålande og minnerik dag:)»

Inkludering.

Men putting puzzle pieces together

Sikkert eit av verdas mest misbrukte ord. Eit ord vi elskar å bruke fordi det rettferdiggjere dårleg samvit.

Og fordi mange ikkje skjønar kva det eigentleg betyr.

At inkludering betyr å ta alle med, alltid. At inkludering betyr å akseptere det rare, uansett kor rart det er.

Inkludering betyr å ha respekt for eit anna mennskje.

Det har konfirmantane i Selje klart, og på den måten har dei og klart på sin måte å vere deltakande i at ein som ikkje er A4, fekk ein dag som eg på mange måtar vil kalle så A4 som det er overhovud mogeleg.

blogg 24 sept 2

Tony bestemte sjølv lys, serviettar og pynting.

Han har fått vere deltakande i alle ledd i forberedelsane.

Og, han røyste seg sjølv og ynska alle velkommen til sin konfirmasjon:)

Fantastisk!

Sliten vart han på slutten, han strakk strikken sin langt i sin konfirmasjon, og ba til slutt om å få sleppe meir, og tusla i bilen til mamma og pappa med Ds sin.

Men, han klarte det! Han klarte brasene med STIL!

Guten som vil kjøpe lego for konfirmasjons pengane sine, som elskar Leif Juster, gamle filmar og å spele skodespel der han sjølv har alle roller, eller lagar roller til heile familien.

Guten som på mange måtar ikkje blir vaksen som som alle andre, men som i går  gjenomførte med glans  noko så herleg normalt som ein konfirmasjon.

JA- det går faktisk ann!

blogg 21 okt 1

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein skodespelar som treng sufflør-alltid

posted on: 3. mai 2016

« Eg skulle så gjerne ynskje at samfunnet kunne forstå for ein fantastisk skodespelar du er.

Kvar dag er din manesje, om du er klar for det eller ikkje, og maska er på.

Maska som seier «eg skal vere som alle andre, i dag skal eg i alle fall klare det».

Du klare det ikkje.

blogg 1 april 1

Nokre gonger klare du det ein time eller to, andre dagar kan du strekje deg til eun halv dag.

Men etter ei kvar ofring kjem dei ein pris. Ein pris av total utsliting, tårer og frustrasjon.

Mamma ser at det koste.

Ho veit at det koste.

Og får og tilbakemelding frå skulen om at i dag har det kosta.

Som vaksen og ansvarleg prøve mamma heile vegen å vurdere når nok er nok, eller når ein kan strekke strikken litt lenger.

«Skal vi gå frå aktiviteten når den er kjempegøy? Så vi ikkje får ein total nedtur når vi kjem heim?»

-Dei har det no så kjekt, seier alle andre, lat dei no få vere, sjå på samspelet!

«Kva slags samspel?» tenkjer eg.

Ser de ikkje kor faktene eskalerar, blir rytmiske, at stemma endre seg, og at ein startar med å snurre?

Det er nok no.

AVBRYT! RETRETT!

blogg 20 mars 1

Ellers kjem nedturen når vi set foten vår inn døra heime.

Og kva vil du hugse? Den kjekke dagen, eller alt det dumme som skjedde når du kom heim?

Eg veit kva du vil hugse.

Du like jo eigentleg ikkje å vere med på noko sånn i starten, skal vi på fjelltur kan du sutre og protestere 45% av tida, for så å ha det heilt fantastisk i 55 %.

Når vi kjem heim har du ikkje haddet kjekt i det HEILE tatt nei! Før du etter nokre dagar kan kome å fortelje meg om den superkjekke turen vi var på , og vi ikkje skal gjere det ein gong til?

På skulen må personalet ditt gjere same vurdering.

Vurderinga om kor sliten du er, kor mykje du kan pushast, om du kan  vere i klasserom eller ikkje.

Fordi du som skodespelar manglar ein ting.

Du evne ikkje å setje eigne grense for deg sjølv, du kjøre på til det smelle, og då kan dagar vere øydelagt.

Å bruke deg opp er enkelt, å lade deg oppatt tek enorm innsats og energi, både frå deg sjølv og mamma.

Det er ein grunn for at vi tek dei vala vi gjere.

Det er ein grunn til at de må passast på som de blir

blogg 12 april

 

Eg har sagt eg må gjere dykk hjelpbare.

Meir og meir skjønar eg at ein stor del av å bli hjelpbar er å kunne bruke ordet NEI på rett plass.

