«Oss to»

2. juli 2016

De bere begge på draumar, store tankar om kva de vil bli når de blir store, akkurat slik som alle andre born har.

Forskjellen er at de bere alle draumane ilag.

Ein kver ting de diskuterar, er det alltid «oss to»- aldri noko som skal gjerast åleine.

Det er så rart å sjå de, like som to dråpar vatn, med funksjonsnivå som er så forskjellig, lynne som er heilt forskjellig, men alikevel ein enhet, «oss to».

Aldri har det vore snakk om at den eine skal, og den andre ikkje.

blogg 27 mai 1

Flya som flyg over middelhavet i draumane de har, har enten to fly eller plass til begge.

Georg sit alltid fremst, han skal ha kontrollen, Laurits er copilot, han er alltid med.

«Du er like viktig der bak Lauriss»-seier Georg, « Du må hjelpe meg om noko skjer».

De ligg tett i tett ilag på sofaen, berre to hovud som stikk opp under pleddet, latteren kjem unisont , ofte på feil plassar i forhold til kva som er artig på filmen, men latteren kjem ilag.

Kanskje ler de av noko heilt anna, kva veit eg?

Verda de deler, den er så unik, så spesiell, med så mykje innhald som vi andre ikkje skjøner, men som er fundamentet i «oss to».

Verda der autisme, og tvilling relasjon er blanda i hop i salig suppe av mykje rart.

Rart for oss- ikkje for dykk.

blogg 17 mai 2

Eg har mange gonger tenkt på kor heldige de er, kor sosiale de eigentleg er som autistar, fordi de har kvarandre.

Kor mykje de lærer av kvarandre, kor mykje styrkene de har ilag vert til superkrefter.

Superkrefter i verda de ikkje fullt ut forstår.

Styrka i å vere «oss to».

Mamma sit på sidelinja og observerer, ofte med tårer i augekroken og ein klump i halsen, og med ei overveldande kjensle av takksamhet.

For, sjølv om vegen er kronglete, nederlaga tidvis store, og mamma blir både sliten og lei, så er vissheita om at de har kvarandre så utruleg god å kjenne på.

«Oss to»-aldri åleine <3

blogg 8 april 1

<3<3 Ragne Beate