«Bornet har funksjonshemming, han skjønar sikkert ikkje uansett..»

27. juli 2016

Å stå på utsida og vurdere eit liv er ikkje enkelt , det veit eg alt om, med kunnskap kun om mine eigne.

Og det er no rart med det, vi menneske kan no berre vurdere det vi kan sjå, og resten må vi synse oss til.

«Ein kan sjå eit blåmerke på ein arm, men ingen arr inni eit hjarte», ikkje sant?

Difor er det og lett å gå i den fella å trur at menneskjer med funksjonshemming ikkje bryr seg.

At det er vel ikkje så nøye på om dei får det sånn eller slik, sidan dei tross alt har ei funksjonshemming og sikkert ikkje får det med seg alikevel.

Merke vel ikkje om ein må vere på institusjonen heile sumaren, utan turar ein hadde før, eller at ein ikkje fekk den middagen med taco som ein vart lova, men heller fekk fiskekaker, fordi det var det som var lett tilgjengeleg.

Både små og store ting, som er så lett på bare føyse vekk som. «Dei skjønar nok ikkje».

Verdighet blir liksom gradert utifrå kva ein trur at «brukaren» (hate framleis ordet men har ikkje eit betre å bruke enno-) skjønar eller ikkje.

blogg 23 juni 1

Så, no skal eg fortelje dykk ei oppleving eg hadde for eit par dagar sidan med eine guten vår:

«Eg opplevde nesten 5 år utan språk med mine gutar, ei tid eg huske tilbake på som krevjande og slitsom, men og utruleg kreativ,

Her snakkar vi om at vi omtrent sto på hovudet for å få både kontakt og prøve å finne ut kva gutane ynskje og tenkte.

Eg huske eg hadde kronisk vondt i høgre skulder og arm, då eg vart dratt i den konstant etter at gutane skjønte at det var via mamma ein fekk både, vått, tørt og kos <3

Vi opplevde og mykje rart i denne perioda, også ting som var like kjekt.

Men, det var jo ikkje episodar som vi fekk snakka noko særleg med borna om, sidan vi ikkje fekk respons tilbake.

Vi såg på det som episodar av liten verdi å hugse og rekna med at våre språklause born konkluderte med det same.

Trur eg, det var i alle fall ikkje naturleg at vi tenkte meir på det.

Vel.. plutseleg her ein dag, kjem eine guten min til meg, kryp opp på fanget mitt, og ser på meg med store tårer som renn nedover anletet hans.

Så seier han :

«Mamma, eg er lei meg for vasen eg knuste på festen då eg var 3 år»

Eg fekk gåsehud!

Hugse han verkeleg det?

Eg hugse det godt, men det er ein episode vi ikkje har nevnt sidan, fordi det kom ein del kommentarar i etterkant som var svært vonde for oss foreldre.

Den episoden er ein av dei eg har lagt vekk- langt vekk- og bornet mitt hugsar den.

Sterkt prega av autisme som han var på den tida, utan språk, og der snurring var det mest givande han kunne finne på.

Han HUGSAR at han knuste ein vase, og kjem 5 år etterpå er oppriktig lei seg for kva som skjedde!»

blogg 27 mai 1

Tenk på det!

Kva anna ligg der inne i harddisken? Av opplevingar dei har hatt som dei kanskje har følt både krenkande og anna, men som dei ikkje har klar å fortelje om?

Blitt undervurdert- fordi dei har funksjonshemming- «det er vel ikkje så nøye».

men også alle opplevingane som har vore bra, som vi har gitt dei, som dei ikkje har gitt utrykk for er bra, men som er det alikevel <3

Eg er ikkje synsk, og kjem aldri til å bli det heller.

Eg kjem aldri til å klare å krype inn i hjerna til borna mine for å finne ut kva som føregår der etter ein kvar episode.

Men eg kan ha haldninga om å behandle både mine eigne og andre med funksjonshemming med verdighet, med respekt og på den måten eg sjølv ynskjer å bli behandla på.

Fordi det er nøye!

Fordi dei skjønar meir enn du trur!

Fordi dei er likeverdige menneske!

blogg 2 nov 1Different, but not less <3

 

 

<3<3 Ragne Beate