Eit lite stykke framgong

25. juni 2016

Klokka er 9, kaffikopp nr 4 i dag står ved sida av meg, eg veit ikkje når vi sovna i går kveld, eg slutta å sjå på klokka, eg veit ikkje heilt når vi vakna heller, det var såpass tidleg at det ikkje var verdt å sjå på uret.

Vi er i ei slik periode no, at søvnen er ekstra vanskeleg, men det er ikkje så rart, mykje har skjedd hos AS Larsen siste månadane, og alt må bearbeidast.

Eigentleg er vi alle sånn, er vi ikkje? Når noko skjer, eller skal skje, eller for den del er ferdig og har skjedd, så kan det ta frå oss litt nattesøvn?

Vår utfordring er at vi erfaringsmessig veit at desse periodane hos oss har en tendens til å vare i mnd av gongen, og det vert aldri heilt bra. Vi søv dårleg.

Elles er også autismen meir framtredande og særinteressa tar mykje tid.

I skrivande stund driv Laurits å bygge ein modell av krigsskipet «Bismarck» av lego, mens han høyrer på melodien «Sinking the Bismarck» på Spotify, ein kva skal man seie,« fengjande» melodi?

Haha! Neida, han kose seg no, det er det viktigaste:)

blogg 1 april 1

Oppi alt det her, dårlig søvn, mykje meir besøk av autismetrollet og ein lang sumarferie forran oss, så finnast det lyspunkt.

Eit lite stykke framgong.

Måløydagane er igjen over oss, og byen vert snudd på hovudet.

Inn kjem det vikingar frå Shetland, matboder og andre boder på kvart eit hjørne, tivoli midt i sentrum, og det flyg heikopter over hovuda på oss.

Vi reiste inn i går, lot storebroren få gå med kompisar, og haia inn mormor på slep, sida pappa er på båten på jobb, og mamma ikkje kan kan ta ansvaret åleine på ein slik dag.

Det er rett og slett ikkje forsvarleg.

Og for fyrste gong på Måløydagane så såg vi at gutane virkeleg kosa seg, og veit de, det gjorde eg og!

ENDELEG!

blogg 27 juni 3

Det hjalp sjølvsagt godt på at tivoliet er det same, og at mykje sto på same plass som i fjor, vi har og forbereia oss veldig godt, og alle forventingar møtt- i alle fall nesten.

Mormor sto med hjartet i halsen då Laurits klarte å slå hol på ein ballong og vant ein bamse, mens Georg ikkje traff, det kunne vore nok det til å synke skipet for å sei det sånn 😉

Heldigvis ordna det seg fint, Georg fekk ein sjangse til og det gjekk «all in».

blogg 27 juni 1

Det som også var så godt for mammahjertet  var at når vi gjekk på tivoliet, så var det mange som såg rart etter Laurits som gjekk med pappa sitt hørselvern godt klistra ned over hovudet, men klassekameratar vi møtte frå 2 A, hilste på gutane mine.

Det var så godt å oppleve!

Og i går kjente eg ikkje på desse ekle følelsane som ofte kjem sigande , på sorga over at eg og mormor måtte henge på gutane mine som nokre slips mens dei sprang frå plass  til plass, eller at faktene deira tidvis var ganske så markante, og heilt sikkert rare for alle andre rundt.

Ikkje ein gong i går tenkte eg at det her ikkje var ok.

Nei, i går, ved hjelp av nokre kjekke 8 åringar, kjente eg på at mine gutar er i eit fellesskap, dei vart ikkje oversett, dei vart inkludert, ved berre å få eit hei! Ei gjenkjenning, eit smil <3

Det betyr meir enn ord kan beskrive <3

For 4 år sida satt mormor i gate 7 med gutane mine, i ei nedblenda stove, med to gutar som satt under kjøkkenbordet og holdt seg for øyrene.

Dei var redde helikopter,språket var dårleg, nesten ikkje til stades i det heile, og forståinga var liten.

I går gjekk vi ilag på Måløydagane, og vi kosa oss <3

blogg 27 juni 2

Og mens leikjen endå var god, gav vi oss og satte kursen heim  til NordOppedalen, blide og fornøgde.

Eit lite stykke framgong, på mange forskjellige plan, både for mamma og borna, og ein dag verdt å sette i minnebanken som over middels ok pluss!

Eg er svært stolt av borna mine!

blogg 3 april 4

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

 

 

  • Sidsel Anita Ekblad Itland

    Dette gjorde godt å lese, og litt sårt. Kjenner at jeg nesten griner litt av glede over at fremgangen kommer sigende litt etter litt.