Dei verkelege heltane- som treng å få lade rett.

9. juni 2016

Hei hei! i dag bles det mykje på utekontoret, eg har måtta til med både pledd, ull og fleece, men fuglane kvitre rundt meg og bølgene skvulpe mot stranda, og eg har det no egentlig ganske så flott her eg sit:)

blogg 9 juni 3

I dag har eg skrive ein tekst om superheltar, for er det noko born med autisme er, så er det superheltar, ingen over og ingen ved sidan!

 

Dei verkelege heltane- som treng å få lade rett.

 

Eg har mange gonger tenkt at de skulle fått sett, alle de som meiner, tenker, synser og trur, kor slitne gutane mine er når dei kjem heim frå ein heilt vanleg aktivitet som skule.

Men eg kan ikkje ta bilete og legge det ut, det er ikkje riktig, det kjennast ikkje rett, det er for sårbart.

Men det er sanning- kvar einaste dag.

Tenk kor mykje energi dei har brukt på alt det vi andre syntes er kjekt, som leik i skulegarden, det sosiale samspelet mellom deg og andre menneskje, kosen med prat og latter.

For mine sine er det den store energitjuven.

Der vi ladar vår energi, får dekka våre sosiale behov, vårt behov for å vere ilag med andre, der tappast mine heltar.

Det ironiske er vel då at det dei aller mest ynskjer er å klare å vere ilag med andre, finne seg ein besteven, vere ein del av våre sosiale samspill liv, der alt er lagt opp etter kor artig du er, kor populær du er, kor utadvent du er.

blogg 27 mai 1

Eg skulle ynskje de alle kunne klare å forstå kor mykje reglar betyr for gutane mine, at reglar er reglar og at dei må fyljast.

At dei glidande overgongane som andre born tek for gitt, testinga på kor grensa går hen i henhold til ein eller annan regel-kor langt ein kan strekke det, vert uoverkommeleg for mine og forstå.

Fortvilinga over at andre «lyg» når det ikkje går vegen, eller at nokon gjere noko dei ikkje skal- bryt det som er sett opp- det som er forståeleg.

Det er ikkje rart det vert kaos i hovudet!

Eg skulle ynskje eg og kunne virkeleg forstå korleis det er i hovudet til gutane når det er fullt.

Og ikkje minst kva eg kunne gjere for å hjelpe dei å tømme det litt, tømme det slik at verda deira vert overkommeleg og ikkje overfylt.

No må eg berre prøve og feile, det er mitt lodd.

Kvar einaste dag ,365 dagar i året vaknar mine gutar og startar ein ny dag i ei verd som dei slit med å forstå, og der vi slit med å skjøne dei.

Men klagar dei?

Set dei seg ned og seier: Eg gidde ikkje vere med på det her eg!

Legg dei seg ned og berre «dør» litt?

Nei! Faktisk ikkje!

Men dei vil gjere det om vi ikkje passar på.. ikkje klage.. ikkje gidde.. men slite strikken sin.

Mine fantastiske superhelter og mange mange mange barn med dei  går ut i vår verd kvar einaste dag, og dei gjennomføre.

Dei gjennomføre eit marathon av utfordringar kvar einaste dag.

Utfordringar som vi andre nevrotypiske tar for moro, sjølvsagt eller påkrevd.

Dei strekke stikken sin SÅ langt kvar dag,eg veit det, fordi eg har fått den vonde på mange måtar, men og unike oppgåva i å ta dei i mot når dei kjem heim og slepp ned guarden sin.

Maska, skodespillet, for lov til å komme heim.

Heime der hua på hovudet ikkje lenger er i hue, men ein hjelm frå andre verdskrig, og det er heilt ok!

blogg 9 juni 2

Heime der ein kan snakke om forliset til «Blucher» og skrive historier om fly som vart skoten ned under 2 verdskrig og det er ok!

blogg 9 juni 1

For ein plass må man få ha sitt, ein plass må bobla få vere bobla, den einaste plassen der mine sine samlar sin energi.

Det er kanskje mi viktigaste oppgåve som mor, å hjelpe mine born til å klare å samle nok energi.

Samt å pushe rett..

Hadde du klart ein dag i mine born sine sko?

Eg rett opp handa og seier at det hadde ikkje eg!

Men, ein ting er i alle fall heilt sikkert, menneskje med autisme er unike superheltar!

Vi må sørge for at dei får lada seg rett-kvar einaste dag, slik at strikken ikkje ryk, gjere den fyrst det,er jobben med å få den sydd i hpp igjen veldig veldig lang…

Different but not less <3

blogg 6 april 3

 

<3<3 Ragne Beate