Foreldre veit!

14. juni 2016

«Kan du hugse den gongen du gjekk inn i barnehagen for å hente bornet ditt, og du kunne høyre på gråten kvar bornet var?

Eller på leikeplassen med ein masse born som leikar og du høyre eit hvin blandt alle dei andre, hvinet som berre bornet DITT kan lage?»

Slik er vi foreldre bygd, vi er bygd for å ta vare på avkomma våre, vi er bygde for å skilje massevis av flotte, staute og nydelege born samla i lag, for å finne vårt eige.

Vårt unike born ,som vi kjenner ut og inn.

Stort sett får vi lov til å passe på borna våre sjølve, dog, samfunnet lagar jo sine normer og reglar.

Ein må innrette seg etter barnehage og SFO tider, ein finn sin plass i samfunnet i henhold til fritidsaktivitetar og helgeaktivitetar med vener.

Ein ser på bornet sitt når det er svolten, trøtt, lei eller har det kjempekjekt.

Og vi agerer deretter.

Vi lære borna våre å passe seg for farar, korleis oppføre seg i det offentlege rom, vi bestrebe å vere høflege, og å oppdra gode og samfunnsnyttige borgarar som skal yte godt i samfunnet.

Det er sjølvsagt ikkje sant?

Jo, det er sjølvsagt heilt til bornet ditt ikkje klarar å passe på segsjølv, ikkje klare å passe seg for farar, heilt til bornet ditt treng spesialoppfyljing i det offentlege rommet som alle dei andre tar for gitt.

blogg 8 april 1

Det er då alle andre kjem inn med sine meiningar, om kva foreldre veit, eller burde ha visst!

Det er då det sjølvsagte går over til: «har vi råd».

Som mor til fleire av desse borna som går under «har vi råd», så spør eg:

«Har de nokon gong kjent på kjensla av kva som kan skje med bornet ditt når det går over vegen?»

Har du?  Kjenn etter ein gong til, og sjå for det at bornet dit er blitt stort, så stort at det skal kunne klare det sjølv..  Er du framleis redd?

Vel, det har eg, det gjere eg kvar einaste gong vi skal krysse ein veg. Eg held store hender i handa, som no skulle klare å krysse åleine, men dei kan ikkje det.

Dei vil ikkje alltid heller.. men dei MÅ.

For, tryggleik går fyrst. Tryggleik går alltid fyrst.

Tryggleik går forran absolutt alt, for mamma har ingen å miste.

Viss nokon andre skal gjere det same, så vert det definert som tvang om gutane ikkje vil.

Kan eg leve med den tvangen? Kanskje, kanskje ikkje, veit ikkje.. men eg må ha gutane mine trygge heim.

Eg veit nemlig kva som kan skje om dei får lov til å gå over gata åleine- mamma veit.

blogg 18 feb 1

Foreldre veit viktigheta av å ha nok personell på, ikkje berre for trygginga sin del, men også på grunn av det pedagogiske.

Foreldre veit også viktigheta av trygge områder ute.

Dei kjempar ikkje kampar dei ikkje treng, gudane skal vite at dei har nok å ta av.

blogg 22 mars 1

Kanskje syne ikkje den store forskjellen så veldig, kanskje ser det ut som at det ikkje trengast- men mødre og fedre veit.

For dei ser borna  som kjem heim, dei sit å våkar på natt når søvnen ikkje kjem, og tørkar dei fortvila tårene når dagen gjekk skjeis- for foreldre veit kvifor, og veit dei det ikkje, så gjere dei alt i so makt for å finne det ut!.

Foreldre ser også dei sterke sidene, det er jo dei vi alltid leitar etter, og bruke så alvorlig mykje tid på å finne ut korleis ein kan få bruke desse sterke sidene til noko konstruktivt! Noko bra! Noko som ein kan byggje vidare på, slik at ein kan ta vekk dei meir trasige sidene.

Kanskje kan det virke som vi foreldre berre ser dei svake sidene, men det er feil- problemet er berre at vi heile tida må male på det negative for å få fortgang i ressursar slik at ein har nok hjelp til å få fram det positive.

Er det ikkje ironisk?

For ingen får hjelp for noko som går bra..

Aldri!

Lyttar ein nok til foreldre som veit? Dei som sit med makt, pengesekk og haldningar?

Har dei haldningar som vil møte foreldre, eller har dei handlingsmønstre som berre passar deira eiga overtying over at dette er bra for denne gruppa her.

Desse får det bra sånn.

Desse.

Ikkje borna, behovet eller utviklinga- berre at desse kan få det bra sånn.

Sjølv om foreldre veit noko heilt anna.

Før diagnosa måtte ein berre innrette seg etter normer og reglar, no må ein innrette seg etter haldningar, økonomi og planar.

Laga av andre.

Til tross for at vi foreldre veit!

 

Kva kan vi gjere for å endre det?

blogg 24 feb

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

  • anita

    Ja tenk om alle disse instansene hadde forstått det vi har forstått.
    Det såkalte hjelpeapparatet er det som tar futten ut av meg ?