Trygghet i ein liten laminert pappbit

6. juni 2016

Hei hei frå «På Randen med Ragne» sitt utekontor, framleis lokalisert ved «Kannesteinen».

I dag ser det slik ut her eg sitt:)

blogg 6 juni 1

Eg sit her og undrar over kva alle desse turistane som svinsar rundt meg tenke om dama som sit godt bakeoverlent inn attåt ein stein og skriv på ein pc.

Kanskje dei trur eg er ein kunstnar? Ein forfattar kanskje? Eller mest sannsynleg ei desperat husmor med eit enormt behov for å oppdatere seg på Facebook!

Eg kunne kanskje prøve å forklare dei kva eg gjere her, men mesteparten av dei som er her snakkar tysk, og sidan den tysken eg kan er «Ich Liebe dich» og den litt meir fornorska «Ich habe eine grose snabel in meine buksen geslengen», så trur eg at eg lar det vere.

blogg 5 juli 1

For eit par dagar sidan så fortalte eg om Laurits som var redd for å ta taxi etter at vi flytta frå Holvik til Oppedal, fordi han var redd for å havne på feil plass.

At taximannen ikkje skulle vite kor han no budde, og at assistenten skulle gløyme det, og ikkje minst at mamma ikkje var der og tok i mot han når han kom heim.

Det var ikkje nok å trygge han med ord, ikkje skjøna han alt vi sa heller trur eg, for det virka som at den angsten han bar på for å ikkje finne meg når han kom heim, den overdøyva alt vi vaksne prøvde å seie.

Så, kva gjere man då?

Taxien kan vi ikkje ta vekk, på skulen må han, og for å seie det sånn, eg flyttar ikkje på meg ein gong til!

Etter ein telefon til pedagog på skulen, og ein diskusjon rundt utfordringa, så fant vi ut ein genial ide.

Skulen laga 2 «taxikort» til Georg og Laurits, med spesifisert rute :

Morgon: «Oppedal-Skram skule»

Ettermiddag: «Skram skule-Oppedal»

blogg 6 juni 2

Tenk, så enkelt!

2 små laminerte plastikklappar, som gav guten min den tryggheten han trengte for å lette børa på skuldrane, få vekk angsten for å «misse» mamma ein plass, og vere trygg på skulevegen.

Og ein seier at tilrettelegging kostar så mykje? Tek så mykje tid? Er så vanskeleg å få til?

I dag tidleg sprang ein lukkeleg og glad Laurits i bilen og viste stolt «taxikortet» sitt til taxisjåfør Bjørn, og forklarte kor han skulle etter skulen.

Kva kan ein ikkje få til berre ein har litt kreativitet, eit godt heim skule samarbeid, og med ei grunnleggande forståing av korleis bornet tenker, ein kan ein komme så langt!

Det er då ein sparar pengar… men mest av alt så gir man ein liten gut, med ein angst i magen mogelegheta til i meistre.

Det kosta berre ein tanke, litt handling og denne gongen litt papp <3

 

Tusen takk til gjengen «vår» på Skram-dokke er gull verdt!

 

<3<3 Ragne Beate