Ein kan og måtte betale ein pris for det positive

7. juli 2016

Eit steg fram og to steg tilbake, slik oppleves livet med autisme for meg omtrent kvar einaste dag.

Det er ein berg og dalbane tur, der man berre må hive seg på og prøve å halde seg fast, samstundes som man suse igjennom ørten kjensler på ein gong.

Glad, irritert, oppgitt, stolt men alltid tilstades-i nuet, det er der du må vere og ingen annan plass.

Eg veit ikkje nokon annan plass man kan bli «straffa for» noko positivt, enn i verda med autisme.

Verda der ein i etterkant av ei kjempepositiv oppleving kan bli «straffa» med ein kjempereaksjon i etterkant.

Ser de at eg skriv «straffa» i klamme?

Eg skriv det fordi ordet «straffa» eigentleg er heilt feil, men det kan føles sånn alikevel.

blogg 27 april 2

Borna derimot kan ikkje noko for det, dei går ikkje inn for å lage et helsikkes leven fordi dei har så hinsides lyst.

Det gjere det fordi vi har bikka ei grense for kva vi kan tåle-av intrykk, både mentalt og fysisk.

Ein kan faktisk ryke strikken på positive opplevingar og meistring og, men det er det mange som ikkje skjønar.

Mange born med autisme kan får raserianfall etter kjekke ting som tivoli eller ein leir skule, eller gå i kjellaren etter ein kjempekjekk film dei har sett på kino.

Det er summen av opplevingar som set status for kva reaksjon ein får, sjølv om opplevinga har vore utelukkande positiv.

Er det ikkje rart?

Og, ikkje minst lett å misforstå.

Her har du lagt alt til rette, kanskje brukt uhorveleg med til å og få ting til å flyte, stor er du og for at det du har laga til faktisk fungerte, også kjem det ein kjempereaksjon i etterkant som overskugga alt du hadde jobba sånn med.

Det som vert hugsa var eksplosjonen, og ikkje dei 8 timane med meistring og glede i forkant.

Og, det går på deg, dine kjensler, ofte såra kjensler, og det er så lett å tenke:

«For ein utakknemleg unge!»

blogg 24 sept 1

Eg var sånn, eg er nok enda litt sånn, eg jobbe iherdig for å ikkje vere sånn!

For eg veit innerst inne så indeleg godt at det her rår ingen over.

Verken liten eller stor.

Det skjer, det har skjedd og det kjem til å skje.

Positive ting kan og komme med ein bismak..

Det berre er sånn!

blogg 7 jan 6

Eg prøve å sjå det som er før, og ta det som kjem etter for det det er, sjølv om det er mykje lettare skrive enn gjort.

Eg pleie å tenke på dei andre gongane, når alt berre er surerier i 8 timar, med lipper ned på knea  og sytestemme unisont.

Det er faktisk verre..

Men , dei er viktige dei og skjønne de..

For etter eit par dagar så kan du oppleve at bornet ditt snakkar om akkurat den sureturen som noko med det kjekkaste den har opplevd NOKON gong!!

«Utakk er verdas lønn!» tenkjer kanskje du då 😉

Livet med autisme er i alle fall ikkje kjedeleg!

<3 Livet <3

blogg 7 juli 1

Lat oss hugse det positive <3

<3<3 Ragne Beate

 

  • Jorunn

    Flott tekst igjen :). Dette har eg opplevd mest med mellomgutten min, som ikkje er autist, men som sliter litt sosialt og med et veldig temperament. Han har hatt det kanongøy, men tipper over og er heilt kjørt. Men hos meg er det ei jente med autisme, og da er det visst ikkje uvanleg at guttane i familien har nokre trekk dei og. Eldstemann hos meg stimmer, og får migrene ved overload, men er og ellers neurotypisk. Uansett, lurt å huske på at det er best å gi seg mens man er på topp!

  • Silje

    Takk for at du minte meg på dette. Det er naturlig at man som foreldre blir skuffet etter å ha følt at ma har strukket seg så langt for å tilfredstille sitt barn. Min sønn elsker offentlige transportmidler. Vi har, av den grunn, brukt mange ferier på å reise med både tog, trikk og t-baner for vår sønns skyld. Men vi får følelsen av at det aldri blir nok, og at han får alvorlige tantrums etter noen turer. Vi har spurt oss, er det virkelig verdt det? Og ja, det er det jo selvsagt. Fordi han lever på dette lenge etterpå, til tross for at han også betaler en pris for opplevelsen. Men det er viktig å bli minnet på dette, så takk!!!