Klare å skjerme seg sjølv når det er for mykje, og sette seg sjølv på lading før batteriet er tomt.

Det må også samfunnet forstå!

blogg 3 april 4

<3<3 Ragne Beate

 

Arbeidaranes dag-ein refleksjon om framtid

posted on: 1. mai 2016

Fyrste mai er arbeideranes dag, då burde det og vore min dag, sidan eg ser på meg sjølv som ein rimeleg hardtarbeidande kvinne.

Eg har berre ikkje tittelen «i arbeid»- men heller tittelen «husmor».

Ikkje det, om eg ynskjer kan eg nok klare å bevege min cv inn i profesjonar som går på psykologi, vernepleie, HMS, for ikkje å snakke om kokk, reinhalds arbeidar og natte vakt.

Og ein plass herskar det ingen tvil:

Lønna? Ehhh… jau.. vi får vel driste oss til å kalla oss lavt lønna, eller.. ulønna.

Mange er med meg, eg veit eg ikkje er åleine.

Og eg går framleis med håpet om ein arbeidsplass som eg kan virke i til mitt fulle potensiale.

Min dag vil komme.

blogg 20 august 2

Men, vil mine born sin dag nokon gong komme?

Det er vondt å tenkje på vala ein må gjere for gutane sine.

Val om karakterar, val om kor mykje ein må ta vekk for at kvardagen skal fungere.

Vala oppimot kunnskapsmåla som skulen har laga for kvar einskild i skulesystemet, unisont, ikkje individuelt.

Og kva skjer om ein må ta vala om å ta vekk karakter? Når deltakinga er så lita at karaktergrunnlaget smuldre bort i intet?

Smarte, fantastiske gutar med SÅ mykje potensiale, men alikevel så skjøre i seg sjølve at dei ikkje makte å få det fram.

Så skjøre at mange og utvikle skulevegring og dett ut av systemet, og kjem seg aldri innatt..

Mange foreldre som har born innan for autisme og ADHD har slike kvardagar.

blogg 16 august 2

 

Arbeideranes dag.

Vert mine born nokon gong arbeidarar?

Vil samfunnet klare å sjå potensialet i mine born, uansett kor skulekvardagen no framover utarte seg, og kva val mamma må ta?

Eller, vil vi bli ein «ung ufør» og ein kasteball i eit system der økonomien i kommuna rår over korleis kvardagen til mine vaksne born skal vere.

Kva tilbod dei skal ha?

Eg er realist.

Verken optimist eller pessimist. Eg ser det eg ser.

Og eg ser at mine born ikkje vil ha same mogeleghet til å skaffe seg utdanning som vanlige nevrotypiske.

Men, kjære samfunn, eg vil alikevel at dei skal få kjenne på kjensla av meistring, av å ha ein jobb å gå til.

Så, på 1 mai- med tittel «husmor» slår eg eit slag for tilrettelagt arbeidsplassar!

To dagar i ei  bedrift- 2 timar ein og annan dag- det kan vere nok.

Nok til å  kunne gå frå  jobben å seie:  «Veit du, eg var på jobb i dag eg <3»

Å kunne få være ein del av eit felleskap.

Men putting puzzle pieces together

Tenk om bedrifter i Noreg kunne opne døra si,for desse som treng å få vere med i arbeidslivet, om enn berre litt?

I tillegg til Asperger bedrifter og andre verna bedrifter som det er rundt omkring.

Ein jobb kan og vere eit dagsenter med aktivitetar som fengjer, men då må dei fengje!

Ikkje oppbevaring, mine born skal ikkje berre oppbevarast.

Eg har ein draum for mine gutar, alle min gutar.

Og det går ikkje ut på om dei havnar som ufør eller ikkje.

Det handlar ikkje om å setje mine draumar forran deira og gje dei krav som dei aldri vil makte på.

Eg har ein draum om vaksne lukkelege menn, som kan kalle seg arbeidskarar, slik dei no gjere.

Georg kom til meg med tårer i augene i dag og sa: «Mamma, eg kan ikkje bli pilot i det ameriknske luftvåpenet-for eg har autisme»..

Og venen min, det har du heilt rett i!

Men du kan bli noko stort alikevel du, ut i frå ditt potensiale, om berre samfunnet og åpnar opp for desse arbeiderane, som ser verda frå ein litt anna vinkel.

Gratulerer med dagen i de 1000 heimar.

Eg seier som eg alltid seier:

 

«Different but not less»

Blogg 26 april 1-4

 

<3<3 Ragne Beate