Folkebiblioteket- der ein passar inn :)

18. juni 2016

Ferien er godt i gong, og her gjeld det å vere kreativ.

Dagane blir lange når ein er oppe før fuglane har funne på å sleppe sin fyrste fjert, og med born som ikkje driv seg sjølv framover, så kan ein fort havne i ein ond sirkel av mas, småkjiving og det eg kallar «hoppe på mamma sine nervebanar» aktivitet.

Det er det intense gnålet som berre kryp innunder huda på deg og ikkje gjere deg noko vel i det heile.

Eg er sikker på at mange foreldre som har born på spekteret kan nikke samtykkande med meg, de veit kva eg snakkar om, sjølv om det er vanskeleg å forklare.

Utfordringa eg har som mamma er jo at spontanitet ikkje er heilt det store i heimen, og at sjølv den kjekkaste aktivitet blir noko drit om den blir lansert feil, så då Georg nevnte at han hadde så lyst å vise meg det nye folkebiblioteket som Vågsøy kommune åpna for nokre veker sida, ja då heiv eg meg på med ein gong!

For å utvide turen litt, og gje borna mine litt meir oppleving, så tok vi bussen frå Oppedal i staden for å kjøyre sjølv.

blogg 18 juni 1

Eg fekk opplyst at sist gong i kjøyrte buss var ein gong i 2014- for slikt huskar dei sjølvsagt!

Kven som kan klandrast for det, om det er dårleg rutetilbod eller ei slapp mor, det får ein no enn diskutere, vi var no i alle fall på bussen no.

Kvart stopp vart høgt lest opp, og dei nikka gjenkjennande for kvar plass vi kjøyrde forbi- eg sat å humra for meg sjølv, dei er no bra gode <3

Vel framme på folkebiblioteket fekk eg ei oppleving eg seint vil gløyme, den var facinerande og god på eine sida, og kjempevond på den andre.

Det er noko med å sjå borna sine frå den andre sida, i offentlege settingar, desse settingane som eg sjeldan eller aldri set meg i lenger.

Fordi eg ikkje orkar.

Det er «leselyst aksjon» på biblioteket, så der var fleire born enn vanleg. Yngre og eldre enn mine, og mange av dei var der åleine.

Leita etter bøker og kika rundt.

Eg gjekk å «gjeta» på mine.

Laurits fant seg ein bil, og byrja leike på golvet mens han song.Laurits syng mykje, heile tida eigentleg, men han song heldigvis lågt.

blogg 18 juni 2

Eg lurte litt på om eg skulle stoppe han, store guten som låg der på golvet å leika, men søren heller! Slik er han, det var det han ynskja på biblioteket, og han plaga ingen. Så eg lot han få lov.

Seinare fann han seg og ei bok, ei barnebok med masse rare bileter i, Laurits fant masse krigsfly inni desse bileta..

Korleis han klarte å konkludere med det, det må no gudane vite, men det vikigaste var at han kosa seg!

blogg 18 juni 6

Broren på si side sat fint i vaksenavdelinga på folkebiblioteket, på ein stol han knapt nok klarte å klatre opp i utan hjelp.

Forran seg hadde han boka : « Luftkrigen i Europa» og seinare fant han fram «Kampen om Atlanterhavet».

Han bladde, han las og han koste seg glugg i hel.

blogg 18 juni 3

Eg vart ståande eit lite stykke frå han og berre såg.

For nokre kontrastar. Kontrastar mellom tvillingbrør, kontrastar mellom tvilllingbrør med autisme og andre born utan.

Kontrastar mellom kva som er forventa og kva som faktisk skjer?

Men, på folkebiblioteket var alt saman lov.

Både bilkjøyring og andre verdskrig <3

Det var godt, vondt, sårt og fantastisk på same tid.

Ilag oppdaga gutane film og lydbok avdelinga, og gleda sto i taket då dei skjønte at vi kunne få lov til å låne med oss DVD heim.

blogg 18 juni 5

Eg kan love dykk at det var to samkjøyrde gutar som valde ut 4 DVD til å kose seg med i helga, med fyljande titlar:

  • National Georgraphic: Guandalscanals Forsvunde flåte
  • Poseidon
  • National Geographic: Secrets of the Titanic
  • National Geographic: Krigsskipet Bismarcks hemmelighet

 

Her er det berre å poppe popcorn og gjere seg klar!

 

Sjeldan  har «Different but not less» vore meir passande.

<3 Georg og Laurits <3

blogg 18 juni 4

<3<3 Ragne Beate

 

 

  • Ingrid

    Så godt å lese Ragne- viktig å samle på positive opplevingar. Riktig god sommar til deg og dine ?