«Å vere turist i eigen heim»

23. juni 2016

Mange gonger føle eg at eg turist i eigen heim, fordi eg støtt og stadig må bevege meg inn på arenaer som eg ikkje kjenner.

Arenaer der autismen tek over, og eg må prøve alle desse triksa som turistane brukar når dei kjem til eit nytt land.

Eg har jo sjølvsagt lest meg opp på det meste av «atraksjonar» innanfor autisme, men søren heller, det er ikkje alltid at den vegen som kartet har streka opp funke altså!

Viss eg får eit kart, det er tidvis svært dårlig med utsalg av den sorten, kartet som passar oss.

Det ende som oftast med at eg må teikne meg eit eige kart og håpe at vi kjem frå A-B med det ,utan at eg går så veldig mange omvegar før eg når målet.

Men, eg må innrømme at eg har mange gonger vandra i mørkre, og strompla i både røter og dette i fallgruver, før eg sliten og utbala har dratt meg i sikkerhet.

Feil kart denne gongen ja!

blogg 25 mai 3

Informasjonen i heimen er litt krevande å tolke, då vi ikkje snakkar same språk alltid.

Ikkje det, eg er rimeleg god på kommunikasjon eg altså, eg er i alle fall kjempeflink til å snakke!

Eg snakka lange setningar, utbroderer i fine ordlag, bruker masse fine adjektiv, og ikkje minst med ein lun og fin humor.

Det er jo slik vi sett stemninga er det ikkje?

Slik vi er høflege?

Etter mi lange tirade der essensen selvfølelig er noko så enkelt som kva vi skal ha til middag, får eg somoftast svar som: ja, nei, ok, veit ikkje, eller det beste:

«Supermarine spitfire  MK 2 styrtet etter en kollisjon med London dreper Dornier do 217»

blogg 23 juni 1

Turisten har no lært at det enklaste er somoftast det beste, og at ein ikkje spør kva som er best, men heller vel seg ut to ting og spør om noko av det kanskje kan passe.

Mi ferd som turist har og oppdaga at det er lite aktivitetar i denne sida av landet- autisme sida.

Skal ein oppleve noko, så må man sette det i gong sjølv. Akkurat der er ikkje innbyggarane i autismelandet så heilt villige alltid.

Ein kan møte noko misnøye, høge lydar og ein og anna heftig protest, men får ein innbyggaren på gli, så har man fått den beste turistguiden ein kan  ynskje seg.

Dedikert, informativ og ikkje minst artig.

Då er det verkeleg artig å vere turist!

Det er då eg tenkjer at det her, det her skulle alle fått lov til å oppleve! For kjensla ein får av meistring og oppleving i desse augeblikka, ja, dei kan ikkje kjøpast for pengar i alle fall!

blogg 18 juni 1

Det vanskeligaste med å vere turist i eigen heim er at karta er lite oppdattert og endre seg frå dag til dag, same med situasjon og landskap.

Ein kan få dagar med mykje informasjon, og andre dagar der du føle du er på tulltur i Sahara utan vatn, GPS,og telefon.

Du er tørr i halsen av stress, du ane ikkje kva veg du skal gå, det er ingen å ringe for å få hjelp, og du er heilt åleine.

I tillegg er det vanskeleg  som turist å setje seg inn i korleis ein har det i autismeverda.

Eg kan lese så mykje eg vil, eg kan oppleve så mykje som eg vil, eg kan bli god på det aller meste.

Men, eg vil alltid vere innbyggar nevrotypisk- eg vil aldri få fullt pass i verd autisme.

blogg 27 mai 1

Det er difor eg gjere mykje feil, difor eg tolke så mykje feil, difor eg går meg vill i Sahara tidvis.

Men, til tross for fallgruver, tørre halsar, kjensle av å både vere makteslaus og forlatt, så forset ein reisa si som turist kvar einaste dag.

Kvifor?

Fordi det betyr noko.

Det betyr noko å forsette denne reisa for å lære, det betyr noko å kvar einaste dag få oppleve nye ting, både gode og dårlege.

Det er viktig å ta denne reisa fordi det er den einaste mogelegheita du har til å lære det vikigaste.

Ikkje det viktigaste om verda autisme, men det viktigaste om innbyggaren din i denne verda.

Ved å sjå, lytte og oppleve vil du vere rusta til å kunne informere andre som må søke turist visum i autisme verda, når guiden din ikkje klarar det.

Både dei med utdanning og dei utan, både dei som vil deg godt, og dei som sikkert og vil deg godt, men som sit på ein penge sekk som er knytt igjen.

For det handlar ikkje om autisme- det handlar om mennesket med autisme.

Mennesket, ikkje diagnosa.

Eg vandrar vidare på min veg, i dag hadde eg både lys i lykta og god kommunikasjon.

I morgon kan den vere avslått, slukt og døra lata att.

Eg skal vere klar då og 🙂

Det einaste eg ikkje gjere er å grave meg ned i tide- akkurat DET funke svært dårleg for denne turisten!

Ynskjer de alle ein god tur!

blogg 23 juni 2

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

 

  • Kristine Renså

    Idag fikk jeg middagssvaret innpakket i en puma-historie. «hva vil du ha til middag idag da?» E- «den farlige pumaen fanget det store dyret og spiste den med bacon på!!». Meg- «bacon… Vil du ha bacon til middag?». E-» ja mamma, DET var lurt!!!». En blir god på å tolke og??