Ei mors oppleving av ein «meltdown»

11. juni 2016

For to dagar sidan oppleve eg ein «meltdown», den sit i meg endå, den sit så i meg at eg ynskjer å prøve å formidle for de korleis det oppleves frå mi si side.

Eg kan ikkje skrive korleis det opplevast for bornet mitt, for hadde eg visst det hadde eg gjort ALT i heile verda for å unngå at bornet mitt skulle måtte gå igjennom noko sånt.

blogg 7 jan 6

Kva er ein «meltdown»?

Sidan eg ikkje er psykolog eller fagmann av noko slag, så skal eg definere det slik eg opplev det.

«Ein «meltdown» er eit samanbrot  der bornet klappar totalt i hop, og ikkje har kontroll på verken armar, bein eller lydregulering. Det klarar ikkje å hente seg innatt, og «anfallet» opplev eg som det kjem i bøljer, det byggjer seg opp, og trekk seg litt tilbake, for å byggje seg opp igjen.Ein meltdown kan vare i timar»

Difor meiner eg at ordet «meltdown» er eit av dei mest misbrukte orda vi bruker rundt utfordrande adferd hos born med diagnose.

Alt er ikkje samanbrot.

Når ein av mine klikkar ut forbi leikebutikken fordi dei ikkje får lov til å gå inn å kjøpe ein «Slingfire Nerf» som dei oppi sitt hovud har tenkt at det er noko av det smartaste som kan skje her i verda, så har dei ikkje eit autistisk «meltdown».

Dei er dritsure på grunn av i brutt forventing.

Samstundes har ikkje gutane mine ein autistisk «meltdown» når dei får eit raserianfall på grunn av ein stressa situasjon, MEN, dei kan få det om det ikkje blir skjerma frå stresset.

Mi erfaring er at desse «meltdown» kjem etter ein periode med stress, uforutsigbarhet og rutinebrudd, ofte der borna har strekt strikken langt nok, så langt at han ryk.

Eg har opplevd rundt 5 «meltdown» i mitt liv, eg hugsar kvar og ein av dei, fordi dei gjere noko med deg som mor.

Aldri har eg som mor følt meg meir makteslaus enn når bornet mitt har det så fælt, og dei einaste du kan gjere er å trøste, skjerme og passe på at ingen skadar seg.

blogg 14 feb 1

Når stresset rir ein liten kropp, og bornet ditt berre maktar ikkje å hente seg innatt!

Det er ikkje snakk om trass, ei heller om å vere vanskeleg, her er det ein eller anna systemkjæsj i hovudet som berre skapar total kaos.

Som mor er roen det viktigaste. Ikkje hisse seg opp, ikkje prøve å korrigere, men vere der.

Snakke med roleg stemme, prøve å avlede når fortvilinga byggjer seg opp til ein ny topp.

Stødig, rolig, og med ein eigen klump i magen som veks og veks,mens sekund blir til minutt, og minutt blir til timar.

Tårer på kinn..men like rolig, sjølv om det tærer på krefter.

Og der dårlig samvit rir deg som ei mare, kunne det her vore unngått? Kva gale har eg gjort? Har eg ikkje vore tett nok på?

Sanninga er at ein klare ikkje forebygge alt, nokre gonger blir det berre sånn…

Det er då du berre må vere der….

Det er mammas jobb <3

blogg 10 juli 1

Etterpå kjem den viktigaste delen av jobben, den som kanskje mange ikkje tenkjer på.

Autistiske born har ein egen evne til å få dårleg samvit, til å føle at dei at påført oss foreldre noko, at dei er fæle og forferdelege mennskje.

Og i tillegg er dei utslitt.

Difor er den viktigaste jobben å gje bornet tilbake sjølvtilliten, fremsnakke i store ordlag, forklare, trygge, holde rundt om ein får lov til det, (der er eg heldig, for eg får lov) og ikkje gje seg før bornet skjønar at det ikkje var deira feil!

«Meltdown» er aldri bornet sin feil-aldri!

Vi har mange utfordrande episodar i vårt liv med autisme, ofte kvar einaste dag, og sikkert like mange episodar som vi har av den gode, artige og vittige sorten.

Men det er overkommeleg og håndterbart.

Eg jobbar heile vegen med å ta desse situasjonane når dei er håndterbare, slik at det ikkje gir grobotn for ein «meltdown».

Det er ikkje alltid eg lykkast heil, og det er både krevjande og slitsomt- men det er SÅ verdt det, innsatsen og slitet!

For, alt anna enn ein «meltdown»- ALT ANNA!

blogg 6 des 4

<3<3 Ragne Beate