«Eg er ikkje uoppdragen, eg berre svare deg ikkje»

5. juli 2016

Møte situasjonen- eg kallar den det.

Dette naturlege møtet mellom mennskje som skjer på gata, i butikken, på campingplassen, der det fell natuleg med ein dialog.

Desse møta går ein ikkje i dybda, ein snakkar ikkje om problem som har oppstått, eller deler andre personlege ting.

For å seie det sånn, det hadde kanskje vore artig å svart  «Vi har det berre heilt forferdeleg» på spørsmålet: «Hei, korleis går det med dykk?»

Det er nemleg «forventa» at ein får eit positivt tilbakesagn på spørsmålet: «Korleis står det til», i alle fall i desse møte situasjonane.

Også snakkar ein om veret- veret er safe.

blogg 4 juni 7

Dårleg ver kan gi litt lengre dialog enn om sola, fordi det er lettare å snakke lenger i negative vende enn positive av ein eller annan grunn.

Vi slit litt med desse møtesituasjonane- for å seie det mildt.

Denne small talken, den ligg berre ikkje for mine born- dei skjite regelrett loddrett i korleis du har det, korleis eg har det eller for den del korleis dei har det sjølve.

Dei svare deg ikkje, og det vert oppfatta som både uoppdragent og ufint.

blogg 23 juni 1

Så kva gjere mamma?

Joda, ho ruste seg for ein kver av desse situasjonane, gjere klart ørten hundre «Fasit svar» som ho febrilskt prøve å få bornet til å respondere på, for å redde oss ut av situasjonen.

«Hei, kva heite du?» henvendt til ein av gutane, blir foreksempel: «Du heite*…..* gjere du ikkje» i oppføljingsspørsmål frå meg- med ein gong!

Akkurat slik som vi gjere med positiv forsterking- på med ein gong.

Viss eg er griseheldig då, så får eg eit «*……* ja» frå guten.

Eg kan og få: «Bismack sank 24 mai 1941»

Uansett, eg fekk i alle fall ein reaksjon..

Det er ikkje alltid eg får det heller, mange gonger får eg berre tome auge og ein gut som strene derifrå utan å ha respondert på ein tøddel.

Då står eg der, med dilemmaet, skal eg forklare eller skal eg ikkje?

Før gjorde eg det, det var akkurat som å sette på eit band.

«Gutane mine har autisme, dei skjønar ikkje kvifor dei skal snakke med deg, dei likar ikkje lydar og lukter og dei oppføre seg tidvis ganske så rart.. osv osv..»

No er det ikkje alltid eg orkar det.

Eg snakkar heller vidare om veret, om sumaren som aldri kom eller at sola har stått fint på himmelen i dag.

Glattar over og håpe at den som eg snakkar med ikkje sit att med kjensla av uoppdragne born.

For dei er ikkje det!

Folk skulle berre visst kor mange timar vi har jobba, bare med å få dei til å stoppe opp, til å seie hei, til å ta kontakt.

blogg 28 juni 1

Pedagogen til den eine guten vår driv med det til dagen på skulen, å jobbe målretta mot at guten skal ta kontakt med andre born.

For han evne ikkje å gjere det sjølv, langt mindre å halde ein samtale som går utover «Hei, eg heiter..»

Evne ikkje..

Tenk for eit handikap det eigentleg er.. kor mykje det utgjere å kunne klare å snakke for segsjølv.

Kunne gje utrykk for kjensler, kunne forklare, klare å tolke.

Og i tillegg blir desse borna tillagt negative eigenskapar som å vere uoppdragen eller tverr.

Av oss vaksne!

Det er jo ikkje det at dei ikkje vil vere ilag med oss, for det vil dei, dei vil det så inderleg gjerne og, men dei veit ikkje korleis dei skal gjere det.

Dette sosiale handikappet som ikkje syner, men som er der så brutalt tilstades kvar einaste dag.

At ein ikkje skjønar kvifor det er slik, er heilt greitt, eg skjønar det ikkje sjølv heller.

Dette er autismens merkelege rom- som berre syne så godt i vår verd.

Men ein ting har eg lært meg, og lære du deg det og så kjem ein langt:

«Det går aldri ut på å ikkje ville, det går  derimot alltid ut på å evne å gjennomføre»

blogg 1 april 1

 

Different but not less <3

 

<3<3 Ragne Beate