«Det er ditt ansvar»

28. juni 2016

Eg har skrive en tekst om «ansvar»- den omhandle ikkje AS Larsen direkte i alt, sjølv om kjenslene har vore der hos oss og..

Det er kvardagen til veldig mange, ikkje berre dei  som har born med born med autismespekter forstyrring.

Det handlar om ansvar, og kven som tek det, det handlar om likhet, det handlar om å trenge hjelp og det handlar om å bli trudd.

Når ein tek sitt ansvar.

 

«Det er ditt ansvar»

 

«Det er ditt ansvar å sørgje for at bornet ditt har alt det treng» ropar samfunnet i mot deg!

Viss ikkje så kjem vi.

Vi med makta, vi med paragrafane, vi som veit korleis standarden skal vere.

Vi som har lært på skulen, til og med fått ei grad, at det er på denne måten ein må gjere det for at alt skal vere bra, at ein skal få den kvardagen som er «riktig».

Tilbake sit du.

Mamma eller pappa- forelder.

Du som skal sørgje for at bornet ditt får det som treng, noko som går heilt fint, fram til den dagen då bornet ditt treng litt meir enn alle andre.

Den dagen bornet ditt går frå «bornet ditt» til «bornet ditt med diagnose».

blogg 8 april 1

Men framleis ditt ansvar.

Ditt ansvar går då ut på å skaffe den adekvate hjelpa som bornet ditt treng, for hjelp, det treng du!

Du skal vere samarbeidsvillig, lyttande, opplagt og ikkje minst fleksibel.

Det er nemleg ingen som legg møter etter kva du har på agendaen, du må innrette deg etter alle dei andre travle menneskja som skal møte deg, det skulle då blott bare mangle- DU har eit tross alt eit ansvar.

Men kven har ansvaret når ein ikkje får den hjelpa ein treng?

Når utfordringa vert ein kasteball mellom etatar der den eine tenkte at den andre skulle, men ingen har gjort det begge skulle ha gjort, egentlig?

Kven har ansvaret når den nødvendige helsehjelpa siv ut i ingenting?

Forskjellane som er så enorme i vårt land, på korleis man får hjelp til sitt born, bingo lottoen vi foreldre ofte møter, med at det er sakshandsamar som er nøkkelen.

Møte eg rett person?

Er det den som skjønar meg eller er det den andre?

«Klump i magen, hovudverk og klamme hender, så sårbar og ydmyk, og kjemperedd, vert eg trudd i dag?»

Den fantastiske kjensla som kjem når ein finn ei løysing, når ein endeleg kan føle at ein dele ansvaret- om enn berre litt..

Og den bunnlause fortvilinga når alt går på tverke, og den ansvarsfordelinga som skulle vore mellom samfunn og foreldre heller vert ei endå tyngre bør å bære.

Du står med begge beina i myra, den syg energi frå deg frå kvart steg du tar, men du kjempar deg vidare, skriv nye klagar, nye anker, tørke tårer og snørr, til søvnen tilslutt overmanne deg.

Avslag, skuffelse, misforståingar og rot.

Mange foreldre sin kvardag, mange familiar sin hemsko.

Ansvarsfråskriving som slit ut både liten og stor i ei verd der forståinga ikkje finnast, og tillit vert brutt.

«Men du tek ditt ansvar»

blogg 28 juni 1

Kor mykje hadde samfunnet spart på likhet?

Ikkje likhet mellom familiar, for dei treng forskjellig, men likhet i tenestetilbod, forståing for utfordring, og ikkje minst å bli trudd.

Kor mykje energi hadde ikkje mamma og pappa spart?

Og kor mykje lenger hadde ikkje bornet komt..

 

Om vi alle tok eit ansvar.

 

<3<3 Ragne Beate