«Kjære Storebror»

20. juni 2016

Det svartaste samvit eg ber på

Den ber eg på for deg

Du bad aldri om den kvardagen du enda i

Men vi høyre sjeldan ei klage frå deg

 

Eg veit du vert flau nokre gonger

Som på kinoen i går

Eine broren med hørselvern på hovud

Den andre med hua godt trekt nedover hår

 

Dei laga tidvis rare lydar

Og dei lo nok kjempehøgt!

Eg såg andre snudde seg og såg på

Eg såg du  synke lenger og lenger ned

 

Du sendte meg eit desperat smil frå stolen

Før kinoets mørka redda deg

«Versåsnill mamma, få dei til å slutte!»

Eg prøvde så godt eg kunne kjære deg <3

 

Men ikkje ein gong klaga du broren

Ikkje eit høyrbart sukk i frå deg

Du hjelpte broren med brilla då den datt av

Du sat der heile filmen , du gjekk ingen veg

 

Når filmen var ferdig så sa du:

«Mamma, såg du kor flinke dei var?

brorane var med oss heile filmen

Det var jo ikkje noko kav!»

 

Gløymt var lydar og fakter i salen

Gløymt var kjensla av å vere flau

Der og då var du stolt av dine brødre

Og herlighet kor stolt eg er av deg!

 

Det er mange som kunne lært av deg gullet

Vår finaste storebror

Om toleranse, haldning, om det «rare»

Om det å vere med å bygge bro

 

Bygge bro mellom «det rare» og det «normale»

Ei verd som berre søsken nok kan sjå

Den verda som dei må tåle

Den vegen berre dei kan gå

 

Her heime har du lov til å sukke

Du har og lov til å brøle det ut

At du hatar autisme så masse!

For, du er berre eit menneske, gut <3

 

I systemet er du ikkje verdt ei krone

Du som søsken er

Men for mamma er du verdt millionar

Fordi du er akkurat den du er <3

 

Dine brødre vil alltid trenge mykje

Det vil aldri endre seg

Men eg skal gje deg ein lovnad kjære storebror

Eg skal ALLTID vere der for DEG <3

 

Eg skal bestrebe å sjå deg gjennom stormar

Finne tid der det elles ikkje er

Vere med deg i gleder og sorgar

Prøve å alltid vere der

 

Eg kjem til å feile på vegen

Vere teit, urettferdig og dum

Men bere over med meg kjære storebror

Det meste, det skjer, av ein grunn <3

 

«Til månen og tilbake- eg skal alltid vere der»

blogg 24 feb 3

 

<3<3 Stolt mamma Ragne Beate

 

 

 

 

 

 

  • Edna Søviknes

    kjære Ragne.Eg les mykje på bloggen e berre fantastisk.Eg er ein stor beundrar:-)
    og dette var sterkt.kjenner at tårene presser på ..FOR ein storebror dei har <3

  • Helga Iren

    Heltane våre <3
    Tokulturelle, med ein heilt spesiell mellom-menneskeleg kompetanse. Som før eller seinare må bli so fedd øpp ta alt ditte sære og annaleise, men so likevel finn tid, samvær og ikkje minst toleranse til sine søsken. Lurer på om desse heltane fe den tid, samvær og toleranse dei treng?