Men størst av alt er forståelsen

24. juli 2016

Eg trudde lenge at det var tru, håp og kjærleik som var det største her i livet.

Banda ein trengte for å klare seg i ei skummel og ustabil verd, og moralen eg skulle lære borna mine, når dei vart store nok, til å skjøne dei verdiane som er viktigast for å bli gode samfunnsborgarar.

Å ha noko å tru på, ikkje nødvendigvis religion, det er noko ein må velje sjølv om ein vil ha i livet sitt, men trua på det gode, trua på at ein kan, trua på at ein kan gjere ein skilnad.

Håpet om at det skal gå bra, at ein jobbar framover med eit håp om at det kan løyse seg, og om det ikkje gjere det, så finne ein ny veg å gå, ei litt anna retning- noko som forhåpentligvis då går bra.

Og kjærleik.

Kjærleik til menneskje rundt seg, til livet sitt, den gode varme kjensla.

Verdien av ein god klem når ikkje alt går heilt på skinner.

blogg 18 nov 1

Alle desse tre står framleis sterkt i meg, og det vil det alltid gjere, men etter at eg fekk fleire born med funksjonshemming, og leve eit heilt anna liv enn det mange andre gjere, så ser eg at forståelse er det eg treng mest av alt.

Forståelse,som er vanskeliggast å få, og merkeleg nok, ganske så vanskeleg å gi og.

For å forstå, må ein fyrst og fremst gå ganske så langt ut av si eiga komfort sone og sjå verda i eit heilt anna lys.

Utradisjonelle metodar, andre løysinger, til og med løysinger som du sjølv ser på som totalt urealistiske- dei må aksepterast.

For- forståing kjem med ei god dose aksept og- aksept for det som er annerleis.

blogg 8 april 1

Eg må sjølv som mamma jobbe kvar einaste dag med min forståelse, frå eg åpnar augene mine kvar morning altfor tidleg, til eg stupe i seng somoftast altfor seint.

Forståelse for det ukjente- det sære- det facinerande og ikkje minst krevjande.

For det er det, utan tvil, krevjande.

Hadde det berre vore så enkelt at kjærleik kunne ha berga situasjonen så hadde eg vore vinnar nummer 1, for mammahjartet fløymer over av kjensler for borna mine kvar einaste dag!

blogg 14 feb 1

Men det er ikkje så enkelt.

Eg må jobbe med å forstå.

Forstå kvifor det avogtil skjære seg så inderleg over småting, eller kvifor tårene står i augene og ting flyr gjennom rommet når eg seier noko som eg meine høyres fornuftig ut, men som ikkje vert like godt mottatt hos mottakaren.

Eller at båtar er best når dei synk.

Eg må prøve å forstå kvifor vi berre kan ete ein type mat, på ein sort måte, eller at vi ikkje maktar å gå med kle som er eit minimalistisk hol i, sjølv om eg ikkje eingong ser det.

Og, kvifor ein repeterer filmscener og ler heilt i frå hjarterota, når ein eigentleg skulle gjere noko heilt anna- meir konstruktivt, meir vanleg.

Vanleg, kva er eigentleg det forresten?

Eg må skjøne kvifor folkemengde er så vanskeleg, at lydar øydelegg dagar, og at vi nokre gonger berre ikkje maktar å vere tilstades, sjølv om alle vi andre krev at du skal!

At nokre dagar berre går vekk i snurring og vas, og mammahjertet blør sine elvar når kontakta blir brutt for endte gong.

Ofte borte i veker, eller vert det månadar denne gongen?

Kvar er du lisje ven, kom tilbake til meg! KOM TILBAKE!!!

blogg 7 jan 6

Kva skjer viss eg ikkje jobbar med min forståelse av autisme?

Jo, det raknar.

Mine borns liv raknar.

Fordi dei er pukka avhengig av at vi rundt dei er genuint opptatt av å prøve å skjøne, prøve å forstå kvifor ting blir som det blir!

Prøvar å forså dei!

Ikkje berre autismen eller ADHD, ikkje diagnosa, men DEI!

Vi treng og ei forståelse som familie.

Kvifor vi gjere som vi gjere, og at dei vala vi tar dei tar vi fordi vi må, ikkje nødvendigvis fordi  vi vil.

Hadde ting vore anneleis så hadde vi ikkje gjort det slik.

Men livet vårt vart ikkje annerleis.

Eller, jo det vart vel det, men for oss er denne annerleisheita heilt normal.

Vi veit ikkje lenger noko anna—vi lev det livet vi vart tildelt, og prøve så godt vi kan å skjøne det.

blogg 15 desember 1

Aldri skjøne det fullt ut, det vil vi aldri klare, men vi vil aldri gje opp kampen med å prøve å forstå.

Mi tru har forandra seg, den er meir realistisk no, men håpet mitt er like sterkt.

Kjærleiken ber eg tidvis på utsida, gjere meg sårbar, men alikevel sterk.

Størst av alt er uansett forståelsen.

 

Vil du også prøve å forstå?

blogg 7 jan 3

 

<3<3 Ragne Beate