Lykke

4. juni 2016

blogg 4 juni 1

I skrivande stund sit eg i fjæra og skriv blogginnlegg med mobilt breiband får telenor- vi har eit til campingvogn bruk 🙂

Nærmaste nabo er storhavet rett ut, eg har to skrukketroll på mi høgre side som prøve å komme seg opp på foten min, og ein edderkopp eg såg, men ikkje ser lenger, den bekymre meg litt, men berre litt..

Ein av Vågsøys finaste attraksjonar  Kannesteinen er like ved sida av meg, ilag med nokre overivrige turistar.

blogg 4 juni 2

Eg er lukkeleg.

Skikkeleg lukkeleg faktisk, og det er ei kjensle som er så god å ha!

Å ta valet om å flytte, frå det store kvite huset i Furutoppen, med alt det ein kunne tenkje seg av duppedingsar.

Jamn varme heile året, luft vann anlegg, sentralstøvsugar, einaste eg mangla var noko andre som ville bruke den støvsugaren annan enn meg, haha!

Eit hus min mann har dilla og dulla med, bygd opp, tatt vare på, heimen vår.

blogg 4 juni 5

Altdet her har vi gitt opp for ein gammal gard frå aner heilt tilbake til 1300 talet, godt på veg inn i ein dal.

blogg 4 juni 6

Ein gard med sjel, det er nesten som den snakkar til deg.

Kaldt og dårleg isolert, mykje som må gjerast før ein er i mål, men fullt levbart slik den er.

Ikkje har vi internett endå, og når vi får er hastigheita slik at vi må ha to linjer.

Ja, eg er mamma til fleire born med autisme, nett må vi berre ha.

Fasttelefon må vi også ha, då telenor signala ikkje når inn til garden vår.

Vi har E for elendig i vindauget på kjøkenet, elles er det ikkje noko i resten av huset.

Eg vakna i dag etter 7 timar søvn utan at nokon hadde plinga på meg, det vil seie at når telefonen landa i vindauget, då tok han litt av, men i senga var det ingenting.

Eg har glømt kor det er å vere fri..

Ja, sjølvsagt kunne eg ha skrudd av mobilen, men ein gjere ikkje det, no skur garden den av for meg.

Og eg er lukkeleg alikevel.

Telenor seier vi skal få signal då, eg sende dei  nemleg eit brev, det gjekk som fyljer:

Kjære Telenor

Mobildivisjon

Jeg sender et rop om hjelp

Dessverre vil du ikke høre det

For i veien står det et fjell!

 

Mobilen min lider alene

Den søker og søker på

Men finner ei dekning i forsøket

Uansett hvor eieren den lå

 

I Oppedal i Vågsøy kommune

På gardsnr 132 slæsh 1

Ei perle på jord utan like

Men gir oss dessverre bare E

 

Vi er ikke kravstore på bygda

Treng verken 4(G) eller 3(G)

En 2(G)det kjem vi langt med

Berre vi får bytte E til G

 

Jeg roper så høyt jeg klarer

Gjennom skog,fjell og vann

Ikke la meg bli en av de 5 prosenter

Som ikke får dekning her til lands

 

Versåsnill, jeg ber så nådigst

Sett opp ei antenne på Hendanes fyr

La turisten få sende selfie fra kannesteinen

Og la meg få ringe hjem når jeg fisket en lyr!

 

Jeg er avhengig av telefonen

Av den frihet den har gitt meg til no

La med få forsette mine vaner og uvaner

Og fremdeles få sjekke Facebook på do

Hehe, eg fekk eit kjekt svar tilbake at dei vil sjå på saken:)

 

Kanskje eg ikkje er så avhengig av mobilen alikevel som eg trudde då eg skreiv brevet, men eg seier ikkje neitakk alikevel altså!

 

Ein annerleis familie som tok val om å satse, frå gåselever til makrell i tomat meine nok mange, men for oss var det rett!

Og det gjere oss lukkelege.

På dagens metalldetektor jakt tur fant vi ein 2 øring, og to patroner etter ei hjortejakt.

blogg 4 juni 3

blogg 4 juni 4

Skulle tru det var ein skatt av millionverdi når ein høyrte gløden og iveren til  borna våre over funn!

«Mamma, sjåå- vi fant!»

Vi gjere noko ilag, som familie, på våre premissar, på våre eigne marker.

Vi kan rett og slett vere berre oss- og det gjere meg meir enn lukkeleg.

Det gjere meg takknemlig, stolt og ikkje minst rørt!

Det vil komme mange dagar her på vestlandet, når vinden står rett inn frå storhavet, regnet piskar mot rutene, og mørket kjem sigande inn.

Dagar når livet buttar i mot og er tungt og trasig.

Vi skal vere klare då og vi!

Det viktigaste er å nyte livet når det vise seg frå si beste side.

Å vere lukkeleg når ein kan <3

blogg 4 juni 7

 

Different but not less!

<3<3 Ragne Beate

  • Helga Iren

    Nyt livet Ragne, og nyt friheita. Nyt friheita som finns i gamle hus, med naturlege lydar, som kan vere heilt stille, so lufter seg sjølv, men som bed om å få opne augene sine. Som knirker og lever saman med oss. Det er noke stødig og trygt over det trur eg.