Entries from juni 2nd, 2016



Flyttekaos og endring

posted on: 2. juni 2016

I dag tidleg vakna eg av ein pode som ville stå opp litt over 5, og idet eg vakna sånn skikkeleg, så tenkjer eg plutseleg:

«Kva er det vi har gjort??!!??»

De skjønar, sist gong vi flytta, då var gutane knappe året, så slutta dei å sove om natta.

Det har dei forsatt med.

Endringa frå å byte frå ei lita leilighet til eit stort hus vart for heftig.

Eg veit at mange born med autisme søv dårleg, men eg er heilt 100% overbevist om at det var det flyttinga som gjorde.

På den tida visste eg ikkje noko om at gutane hadde autisme, eller for den del ADHD, og dei var jo for små til å både forklare eller legge til rette må noko som helst slags måte.

Det hadde nok gått som det gjekk den gongen uansett, men det må vi unngå no!

blogg 25 mai 3

ALL ENDRING ER ENDRING!

Det må de aldri gløyme!

Det er ei endring å gå frå andre til tredje klasse, sjølv om klasserommet er likt, læraren er lik, elevane er dei same.

For kva er tredje klasse?

Korleis funkar tredje klasse?

Er det noko spesielt med tredje klasse?

Kan eg verkeleg GÅ i tredje klasse?

Ein må aldri ta det for gitt at eit born med autisme godtar ei endring, fordi alle andre gjere det.

Det er då ein mest sannsynleg går på ein smell!

Difor er ikkje berre berre å flytte med born med autisme, sjølv om du flyttar med.

Og det må ein ta høgde for.

Sjølv om mamma og pappa er med på lasset så er det så utruleg mykje som kan gå gale, som borna tenkjer på men som du ikkje tenkje på i det heile.

blogg 22 mars 1

Eksempelvis var eine guten vår skikkeleg uttafor eine kvelden han skulle legge seg.

Etter mykje om og men, dektektivarbeid og finne fram den mentale «1000 spørsmåls boka» i hovudet så fant eg ut at han var kjemperedd for at taxien skulle kjøyre feil.

Og at eg ikkje sto der når han kom heim.

Liten ting, noko eg har sikra meg på at ikkje kjem til å skje, men for han ei STOR greie.

Vi har hatt mange slike siste dagane, og det er mentalt svært krevjande for oss vaksne å klare å trygge slik at ein får den roa ein treng, her snakkar vi om å vere på.

Men, det må vi gjere, for det er einaste måten vi får nattesøvnen tilbake, og ikkje får andre kjedelege overaskingar i bakleksa.

Eg håpe eg med dette innlegget klare å vise kanskje de som ikkje har så stor forståing for autisme, kor mykje vi andre utan tar for gitt, men som dei med autisme ikkje gjere.

Og kor viktig det er at den kommunikasjonen vi har med born med autisme er lettfatteleg og tryggande  i alle ledd.

Inga endring er enkel- og alt kan vere ei endring.

Det er utgangspunktet vårt.

Det er start, for å nå målet må vi jobbe ilag.

Alltid.

blogg 7 jan 3

<3<3 Ragne Beate